Den norske sagbladfabrikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den norske sagbladfabrikk var eit føretak i Oslo som produserte motorsager med merkenamnet Comet. Comet-sagene hadde totakts gløderørsmotorar, som er råoljemotorar som er svært like glødehovudmotorar. Saga var konstruert av Rasmus Wiig frå Kongsberg[1]. Den fyrste Comet-saga kom på marknaden i 1949 og hadde ein masse på berre 8,5 kg. Ho var difor så lett at ho kunne nyttast til kvisting.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lee, D., Chainsaws: A history, Harbour Publishing, 2006.