Den norske visebølgja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Visebølgja er ei musikk- og kulturrørsle som i Noreg starta midt på 1960-talet. Bølgja hadde høgdepunktet sitt på 1970-talet. Viser blir tradisjonelt assosierte med den einslege trubaduren med gitar. Frå 1960-talet og utover omfattar viseomgrepet tekstlege og musikalske uttrykk innafor dei fleste musikksjangrane og med stor spennvidde i kompleksitet, men teksten vil alltid vere eit sentralt element.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Før bølgja kom[endre | endre wikiteksten]

Visens venner og Søndagsposten[endre | endre wikiteksten]

Otto Nielsen fotografert av Rigmor Dahl Delphin i 1964. Foto i Oslo Museums samlinger.[1]

Visens venner vart etablert i 1944 «med formål å dyrke, verne og fremme den gode vise», og var ei lukka foreining der medlemmane måtte inviterast inn. Dei 10 songane i Visens venners viser, første samling (1950) gir tydelege hint om retninga. Det er skillingsviser, romantiske viser og folkelege viser med datidas revypreg.[2] Foreininga stod i nær kontakt med NRK, ikkje minst gjennom medlemmen Otto Nielsen som i oktober 1957 starta Søndagsposten. Radioprogrammet vart ein viktig scene for visediktarar frå heile landet. Innsende tekstar fekk melodiar laga av Otto Nielsen, Bjarne Amdahl, Finn Ludt, Johan Øian og andre komponistar frå miljøet omkring Visens venner, medan andre bidragsytarar laga både tekst og melodi. Mange av visene vart gitt ut på plate og ein god del vart store slagerar. Vidar Sandbeck fekk i 1958 eit gjennombrot med «Pengegaloppen» som først vart framført i Søndagsposten.[3] Andre klassikarar som stammar frå Søndagsposten, er «Julekveld i skogen» (tekst Astow Ericson, melodi Otto Nielsen), «Trubadurvise» (tekst Einar Skjæraasen) og «Ofelias vise» (tekst og melodi Hartvig Kiran). Faste medarbeidarar som Alf Prøysen og Erik Bye bidrog også til programmet.[4] Sjølv om den kommande visebølgja skulle hente mykje av inspirasjonen frå andre kantar av verda, vart også desse visene sungne i viseklubbar og på festivalar gjennom dei neste tiåra.

Tidleg påverknad frå USA[endre | endre wikiteksten]

Woody Guthrie var ei viktig inspirasjonskjelde for store delar av den nye amerikanske folk song-bølgja.

Ein gjengangar under gitarkurs i viseklubbar skulle bli visa «Tom Dooley», som Lillebjørn Nilsen tok med i si gitarbok i 1973. Songen vart ein internasjonal hit i 1958 med gruppa The Kingston Trio, men stammar frå andre halvdel av 1800-talet. På nyåret 1959 toppa han VG-lista i fleire veker. Ei rad amerikanske artistar som hadde suksess i Noreg på 50-talet, framførte versjonar av gamle songar. Mellom desse var Harry Belafonte, Paul Robeson og Burl Ives, utøvarar som høyrde til «American folk music revival» i etterkrigstida. Andre sentrale aktørar i denne fornyinga av den nordamerikanske songtradisjonen var Pete Seeger, Woody Guthrie, Odetta, Josh White, Lead Belly, Cisco Houston og Bess Lomax Hawes.

The Kingston Trio var inspirert av The Weavers som Pete Seeger var med på å starte i 1948, ei gruppe som baserte seg på gitar, banjo og fleirstemt song. Gjennombrotet for The Weavers kom i McCarthy-perioden i amerikansk politikk, noko som bidrog til at gruppa tona ned det radikale engasjementet sitt. Resultatet var skarp kritikk frå den politiske venstresida.[5] Pete Seeger var like fullt ein av mange som vart skylda for uamerikansk verksemd, og i 1955 vart han svartelista for sju år.[6]

Den nye folkemusikkbølgja var prega av engasjement og samfunnskritikk som for ein stor del kan sporast tilbake til slutten av 1800-talet og framveksten av arbeidarrørsla. På 1930-talet vart denne songtradisjonen karakterisert som «progressive folk». Ein av dei mange agitatorane som brukte song og musikk som politisk våpen, var svenskamerikanske Joe Hill (fødd Joel Hägglund, 1879-1915) som var medlem av fagorganisasjonen Industrial Workers of the World. Mange år etter at han døydde skulle han sjølv bli tema for ein song der moralen er at det ikkje er mogeleg å gjere ein songar taus ved å drepe han, så lenge songane lever vidare i andre.[7]

Mot slutten av 1950-talet hadde det utvikla seg miljø for akustisk song og musikk på collegecampusar, i klubbar og i «coffeehouses». Begrepet «hootenanny» vart i folk-miljøet brukt om uformelle arrangement med open mikrofon, eller som Joan Baez sa i 1962: «A hootenanny is to folk singing what a jam session is to jazz.»[8][9] I 1959 vart den første Newport Folk Festival arrangert i Rhode Island med Pete Seeger som ein av styremedlemmane. Her dukka 18 år gamle Joan Baez opp som uannonsert gjest i eit innslag med folkesongaren Bob Gibson. I løpet av dei neste åra gav ho ut fleire plater med i hovudsak tradisjonelle viser, og vart ein sentral forgrunnsfigur for den nye folkemusikkbølgja. I 1963 var det hennar tur til å ha ein gjest under Newport-festivalen, nykommaren Bob Dylan.[10] [11] Ho vart snart også lagt merke til i Noreg. [12]

Peter, Paul and Mary under «March on Washington for Jobs and Freedom» i august 1963.

