Den norske språkstriden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den norske språkstriden har i hovudsak knytt seg til striden om skrivemåten av det norske språket.

Striden har opphav i at Noreg mista norsk som offisielt skriftspråk i dansketida, da det berre vart skrive dansk i offisiell samanhang her i landet. Det norske talemålet, som hadde nådd det nynorske utviklingsnivået sitt frå 1500-talet av, levde derimot vidare i dei breie laga av folket. Midt på 1800-talet reiste Ivar Aasen ikring i landet og samla dialektprøver. På grunnlag av desse dialektgranskingane, og med det norrøne opphavsmålet til rettesnor (jamfør former som barn og hovud), rekonstruerte han eit norsk skriftspråk. Han kalla det landsmål, og det er opphavet til dagens nynorsk. Dagens bokmål har sitt opphav frå ei norsk-tilpassing av det danske skriftspråket som blei nytta på slutten av 1800-talet.

Målstrid på like vilkår?[endre | endre wikiteksten]

Det har da sidan slutten av 1800-talet funnest to skriftlege standardspråk i Noreg; bokmål og nynorsk. Striden mellom tilhengarane av desse to målformene er det som blir kalla språkstriden eller målstriden. Nynorskforkjemparar har ofte hevda at striden ikkje har vore jambyrdig, med di dei syner til at bokmålsfolk har hatt tilgang til større økonomiske ressursar og sete med det som ofte vert kalla for det kulturelle hegemoniet i samfunnet. Kampen for nynorsk blir kalla målreisinga.

«Bokmålsveldet», «bokmålshegemoniet» og det «norskdanske måldaningsidealet» er nemningar som alle har vorte nytta frå nynorskhald på det faktumet at bokmålet i kraft av si makt-stode i samfunnet får leggja premissane for korleis folk flest tenkjer om språk, det gjeld både eige og andre sitt tale- og skriftmål.

Det sokalla «bokmålshegemoniet» verkar slik at mange som objektivt talar ein dialekt der alle grunntrekka er meir i samsvar med nynorsk enn med bokmål, likevel oppfattar nynorske ord og og seiemåtar som «unaturlege» og reserverer seg mot nynorskbruk. I mange store aviser og vekeblad er det framleis redaksjonelt forbod mot nynorsk. I mange små er det i praksis nærpå likeins, også i språknøytrale og språkblanda kommunar. Ofte blir det bruka som argument mot nynorsken at han i liten grad er å sjå utanom skulen. På den måten blir resultatet av diskrimineringa av nynorsken i det offentlege rommet, ikkje minst i massemedia, eit argument mot nynorsk i skulen og i personleg bruk au.

Noregs Mållag seier det slik: «Det er (---) viktig å få forståing for at stoda for nynorsk i skulen heng saman med den posisjonen nynorsken har elles i samfunnet. (---) Dei største riksavisene har framleis meir og mindre forbod mot nynorsk på redaksjonell plass.» (Arbeidsprogram for Noregs Mållag 2005-08: Nynorsk som bruksspråk - synleg for alle).

Nynorsk skriftmål blir «vanskelegare» å lære og å bruke når det er så sjeldan å sjå, og såleis er språkstriden i stor grad eit spørsmål om makt, og ingen fri debatt på like vilkår. Dette er bakgrunnen for mållagskampanjen «Slepp nynorsken til!», og blir jamvel slått fast i regjeringserklæringa til den raudgrøne regjeringa, der det m.a. heiter: «Nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskeligere vilkår. Det er derfor særlig viktig å sikre nynorsken gode utviklingsmuligheter.»

Språkstrid i dag[endre | endre wikiteksten]

Fram til andre verdskrigen gjekk det stadig framover med nynorsken, på den måten at fleire og fleire skulekrinsar tok i bruk nynorsk som opplæringsmål, stadig meir litteratur kom ut på nynorsk, og målet vart vanleg i bruk over store delar av landet.

Etter krigen kom bokmål sterkt attende, særleg i Nord-Noreg, Trøndelag og på Austlandet, og i dag har over 85 prosent av skuleelevane bokmål som hovudmål. Men nynorsk òg har fått ein sterk posisjon på landsbasis, ved at Noreg har fått store og viktige nynorskinstitusjonar, som Det norske teatret, Det norske samlaget, Nynorsk kultursentrum og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Målstriden har kjølna, og sjeldan har motstanden mot nynorsk vore så liten som no, 100 år etter stiftinga av Noregs mållag.

Men dét tyder på ingen måte at interessa for språk har gått attende. Språk er in i tida, og særleg er teknologi ein pådrivar for nye måtar å bruka språk på. At folk framleis er opptekne av språkstrid, veit mellom anna reklamefolk å utnytta, til dømes i reklamekampanjen for riksmålsavisa Aftenposten i desember 2006, med blikkfang som «Say NO to nynorsk», «Nynorsk må bli alminnelig», «Nynorsk i skolen?» og «Her kan du slippe nynorsk».