Den norske løva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den norske løve)
Den norske løva med krum hellebard under «dansketida», 1733.
Det norske riksvåpenet slik det blei approbert av kong Oscar I 10. juli 1844.
Riks- og kongevåpenet teikna av Eilif Peterssen, innført ved Kgl. res. 14. desember 1905
Det norske riksvåpenet i noverande, offisiell utgåve teikna av Sverre Morken i 1992.
Løva som brukt av statlege styresmakter utan skjold eller heraldiske fargar (tinkturar).
Det norske kongeflagget er eit rektangulært våpenbanner frå 1905 og kan likna litt på den smale lansefana i Ingebjørg Håkonsdotter sitt segl frå 1318. Kongeflagget har fargane og figurane frå riksvåpenet og kongevåpenet. Teikninga viser kongeflagget frå 1905 med løva slik ho blei utforma av Eilif Peterssen.

Den norske løva viser til løvesymbolet brukt i det norske riksvåpenet og i andre norske nasjonalsymbol. Dette er ei løve som står på ein eller to baklabbar (i heraldisk blasonering uttrykt som ei opprett løve). Løva held ei øks eller hellebard i framlabbane og har ei open bladkrone på hovudet.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Den norske løva var godt kjend blant folk i unionstidene med både Danmark og Sverige. Løva var avbilda på trykksaker frå styresmaktene, i kyrkjedekorasjonar, på mynt, segl, stempel, militære faner og seinare på frimerker og liknande merke. Riksvåpenet eller den norske løva var eit svært utbreidd motiv i norsk folkekunst, måla eller utskoren. I dette skil norsk folkekunst seg frå den til nabolanda, der riksvåpen berre sjeldan finst som motiv. I mange avbildingar kan løva og krona, øksa eller hellebarden hennar vera meir eller mindre naturalistisk eller heraldisk stilisert.

I den dansk-norske unionstida var «Den norske løve» eit namn på mellom anna skip i den sjømilitære flåten. Fortet Norske Løve blei oppført på Vealøs i Horten i 1850-åra.

I fleire periodar, mellom anna ved unionsoppløysinga i 1905, har orda «Den norske løve» vore brukt populært som uttrykk for norsk sjølvstende, nasjonalisme, patriotisme og liknande haldningar. I dikt og litteratur har ein også brukt løva på liknande måte, eventuelt for å ironisera over slike haldningar eller for å ta avstand frå dei.

Den Norske Løve var namnet på ein norsk orden som blei innstifta av kong Oscar II i 1904 for å markera norsk likestilling med Sverige i unionen. Ordenen skulle rangera like høgt som den ærverdige svenske Serafimerordenen. Som tiltak for å sikra kongehuset og unionen sin popularitet kom initiativet for seint. Ordenen blei berre tildelt medlemmer av kongehuset og utanlandske statsoverhovud Det nye kongehuset etter 1905 valde å la Den Norske Løve kvila og brukte berre St. Olavs Orden som heidersteikn.

«Den Norske Løve» er også namnet på ein populær marsjmelodi av komponisten Oscar Borg. Denne blei opphavleg lansert under namnet «Leve Unionen», men måtte skifta namn etter unionsoppløysninga.

Den norske løva er avbilda i fana til bogekorpset Nordnæs Bataillon i Bergen og i fana til Jemtland.

Historiske variantar[endre | endre wikiteksten]

1200-, 1300- og 1400-talet[endre | endre wikiteksten]

1600- og 1700-talet[endre | endre wikiteksten]

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]