Mange folkesongarar var aktive i kampen for borgarrettar i USA. Da Martin Luther King Jr. 28. august 1963 heldt sin berømte tale i Washington («I have a dream»), stod også Mahalia Jackson, Marian Anderson, Joan Baez, Bob Dylan, Peter, Paul and Mary, Odetta og Freedom Singers på scenen. Baez var forsongar da folkemengda song «We Shall Overcome». Peter, Paul and Mary framførte mellom anna den ferske hiten sin, «Blowin' in the Wind», ein versjon som i utgangspunktet hadde større kommersielt gjennomslag enn originalen til Bob Dylan, også i Noreg.[13]

Mange unge artistar hadde i periodar tilhald i Greenwich Village i New York, og ein god del av desse fekk platekontrakt, som Dave Van Ronk (1959), Joan Baez (1960), Judy Collins (1961), Bob Dylan, Peter, Paul and Mary (1962), Phil Ochs, Buffy Sainte-Marie, Simon & Garfunkel, Tom Paxton (1964), The Mamas & the Papas, Gordon Lightfoot (1966) og Richie Havens (1967).[14]

Etter kvart begynte folkesongarane å dukke opp i norske platebutikkar og i norsk radio, ikkje minst i programma til Rosa Seierstad. Gjennom grammofonkabaretane hennar vart lyttarane kjent med ikkje berre den amerikanske visetradisjonen, men også den svenske, danske, franske og tyske.[15] Kari Svendsen er eit eksempel på direkte påverknad. Fascinasjonen hennar for banjospelet til Pete Seeger kom etter at ho hadde høyrt han i eit av desse programma.[16]

Rosa Seierstad var ikkje den einaste som spelte denne musikken. Eit karakteristisk eksempel er programmet Ord mot krig. Stemmer fra vår egen generasjon. 28. desember 1965 med Tor Åge Bringsværd som programleiar og songinnslag med Joan Baez, Ulla Sjöblom, Tom Lehrer og Jan Malmsjö.[17]

Den svenske visetradisjonen[endre | endre wikiteksten]

Tre artistar platedebuterte i 1961 på den relativt ukjente LP-en Trubadurer & poeter: Olle Adolphson med to heilt eigne viser og to der teksten var av Beppe Wolgers, Lars Forssell med eigne gjendiktingar frå fransk av Georges Brassens og Henri Salvador, og Alf Hambe med fire eigne viser.[18] Med tanke på kor sentrale desse tre skulle bli, er det mogeleg å kalle utgivinga starten på den nordiske visebølgja. Samtidig seier platetittelen noko om den sterke posisjonen visa hadde i Sverige, der ordet «trubadur» er blitt brukt omtrent som det engelske «singer-songwriter», og viser til ein person som til enkelt akkompagnement framfører eige materiale eller songar frå den svenske visetradisjonen. I Sverige har poetar gjerne vore trubadurar - og trubadurar poetar, frå Carl Michael Bellman (1740-95), via Gunnar Wennerberg (1817-1901), Birger Sjöberg (1885-1929), Dan Andersson (1888-1920) og Evert Taube (1890-1976), opp til nyare tid.

Frå venstre: Cornelis Vreeswijk, Fred Åkerström (midten) og Gösta «Skepparn» Cervin under Vietnamdemonstrasjon på Hötorget i Stockholm 28. august 1965.

Frå 1962 til 1969 var «Vispråmen Storken» i Stockholm sentral i utviklinga av «den svenska visvågen». Fred Åkerström skal ha blitt oppdaga medan han arbeidde i garderoben om bord.[19] I 1963 kom albumet Fred Åkerström sjunger Ruben Nilson. Han følgde opp med å gi ut viser av Birger Sjöberg (1964) og Fritz Sjöström (1965). Med Dagsedlar åt kapitalismen (1967) dreidde han repertoaret i politisk retning, men vende stadig tilbake til klassikarane. Debuten til Cornelis Vreeswijk, Ballader och oförskämdheter (1964), inneheldt berre eige materiale, men også han skulle seinare tolke Taube, Bellmann, Forssell med fleire.

Andre som stod på scenen om bord i «vispråmen», var Finn Zetterholm, Ewert Ljusberg, Git Magnusson, Gösta «Skepparn» Cervin, Sid Jansson, Stefan Demert, Jeja Sundström, Torgny Björk, Robert Broberg, Pierre Ström, Margareta Söderberg, Bengt Sändh, Lasse Berghagen og Marie Bergman.[20][21]

I 1966 vart den første VisFestivalen i Västervik arrangert, noko som seinare er gjentatt kvart år.

I tillegg til Bellmann og Taube, fekk Åkerström og Vreeswijk tidleg eit stort norsk publikum. Kor viktige dei svenske trubadurane vart for det norske visemiljøet, varierte frå stad til stad. Generelt var nok den angloamerikanske påverknaden større da bølgja for alvor kom til Noreg.

Den britiske bølgja[endre | endre wikiteksten]

Også i Storbritannia og Irland voks det etter den andre verdskrigen fram ei aukande interesse for tradisjonsmusikk. Som i USA høyrde mange av aktørane heime på den politiske venstresida. Også som i USA skulle dei mange klubbane bli viktige. Svært sentral var Ewan MacColl, som saman med mellom andre amerikanaren Alan Lomax starta The Ballads and Blues Club i London i 1953. I 1956 møtte McColl halvsøstra til Pete Seeger, Peggy. Dei vart eit par og ein duo. Mellom 1957 og 1964 laga dei ein serie dokumentarprogram for BBC radio, Radio Ballads, der gamle og nye songar var eit sentralt element.[22][23]

Midt på 1960-talet var det anslagsvis 300 folkemusikklubbar i Storbritannia. [24] Gamle og nye songar vart framførte av soloutøvarar, duoar og grupper. Fleire av desse byrja på 50-talet som skiffle-grupper, mellom andre Ian Campbell Folk Group.[25] Mens somme utøvarar dyrka det enkle og tradisjonelle, utvikla dyktige gitaristar som Martin Carthy, Bert Jansch og John Renbourn intrikate fingerspelteknikkar som vart kalla Folk Baroque.

