Den norske grunnlova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike. Regjeringsforma er avgrensa og arveleg monarkisk.

§ 1 i Grunnlova etter språkrevisjonen 6. mai 2014.
Den norske grunnlova i plakatform, frå 1827.
Den nynorske grunnlova i plakatform, frå 2014.

Den norske grunnlova er ei grunnlov som stammar frå 1814. Ho er den høgste rettskjelda i Noreg, og legg grunnlaget for statsforma i landet.[1] Grunnlova, naturretten, konstitusjonell sedvanerett, menneskerettane og internasjonal rett utgjer dei viktigaste fundamenta for norsk statsform, rettsforståing og lovverk.

Grunnlova byggjer på folkesuvereniteten som reknar med ein viss samfunnskontrakt mellom folket og dei som styrer, og på maktfordelingsprinsippet mellom dei ulike maktorgana i landet.[2] Ho slår fast at folket legitimerer makta gjennom å utnemna den lovgjevande makta (Stortinget). Lova tek også for seg tilhøvet mellom denne lovgjevande makta, den utøvande makta (regjeringa) og den dømmande makta (domstolane).[1]

Den norske grunnlova blei vedteken 16. mai 1814, og er blant dei eldste grunnlovane i verda som framleis er i bruk.[3] Ved stortingsvedtak 6. mai 2014 vart språket i grunnlova omsett frå 1800-tals dansk, slik at det no er to offisielle utgåver av lovteksten - éin på «tidsmessig bokmål» og éin på moderne nynorsk.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Eidsvollsamlinga, måla av Oscar Wergeland.

Kongeriget Norges Grundlov blei vedteken av RiksforsamlingaEidsvoll den 16. mai 1814 av 112 menn og underskriven den 17. mai.[2] Lova blei sanksjonert av den valde kongen, Kristian Frederik (kronprinsen av Danmark), to dagar seinare.[5] Etter ein kortvarig krig med Sverige vart Noreg tvinga inn i personalunion med Sverige og måtte revidere grunnlova i høve til dette 4. november 1814, til den såkalla Novembergrunnlova.[2] Desse endringane blei omgjorde ved oppløysinga av den vel 90-årige unionen 7. juni 1905 – byrjinga på sjølvstendet til det moderne Noreg.

Grunnlova var inspirert av den amerikanske sjølvstendeerklæringa i 1776 og menneskerettserklæringa frå den franske revolusjonen i 1789, og dei påfølgjande amerikanske og franske konstitusjonane. Då ho blei til var den norske grunnlova blant dei mest radikale grunnlovene i Europa.

Språkføring[endre | endre wikiteksten]

Grunnlova var opphavleg skriven på dansk, og seinare grunnlovsendringar fekk same språkdrakt. Språket blei først modernisert til bokmål og nynorsk i 2014.[2] Ei nynorsk omsetjing av grunnlova vart skriven av Nikolaus Gjelsvik på oppdrag frå Justisdepartementet i 1901. Denne vart fremja som grunnlovsforslag av sju stortingsrepresentantar 15. juni 1906. Dette forslaget vart avvist.

Før 200-årsjubileet for Grunnlova hadde eit utval leidd av Hans Petter Graver utarbeidd framlegg til ny bokmålstekst og nynorsktekst. Desse framlegga vart forkasta av Stortinget med 82 mot 87 røyster. I staden vart ei framlegg på riksmål, utarbeidd av Finn Erik Vinje, vedtatt med 165 mot 4 røyster, samtidig som nynorskteksten frå Graver-utvalet vart vedtatt med 168 mot éi røyst.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Om grunnloven», stortinget.no
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Gisle, Jon, «Grunnloven» (10. mai 2014), Store norske leksikon. Henta 11. mai 2014.
  3. Berg, Ole T., grunnlov (9. august 2013), Store norske leksikon. Henta 11. mai 2014.
  4. «Stortinget har vedtatt språklig fornyelse av Grunnloven og en versjon av Grunnloven på nynorsk», Stortinget.no (08.05.2014)
  5. «Grunnloven 1814», maihaugen.museum.no
  6. «– Ein historisk dag for nynorsken«, Framtida (6. mai 2014); «Grunnlovsforslag om en nynorsk versjon av Grunnloven», Stortinget.no

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource Wikikilden:GrunnlovenWikikilden (frie originaltekstar)