Den norske riksgrensa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den norske riksgrensa ██ Svenskegrensa██ Finskegrensa██ Russergrensa

Den norske riksgrensa dannar grensa mellom Noreg og dei tre landa Sverige, Finland og Russland, og er til saman 2531 kilometer lang. Av dette er grensa mot Sverige (svenskegrensa) 1619 kilometer, mot Finland 716 kilometer og mot Russland 196 kilometer.

Avmerking[endre | endre wikiteksten]

Ei riksgrenserøys på grensa mellom Sverige og Noreg; røys nummer 272

Riksgrensa er merka i terrenget med grensemerke, dei fleste i form av grenserøyser, mot Russland for det meste med parvis nummererte stolper på russisk og norsk side av sjølve grenselinja, og i skogsområde med eit belte som er rydda for tre, ei såkalla grensegate. Opphavleg var det 374 grensemerke, dei aller fleste røyser. Riksgrenserøysene er oppmurte av naturstein, eller i nyare tid òg bygd i betong, og har form av om lag 1½ meter høge kjegler med avskoren topp, to meter i tverrmål i botnen og 1½ meter tverrmål i toppen. I toppen av dei står innmurt inntil ein meter høge steinplater, såkalla hjartesteinar, som har nummeret på røysa, byggjeåret og namnet på den regjerande kongen innhogd. Dei fyrste av disse røysene var bygd i 1661 i grensa mellom Noreg og Bohuslän (Båhuslen) i Sverige. Resten av svenskegrensa fekk røyser i åra 1754 til 1764, til saman 294 røyser. Grensa mot Finland vart merka med 59 røyser i 1790-åra, og grensa mot Russland fekk 10 røyser i tida etter 1826. Seinare er det bygd nye røyser kvar gong grensa vart gått opp att, slik at det i 2005 var til saman meir enn 800 røyser på heile strekninga.

Treriksrøysa, som markerer punktet der grensene mellom Noreg, Sverige og Finland møtast.
Grensa mellom Russland og Noreg i Finnmark. Grensa er merka med parvis nummererte stolpar, dette er stolpepar nummer 299. Den gule-svarte stolpen står på norsk side av grensa, og den raud-grøne på russisk side. Grensa går ein stad mellom dei to stolpane, slik det er markert på særskilte kart for kvar av stolpepara langsetter grensa. Det er soleis ikkje ein fast avstand mellom dei to stolpane i alle stolpepara langs grensa, og grensa treng ikkje å gå nett midt mellom dei to stolpane.

Fastsetjing[endre | endre wikiteksten]

Grensa mellom Smålenene (Østfold fylke) i Noreg og Bohuslän i Sverige vart fastsett ved ein traktat i 1661. Ved ein traktat frå 1751 vart resten av svenskegrensa fastsett, inklusive grensa mot Finland, som då låg under Sverige. Det samiske fellesområdet i indre Finnmark vart lagt under Noreg, etter at til dømes Kautokeino og Karasjok (Avjovarre) hadde lege under svensk jurisdiksjon fram til dess. Eit tillegg til traktaten med nemninga Lappekodisillen tryggja grunnlaget for det samiske folkets eksistens ved framleis å gje dei rett til å gjere seg nytte av naturgodane på båe sider av riksgrensa, ha mykje eigen forvaltning og rett til nøytralitet, ein intern domstol og anna. Etter at Finland og Sverige skilde lag i 1809, vart ei strekning av den nordlegaste svensk-norske grensa frå 1751 oppretthalde som grense mellom Noreg og Finland. Resten av grensa mellom Noreg og Finland vart fastsett ved ein grensekonvensjonen med Russland i 1826, som delte dei skolte- eller østsamiske fellesområda mellom Finland, Russland og Noreg ved at Jakoboselva vart grenseelv. Sidan dess har ikkje Noregs fastlandsgrense mot grannelanda vorte monaleg endra.

Ved ei lov frå 1950 er det fastsett korleis riksgrensa skal merkast opp og overvakast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]