Den nye irske folkemusikkbølgja er for ein stor del blitt assosiert med grupper som The Chieftains, The Clancy Brothers, The Irish Rovers og The Dubliners. Musikken har instrument som gitar, mandolin, banjo og fele felles med tradisjonen elles på dei britiske øyene og i USA, men i tillegg set lyden av (blikk)fløyte, harpe, sekkepipevarianten uilleann pipes og den tradisjonelle bodhrán-tromma eit karakteristisk preg på lydbildet.

Folkrock[endre | endre wikiteksten]

Da Bob Dylan gjekk på scenen under Newport Folk Festival 25. juli 1965 med rockeband, hadde The Byrds i fleire veker hatt stor suksess med ein elektrisk versjon av hans «Mr. Tambourine Man». Utgivinga i juni 1965 blir ofte rekna som starten på fenomenet folkrock, men æra kan like gjerne bli gitt til The Animals og deira versjon av «House of the Rising Sun» sommaren 1964. Eller til heilt andre.

Mange utøvarar tok med seg element frå «folk song» inn i pop og rock. Etter å ha turnert i fleire år som backingband for Bob Dylan, gav The Band i 1968 ut albumet Music from Big Pink. Den engelske rockegruppa Fairport Convention elska LP-en. Dei hadde tidlegare gitt ut plater med songar av mellom andre Bob Dylan og Joni Mitchell, i tillegg til eige materiale. No slo Music from Big Pink gruppemedlemmane med så stor kraft at dei såg det som umogeleg å ta opp konkurransen med The Band. Løysinga var å prøve noko nytt, noko som var like engelsk som The Band var amerikansk.[26] Resultatet vart Liege & Lief (1969) der dei fleste spora er tradisjonell folkemusikk, men arrangert for rockeband. Sentralt i lydbildet står fela til den ferske bandmedlemmen Dave Swarbrick. Han hadde brei bakgrunn frå den akustiske folkemusikken, mellom anna som medlem av Ian Campbell Folk Group. Andre britiske folkrock-grupper som også inspirerte norske utøvarar, var Pentangle og Steeleye Span.

Bølgja kjem[endre | endre wikiteksten]

Visens venner var ikkje dei einaste som møttest for å dyrke sjangeren. Omgrepet «viseklubb» vart brukt sporadisk frå slutten av 1940-tallet.[27] På slutten av 1950-talet dukka «Skandinavisk Viseklubb» opp i Oslo.[28] Den første klubben i den nye bølgja kan ha vore viseklubben i Håløyglaget i Oslo som i februar 1966 starta med samlingar kvar veke der repertoaret var «folksongs, negro spirituals og viser».[29]

Alf Cranner 1965.
Foto: Rigmor Dahl Delphin/Oslo Museum

Alf Cranner sin LP Fiine antiquiteter (1964) blir ofte rekna som den første utgivinga i den nye visebølgja. Med berre gitar som akkompagnement framførte Cranner 18 songar, dei fleste norske folkeviser. Ein viktig inspirator var Olle Adolphson, som Cranner møtte gjennom Visens venner. Komponisten Geirr Tveitt vart fascinert av Fiine antiquiteter og tonesette Aslaug Låstad Lygres dikt Vi skal ikkje sova spesielt for Cranner. Samarbeidet førte også til Alf Cranners andre LP Både le og gråte (1964) med tekstar av Jakob Sande. Det varierte samarbeidet med andre kunstnarar fortsette med lyrikaren Harald Sverdrup (Vers og viiiiiiser, 1966) og Alfred Janson (Rosemalt Sound, 1967). På den siste vart viser og jazz kombinert.[30]

Åse Kleveland (1965) og Birgitte Grimstad (1966) platedebuterte begge med samlingar som var representative for det visemiljøet som var i ferd med å vekse fram. Det var songar på norsk, dansk, svensk, engelsk og fransk, det var folkeviser og nytt materiale, det var poesi og «protestviser».[31][32]

Ein annan visepioner var Ivar Medaas som ikkje berre formidla tradisjonelle og nye norske viser, men også plukka opp amerikanske og svenske songar. LP-en Trubaduren kommer (1965) opnar med ein norsk versjon av Lillsysterns undulat är död frå debutplata til Cornelis Vreesvijk.[33]

Dolphins Viseklubb[endre | endre wikiteksten]

12. mars 1966 starta Dolphins Viseklubb i Frisksportrestauranten i Oslo, men flytta seinare til større lokale i Frimurerlosjen. Initiativtakaren Ole Hauki var blitt kjent med den nordamerikanske folk song-tradisjonen under eit lengre opphald i USA. Dei første som opptredde i Dolphins var gruppa The Sing Singers[34] som Hauki hadde starta året før med mellom andre Ole Paus som medlem. Den opne scenen i Dolphins representerte noko heilt nytt i forhold til det meir eksklusive Visens venner.

