Den norske skole Costa Blanca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den norske skole Costa Blanca (DNSCB) er ein norsk privatskule (grunnskule og vidaregåande opplæring) i Spania med statsstøtte, og som fylgjer norske læreplanar. Eigar av skulen er Fundacion Noruega Costa Blanca, som er ei spanskregistrert stifting med Ellen Watkinson som leiar.[1]

Skulen ligg i Alfaz del Pi kommune på Costa Blanca i Alicante-provinsen i Valencia-regionen i Spania. Alfaz del Pi ligg om lag 40 minutts køyring frå flyplassen i Alicante, og to timar køyring frå flyplassen i Valencia. Kommunen Alfaz del Pi er liten i flatemål og i folketal (i overkant av 20000 innbyggjarar). Elevane som går på skulen bur hovudsakleg i Alfaz del Pi eller i grannekommunar som Altea, La Nucia, Finestrat, Benidorm eller Villajoyosa.

DNSCB vart skipa i 1972, og er den største av alle norske utanlandsskular, med godkjenning av opplæringstilbod for til saman 305 elevar. DNSCB er medlem i Godkjente Norske Utenlandsskolers Forening (GNUF). Skulen er fulldelt (= har alle klassesteg) 1.-10. klasse i grunnskulen og tilbyr vanleg treårig studiespesialisering, VG1 helse- og oppvekstfag og VG2 helsearbeidarfag. På studieførebuande vidaregåande skule har DNSCB særleg mange valfrie fagtilbod innanfor samfunnsfaga (sosiologi og sosialantropologi, politikk og menneskerettar og historie og filosofi). Skulen gjev tilbod om spanskopplæring til alle.

Lærarane ved skulen har norsk godkjend lærarutdanning, og det er sterk tevling om lærarstillingane ved skulen. Den norske skole Costa Blanca samarbeider nært med Noregs største universitet, Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet (NTNU) om lærarutdanning og har grunnskulelærar- og lektorstudentar derifrå i praksis i periodar. DNSCB samarbeider ogso nært med NTNU om forsking og skuleutvikling, særleg mykje innanfor samfunnsfaga.

Skulen gjev tilbod både for heiltids- og deltidselevar, og har skulefritidsordning for elevar i 1.-4. klasse. Skulen har kantine som sel varm og kald mat og frukt, og har dessutan symjebasseng.

Skuleleiing og kontakt[endre | endre wikiteksten]

Rektor ved skulen er Jorid Skinnehaugen Myhre og viserektor er Nils Petter Lie-Gjeseth.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå informasjon om skulen på www.costablancaskole.com, henta 5. august 2019.