Den norske studentersangforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den norske Studentersangforening etter å ha vunne ei kor-tevling i Sverige i 2004

Den norske Studentersangforening er det offisielle mannskoret ved Universitetet i Oslo. Koret vart skipa 10. juli 1845 av Johan Diederich Behrens, som var dirigent for koret i 40 år.

Koret har framført mange ulike korverk for fyrste gong, mellom anna «Ja, vi elsker dette landet», og har som tradisjon å halde ein gratis friluftskonsert for publikum framfor Domus Media, «på Aulatrappa», på Universitetsplassen i Oslonasjonaldagen 17. mai med eit program som høver til dagen. Elles held koret konsertar både åleine og saman med andre utøvarar året rundt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]