Dei første frå Dolphins-miljøet som gav ut plate, var duoen The Young Norwegians. Medlemmane Lillebjørn Nilsen og Bjørn Morisse møttest i Dolphins. I 1966 kom den første singelen med songane «Plenty Nothingness and Love» og «Det står ein friar uti gare». Året etter kom den første av to LP-plater, Things On Our Mind. På Music (1968) var også Steinar Ofsdal blitt medlem.[35]

I 1968 gjorde Arne Bendiksen studioopptak med medlemmar av klubben, men plata Viser i trengsel kom ikkje ut før i 1972. Her deltar Øystein Sunde, Sissel og Eivind Kvambe, Finn Kalvik, The Young Norwegians, Hege Tunaal, Lars Klevstrand, Bjørn og Ulf, Kari Svendsen, Jon Arne Corell, Peter Skodbo og Kinsfolk.

Dolphins eksisterte til 1970. Som i USA bestod miljøet av ei blanding av soloartistar, duoar og grupper av ulik størrelse. Christiania Fusel & Blaagress vart starta etter ein Dolphins-kveld i februar 1968. Hausten 1968 gav dei ut singelen Det kjem nok betre tider /Mamma vi'kke ha og i 1972 LP-en Som varmt hvetebrød i tørt gress. Andre grupper var Convivium, To + To og Gruppe 4. Det var likevel først og fremst som soloartistar Dolphins-medlemmane skulle bli lagt merke til etter kvart som dei platedebuterte: Lars Klevstrand (1968), Hege Tunaal (med Lars Klevstrand 1969), Ole Paus, Øystein Sunde (1970), Lillebjørn Nilsen og Finn Kalvik (1971). Frå miljøet skulle Jon Arne Corell og Jack Berntsen bli dei som sterkast engasjerte seg i den meir eksplisitt politiske visesongen på 1970-talet.

Klubbar og festivalar[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1966 arrangerte Dolphins «visefestival» i Munchmuseet, ein konsert med over 30 deltakarar.[36] I åra som kom vart det halde fleire liknande konsertar, men dei første eigentlege visefestivalane i Noreg vart arrangerte i Haugesund og Mandal i 1970. Arrangør av Haugesund-festivalene var viseklubben Forum som vart starta i 1967 eller 1968.[37][38] Den skandinaviske visefestivalen i Arendal var det vise- og lyrikklubben Dikt og Toner som stod bak.[39]

Over heile landet vart det etablert viseklubbar – ofte kalla vise- og lyrikklubbar. Frå Dolphins-miljøet kom Jack Berntsen i 1968 til Svolvær, der han starta Viseklubben Lovisa og fem år seinare festivalen Tråilltampen i Hamarøy i Nordland. I Oslo vart det hausten 1969 etablert viseklubb i Bikuben, biscenen til Det Norske Teatret. Etter at Dolphins vart lagt ned, vart Bikuben og Club 7 tilhaldsstadar for visemiljøet i Oslo.

Dei fleste av dei tidlege norske festivalane var dominerte av akustiske innslag, også den første Kalvøyafestivalen som vart arrangert av Viseklubben Hades i Bærum (1971). Etter kvart fekk Kalvøya og mange andre festivalar sterkare preg av rock og pop, det gjaldt òg Vise- & lyrikkfestivalen i Haugesund (1970-72), Småberganfestivalen i Trondheim (1972-73) og Ragnarock i Oslo (1973-75).

Inspirasjonen var dei store festivalane ute i verda, som Monterey (1967), Woodstock (1969) og Isle of Wight (1970). Her opptredde einslege songarar med kassegitar på lik line med tunge rockeband. I løpet av 1960-tallet hadde den tekstorienterte og meir og mindre akustiske musikken blitt ein sentral del av ungdomskulturen – og ikkje minst av ungdomsopprøret. Stadig dukka nye artistar opp, til dels med stor kommersiell suksess, som Donovan, John Sebastian, Arlo Guthrie, Leonard Cohen og Melanie – og Joni Mitchell, som skreiv songen «Woodstock» utan sjølv å ha vore der. Det hadde derimot gruppa Crosby, Stills, Nash & Young som ho da turnerte saman med. Ei veke etter Woodstock-festivalen framførte Mitchell songen under Big Sur Folk Festival i California, ein av dei svært mange musikkfestivalane som eksisterte i denne perioden.[40]

Två tungor[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1972 gav Fred Åkerström ut eit album som illustrerer den daverande spennvidda i norsk og nordisk visesong. Tittelsporet «Två tungor» er Åkerström si gjendikting av Inger Hagerups tekst med melodi av Finn Kalvik. Kjærleiksdiktet blir også ein metafor for albumet som eit heile. A-sida er var og poetisk, medan B-sida er eksplisitt venstreradikal. Som sentrale musikarar under innspelinga, bidrar Kalvik og Lillebjørn Nilsen til å demonstrere i kor stor grad musikalske ferdigheiter var ein viktig del av visebølgja. Finn Kalvik har sagt: «Hvis jeg noen gang har hatt noen ambisjoner, så må det ha vært å bli en like bra gitarist som Bert Jansch og Paul Simon[41]

Den politiske visesongen, «protestvisene», hadde vore ein viktig del av den amerikanske bølgja på 1960-talet, og vart også med inn i den norske. Den eldre garden var til dels skeptisk, som Otto Nielsen: «[J]eg kan ikke akseptere alle som synger om all verdens nød og urettferdighet og fattigdom og soper inn en masse penger på det. [...] [D]et vesentlige for meg blir: formidling av glede.»[42] 1970-talet gav mange norske visesongarar som song om mangel på rettferd, men utan å sope inn pengar. Samtidig var det mange som gjorde sitt beste for å spreie glede - eller var poesi. Når det er sagt: Otto Nielsen skreiv sjølv minst to protestviser: «He Is Dead, But He Won't Lie Down» (1966) og «Kjære Trægde» (1978).[43]

Fløtt deg EEC[endre | endre wikiteksten]

Platetittelen Fløtt deg EEC, du står i veien for sola er blitt ståande som eit slags symbol på den politiske musikkulturen i forkant av folkeavstemminga i 1972 om norsk medlemskap i EF. Eit tydelegare eksempel er visa «Karlsøy i Troms» med PS-gruppa (1971), om eit fråflyttingstrua lokalsamfunn i Nord-Noreg. Distriktspolitikken var eit svært viktig tema i den norske EF-kampen. Problemstillingar omkring sentrum kontra utkant skulle gjennom dei neste åra prege den politiske debatten, og også sette djupe spor i visemiljøet. Det same gjaldt ei rad andre saker som var aktuelle fram mot folkeavstemminga.

