Den norske ambassaden i Tanzania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den norske ambassaden i Tanzania
StadDar-es-Salaam
Kart
Den norske ambassaden i Tanzania
6°48′46″S 39°17′28″E / 6.8129°S 39.2912°E / -6.8129; 39.2912

Den norske ambassaden i Tanzania er ein norsk utanriksstasjon som ligg i sentrum av Dar-es-Salaam, den kommersielle hovudstaden i Tanzania.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det diplomatiske sambandet mellom Noreg og Tanzania vart oppretta den 28. september 1964. I 1975 opna Noreg ambassade i landet. I 1981 kom Harald og Sonja på tolvdagers besøk, men budde ikkje i ambassaden.[2] Sonja var tilbake i 1984 og budde då i ambassaden.[3] Tanzania har ikkje ambassade i Noreg.

Norsk bistand til Tanzania hadde starta i 1962 då gjennom Norsk Utviklingshjelp (i dag Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad)). Då Arild Eik vart ambassadør i 1993 vart ambassaden og Norad-kontoret lagt på same stad.

Ambassadørar til Dar-es-Salaam har vore:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om ambassaden», Norgesportalen (på norsk), henta 9. mai 2019 
  2. Ifølge Bjørn Thomas i artikkelen Spennende Afrika-reise for Sonja og Harald i VG den 14. november 1981, budde Sonja og Harald i det gamle britiske generalguvernør-palasset «State House».
  3. Brita Rosenberg, Fløyelsmyk tropenatt møtte kronprinsessen i Aftenposten den 20. mars 1984.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]