Som medlem av PS-gruppa sette Jon Arne Corell melodi til fleire tekstar av Rudolf Nilsen. I 1973 gav dei tidlegare Dolphins-aktivistane Corell, Carl Morten Iversen, Lars Klevstrand, Lillebjørn Nilsen, Steinar Ofsdal (også frå PS-gruppa) og Kari Svendsen ut På stengrunn - 16 Sanger av Rudolf Nilsen, eit album som viser ikkje berre dei politiske sidene ved forfattaren, men også poesien og humoren.

Viseverkstader[endre | endre wikiteksten]

Den første viseverkstaden vart gjennomført av Lars Hauge under Festspillene i Nord-Norge i 1971. I forkant av viseverkstaden under festspela i 1972, reiste Hauge i regionen i fleire veker for å finne visemiljø og folk som ville delta i Harstad. Resultatet vart danninga av interimstyre for Nordnorsk Viseforum.[44] Gjennom det neste tiåret vart nasjonale, regionale og lokale viseverkstadar viktige for utviklinga av visemiljøet. Forma var gjerne ein kombinasjon av seminar, sosialt samvær og om kveldane konsert eller visekro som var open for publikum.

Dialektbølgja[endre | endre wikiteksten]

Hans Rotmo under Feginsfestivalen i Trondheim 1982.
Foto: Idar Lind

Da visebølgja kom på 1960-talet, skjedde det stort sett på normalisert bokmål og nynorsk – i tillegg til engelsk, svensk og litt dansk og fransk. Alf Prøysen og Vidar Sandbeck hadde tidlegare skapt slagerar på hedmarksdialekt, men for dei unge visesongarane var dette populærmusikken til foreldregenerasjonen. Med sjuandeplass da albumlista i VG starta i 1967, vart Erik Byes utgiving med tekstar av Einar Skjæraasen den første dialektbaserte LP-en på hitlistene. Den neste var samleplata med Alf Prøysen i 1971, Du ska få en dag i mårå.[45]

Sporadiske dialektinnslag dukka opp på norske plateutgivingar, som to tonesette dikt av Skjæraasen på Dobbeltportrett med Hege Tunaal og Lars Klevstrand (1969). Ivar og Eivind Bøksle gav ut Viser fra Sørlandet (1972). Men dialektbølgja tok ikkje av før med LP-en Vømmøl'n i 1974. Dei fire venstreradikale Blindern-studentane i Vømmøl Spellmannslag kom frå ulike kantar av landet, men det var Verdal-dialekten til Hans Rotmo som dominerte. Gruppa gav ut to LP-ar som begge vart enorme salssuksessar, og som dermed viste veg for norsk populærmusikk generelt.

I 1974 kom det som visstnok var den første plata på nordnorsk, singelen 50 mil for Norge/Bygdevisa (Kor e hammaren, Edvard) med Jack Berntsen og Kystfolket. Året etter kom ein LP med songar frå to Hålogaland Teater-oppsettingar, Det e her æ høre tel (1973) og Æ e ikkje aleina (1974). Seinare skulle forfattaren Klaus Hagerup og teatret levere viser som «Sangen om fattigfolks lærdommer» (1975, gitt ut med Nordnorsk Visegruppe 1977) og «Sluttsang (Ellinors vise)» (1977, gitt ut med Ungdomslaget Ny Von 1978).

Mellom utøvarar som etter kvart begynte å synge på dialekt, var Halvdan Sivertsen og Jan Eggum. Sivertsen (platedebut 1973) gjekk over til nordnorsk på Nordaførr (1979), mens Eggum (debut 1975) for alvor tok i bruk bergensdialekten på Alarmen går (1982).

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Organiseringa av visemiljøet starta i Nord-Noreg, med danning av eit interimstyre for Nordnorsk Viseforum i 1972 og formell stifting året etter.[46] Østnorsk Viseforum følgde eitt år etter.[47] Da den nasjonale overbygninga Norsk Viseforum vart stifta på Vinstra 4. august 1975, var det også etablert visefora på Sørlandet, Vestlandet og i Møre og Romsdal.[48] I løpet av det neste året kom også Trøndelag med.

Organiseringa skjedde delvis som ein konsekvens av dei statlege kulturmeldingane i 1973 og 1974, som la stor vekt på kulturarbeid i distrikta og på tiltak for samfunnsgrupper som tidlegare ikkje var prioriterte i kultursamanheng, og som også understreka verdien av kulturell eigenaktivitet.[49] Etter kvart vart Norsk Vise- og Lyrikkforum (namneskifte i 1976) medlem i Fellesrådet for sang- og musikkorganisasjoner i Norge (seinare Norsk Musikkråd).

Visemiljøet var lite homogent. Til ein viss grad fungerte klubbane som kjernen i aktiviteten, men desse var ganske ulike. Somme var sosiale foreiningar som for ein stor del baserte seg på allsong, kombinert med at gitaren vart send rundt for soloinnslag. Andre praktiserte open scene framfor eit publikum som sjølv ikkje var utøvande. Somme var i realiteten meir og mindre fast organiserte visegrupper. Ein del var reine konsertarrangørar som engasjerte profesjonelle artistar. Fleire stadar var det kombinerte jazz- og viseklubbar. Svært mange av desse miljøa hadde ei levetid på berre nokre få år.

Tråilltampen 1978, Storjord i Tysfjord.
Foto: Idar Lind

Dei regionale viseforuma fanga også opp enkeltutøvarar og grupper som ikkje var del av eit lokalt visemiljø. Både nasjonalt og regionalt var viseforuma i hovudsak ein amatøraktivitet, men utan å ekskludere dei profesjonelle. Det same gjaldt festivalar som Tråilltampen, som eksisterte frå 1973 til 1987. Her var det fri påmelding og inga marknadsføring basert på kjendisar. Både amatørar og profesjonelle fekk reiseutgiftene dekte og gratis overnatting i telt. Initiativtakaren Jack Berntsen sa det slik i 1978:

«Vi ønsker å hjelpe til å bygge opp en bred amatørbevegelse. Uten denne kan det ikke utvikles et skikkelig profesjonelt miljø. Du kan si at vårt mål er å vanne den grasrota kunsten kommer fra. Målet vårt er å få folk til å lage noe sjøl, som en motvekt til discokulturen og kommersialiseringen som bare sløver og passiviserer.»[50]

Andre festivalar i delvis same kategori var Åsgårdspell i Tromsø (1979-81),[51] Draugenfestivalen på Senja (ca. 1980-84), Digrefestivalen på Stiklestad (1980-84), Feginsfestivalen i Trondheim (1981-82) og Vestlandsfestivalen i Os ved Bergen (1981-82).

I det organiserte visemiljøet er det også i periodar gitt ut ulike medlemsblad: Novisa (Nordnorsk Viseforum ca.1974-?), Vis-a-visa (Nordnorsk Viseforum 1977-ca. 1985) VisAvis (Østnorsk Viseforum 1977-), Versego (Trøndersk Vise- og Lyrikkforum 1980-87) og Viseversa (Norsk Vise- og Lyrikkforum ca. 1981-86).

Viser som populær musikk[endre | endre wikiteksten]

Med Det året det var så bratt (1971) var Øystein Sunde den første frå Dolphins-miljøet som nådde toppen av den norske albumlista. Året før hadde 1001 fnatt vore oppe på fjerdeplass. Ved årsskiftet 1970/71 låg singelen Jaktprat på topp 10 i fire månader. Eit års tid seinare hadde Finn Kalvik suksess med singelen En tur rundt i byen og albumet Tusenfryd og grå hverdag, og i 1973/74 var det Lillebjørn Nilsen sin tur til å gå heilt til topps med singelen Barn av regnbuen og albumet Portrett. Ole Paus hadde tre album på topp 20 i 1973-75, men nådde topp 10 først med dei tre Paus-postenplatene (1977-78).

Andre viseartistar som var 10 eller betre på albumlista i perioden 1967-87, var Alf Cranner (1967, best 10), Birgitte Grimstad (1967, best 10), Erik Bye (1968 og 1973, best 6), Alf Prøysen (1971-72, best 2), På stengrunn-albumet (1974, best 10), Vømmøl Spellmannslag (1974 og 1975, best 1), (1975, best 7), Lars Klevstrand (1977, best 9), Ballade! (1978 og 1980, best 5) og Knutsen & Ludvigsen (1983, best 3).[52]

Visegrupper[endre | endre wikiteksten]

I Aftenposten dukkar ordet «visegruppe» opp for første gong i 1966, men da brukt om ein viseklubb internt i Håløyglaget i Oslo. I oktober 1967 blir «visegruppen The Young Norwegians» nemnt. Dette var ikkje den einaste gruppa i Dolphins-miljøet, men den første som vart synleg for eit større publikum gjennom plateutgiving. Om omgrepet var nytt, hadde «vokalgrupper» eksistert lenge som del av populærmusikken. Frå 1940-talet og framover hadde duoen Kurt Foss og Reidar Bøe enorm suksess, ikkje minst med Arne Paasche Aasen sin «Blåveispiken», som selde over 100 000.[53] Andre populære vokalgrupper var The Monn Keys, Søstrene Bjørklund og Salhuskvintetten.

Visegruppene i den nye visebølgja var for ein stor del inspirerte av den amerikanske og britiske tradisjonen. Som namnet seier, henta Christiania Fusel og Blaagress element frå bluegrass, og som i skiffle-musikken brukte dei vaskebrett som musikkinstrument. Den mest suksessrike av dei Simon & Garfunkel-inspirerte duoane, Tobben & Ero, fann tekster hos norske lyrikarar. Det same gjorde for en stor del Convivium. Her var det mulig å spore påverknad frå engelske grupper som Pentangle og Fairport Convention.

Utover 1970-talet kom plateutgivingar med eksplisitt politisk orienterte visegrupper som PS-gruppa (1971/72, vidareført i På stengrunn-prosjektet 1973), Isenkram (1974) og Kjerringrokk (1975). Frå etableringa i 1974 gav Plateselskapet Mai ut plater med ei rad grupper som Vømmøl Spellmannslag (1974) og seinare Hans Rotmo-prosjekt, Amtmandens døtre, Folk flest (1975), Strengegjengen, Hans og Stein, Viseklubben Lovisa, Frosk (1976) og Ungdomslaget Ny Von (1978).

Samtidig var det ein stor flora av grupper med repertoar som representerte breidda i visemiljøet. Mellom visegrupper som la stor vekt på eit gjennomarbeidd musikalsk uttrykk, kan nemnast Stiftelsen, frå starten Loelvens Stiftelse, som eksisterte i to utgåver (plateutgivingar i 1974 og 1981), Nordnorsk Visegruppe (1977 og 1979) og Ryfylke Visegruppe (1981, 1983 og i 1985 som Ryfylke).

Folkrock og visejazz[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet folkrock blir dels brukt om kryssinga av «folk song» og rock, dels om tradisjonsmusikk i kombinasjon med rock. I den første tydinga var Asbjørn «ASA» Krogtoft ein pioner i Noreg med bandet 1-2-6 og singelen Graveyard Paradise (1967). Som soloartist følgde han opp med singelen Rekkene, som vart ein stor hit i 1969. Inger Lise Andersen (seinare Rypdal) hadde i 1968/69 suksess med Fru Johnsen, ein norsk versjon av countryrock-songen Harper Valley PTA og eit av mange eksempel på populærmusikk som kommenterte samfunnsforhold.

I bandet på albumet Garman (1972) hadde Ole Paus mellom andre med seg musikarar frå rockegruppa Pussycats. Han var ikkje den einaste som supplerte den akustiske gitaren med eit tyngre lydbilde. Mange av viseplatene på 1970-talet kan like gjerne kallast pop eller rock – eller jazz. På det siste feltet var Alf Cranner pioneren med Rosemalt Sound (1967) i samarbeid med Alfred Janson. Ein som markerte seg med fleire jazzorienterte utgivingar på 70-talet var Lars Klevstrand.

Samarbeidet mellom felespelaren Sigbjørn Bernhoft Osa og Saft førte til deltaking under Ragnarock-festivalen i 1973 og LP-en Stev, Sull, Rock og Rull der Osa var med på 3 av 14 spor. Mange grupper henta element frå norsk folkemusikk inn i rocken, men få prøvde å reindyrke kombinasjonen. Det tydelegaste eksemplet var Folque som gav ut sju studioalbum mellom 1974 og 1983, og var svært inspirert av britiske band. Med sterke innslag av folkemusikk frå Møre og Romsdal, grenser også dei to platene med Vårsøg (1977 og 1978) til folkrock.

Bølgja roar seg[endre | endre wikiteksten]

Visualisering av den norske visebølgja: Førekomst av ord som inneheld «visesang» (inkludert visesanger) i Aftenposten.

Aktiviteten i det organiserte visemiljøet dabba av mot midten av 1980-talet. Klubber og regionale viseform vart lagde ned eller gjekk meir og mindre i dvale. Under jazzfestivalen i Molde hadde Naustet vårt vore ein tilhaldsstad for mellom andre viseinteresserte, men etter 1987 var det slutt.[54] Det same året vart den nordnorske festivalen Troilltampen arrangert for siste gong på mange år.

På seint 70- og tidlig 80-tal dominerte norsk språk og dialekt innan pop og rock, også pønkrock og nyveiv. Visebølgja hadde vore med på å legge grunnlaget for dette. På 1980-talet platedebuterte band som Raga Rockers (1983), Jokke & Valentinerne, deLillos (1986) og DumDum Boys (1988) på norsk. Samtidig hadde engelskspråklege utøvarar stor suksess, som The Monroes (1983), a-ha (1985), Dance with a Stranger (1987) og The September When (1989).

Tradisjonell visesong gjorde seg i liten grad gjeldande på hit-listene, men det er mulig å seie at sjangeren fusjonerte med populærmusikken generelt. Eit eksempel som kan plasserast i kategorien «visepop», er Jørn Hoel. Etter platedebuten i 1982 kom gjennombrotet hans med Varme ut av is (1987) der tre av dei mest populære songane hadde tekst av visediktaren Trygve Hoff.[55] Anne Grete Preus hadde bakgrunn frå Veslefrikk som må kunne kallast eit folkrock-band, og frå Can Can. Etter fleire soloalbum med eige materiale, nådde ho toppen av albumlista med Vrimmel (1996).[56] Enda nærmare visetradisjonen ligg Kari Bremnes. Ho hadde bakgrunn frå Viseklubben Lovisa i Svolvær, visegruppa Stiftelsen og som duo saman med broren Ola Bremnes.[57]

På 1990-talet platedebuterte ei rad populære grupper med tekstar som låg nært visetradisjonen, som Tre Små Kinesere (1991), Hellbillies (1992), Vamp, Di derre og D.D.E. (1993) og Odd Nordstoga (1997). Omkring tusenårsskiftet begynte norske hip hop-artistar for alvor å gi ut album på morsmålet, med utøvarar som Tungtvann, Klovner i kamp, Pen Jakke (2000), Gatas Parlament (2001), Jaa9 & OnklP (2003) og Side Brok (2004). (Årstal viser albumdebut, fleire gav først ut EP.)

I tillegg til å sette spor i form av påverknad på andre musikksjangrar, har mange av aktørane frå visebølgja halde fram med å turnere med kassegitar eller i andre musikalske samanhengar. Somme viseklubber har overlevd samanhengande sidan 1970-talet, og etter tusenårsskiftet har det kome nye til. Hausten 2014 hadde Bergens Tidende ein optimistisk artikkel som fortalte at «Vestnorsk Viseforum er vekket til live og skal prøve å puste liv i en ny visebølge».[58]

Utøvarar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «DigitaltMuseum: Otto Nielsen, Kringkastingen.». DigitaltMuseum. 
  2. Visens venners viser, første samling i bokhylla.no (Tiden norsk forlag, 1950).
  3. «Vidar Sandbeck: En bauta i norsk musikkliv» (Ballade, 14.11.2005).
  4. Otto Nielsen; Søndagsposten i bokhylla.no (Cappelen forlag, 1967).
  5. Bruce Eder: The Weavers, biografi hos allmusic.com
  6. Zac Johnson: Pete Seeger, biografi hos allmusic.com
  7. The Joe Hill Project
  8. Frå intervju i Time magazine 23.11.1962, sitert av imdb.com. Lest 12.12.2014.
  9. Somme norske kjelder hevdar at hootenanny-begrepet vart brukt om ein viss type grupper, som The Kingston Trio, men dette ser det ikkje ut til å vere belegg for. I musikkmiljøet i USA var det sjølve samkoma som vart kalla «hootenannies».
  10. William Ruhlmann: Joan Baez, biografi hos allmusic.com
  11. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. november 2014, henta 7. november 2015 
  12. Joan Baez er nemnt i NRKs programoversikt for 2. nyttårsdag 1962, men kan vore spelt før det.
  13. Dream Songs: The Music of the March on Washington (The New Yorker 28. sugust 2013)
  14. [www.rockcellarmagazine.com/2011/10/06/greenwich-village-the-music-that-defined-a-scene/ Greenwich Village: The Music that Defined a Scene]. Rockcellar Magazine, 10. juni 2011
  15. I programoversikter for NRK i Aftenposten dukkar Rosa Seierstad første gong opp i juni 1965.
  16. Hakan Markussen: American Folk Music på Dolphins Club 1966 - 1970 (masteroppgåve i historie ved IAHK, Universitetet i Oslo 2009, s. 8).
  17. Aftenposten 24. desember 1965.
  18. popfakta.se (lesen 11.12.2014).
  19. Fred Åkerström: Ingenstans fri som en fågel. En biografi av Peter Mosskin
  20. pfd-dokument hos Svenska Visakademien Arkivert 2014-12-13 ved Wayback Machine. (lest 11.12.2014)
  21. Fred Åkerström: Ingenstans fri som en fågel. En biografi av Peter Mosskin
  22. Ewan's Biography www.peggyseeger.com (lest 18.12.2014).
  23. The Radio Ballads www.peggyseeger.com (lest 18.12.2014).
  24. Michael Brocken: The British Folk Revival: 1944–2002 (2003).
  25. Ian Campbell Folk Group, biografi hos allmusic.com (lest 18.12.2014)
  26. Joe Boyd: «Liner Notes» på Liege & Lief, CD-versjon 2002. Joe Boyd produserte albumet.
  27. Laurdag 14. februar 1948 deltok «Viseklubben i Sørlandslaget» på eit arrangement i Romerikslaget i Oslo. (Rubrikkannonse i Aftenposten 14.2.1948 s. 15., morgen)
  28. Rubrikkannonse: «SYNGER DU VISER? Skandinavisk Viseklubb vil gjerne ha deg som medlem. Møte hver tirsdag. Bm. 19417 - Amatører.» (Aftenposten 29.1.1959 s. 6, aften.)
  29. «Håløylaget får egen viseklubb.» (Aftenposten 21.4.1966 s. 9., aften)
  30. [1] Arkivert 2016-03-07 ved Wayback Machine. Norsk pop- og rockleksikon (Vega Forlag 2013).
  31. [2] Arkivert 2014-12-16 ved Wayback Machine. Norsk pop- og rockleksikon (Vega Forlag 2013).
  32. [3] Arkivert 2014-12-15 ved Wayback Machine. Norsk pop- og rockleksikon (Vega Forlag 2013).
  33. [4] Arkivert 2014-12-15 ved Wayback Machine. Norsk pop- og rockleksikon (Vega Forlag 2005).
  34. Aftenposten 12. mars 1966.
  35. Nettstaden til Lillebjørn Nilsen
  36. Aftenposten 27. oktober 1966.
  37. Tor Arne Johnsen presenterer seg som «initiativtager og formann i viseklubben Forum, Haugesund 1967».
  38. Ifølgje heftet «Viser og vers i vestavind» Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine. vart «Viseklubben Forum stiftet i oktober 1968 med Tore S. Netland, Øystein Loge Pettersen og Kåre Foldøy som initiativtakere».
  39. Aftenposten 15. juli 1971 (s. 4, morgen).
  40. Mark Bego: Joni Mitchell (2005 s. 67ff)
  41. Finn Kalvik om låtskriving TONO-magasinet 27. juni 2014. (Lest 16.12.2014.)
  42. Arne Hestnes: Florett : plut'ske støt og parader (1978, s. 78).
  43. Kjære Trægde Visearkivarens blogg 9. juli 2010. (Lest 16.12.2014.)
  44. Aftenposten 24. juni 1972.
  45. VG-lista (lest 21.12.2014).
  46. Aftenposten 24. juni 1972 og 3. juli 1973.
  47. Aftenposten 6. august 1973 og 5. august 1974.
  48. Aftenposten 25. juli 1975.
  49. Store Norske Leksikon: Norsk kulturpolitikk (lese 22.12.2014).
  50. Jack Berntsen til Adresseavisen 12. juli 1978.
  51. Pingvinen nr. 9 2011[daud lenkje]
  52. VG-lista. (Lest 23.12.2014.)
  53. [5] Arkivert 2015-01-08 ved Wayback Machine. Norsk pop- og rockleksikon (Vega Forlag 2013).
  54. Husker du Naustet Vårt? Arkivert 2014-12-09 ved Wayback Machine. (Romsdals Budstikke 29.6.2012, lest 25.12.2014.)
  55. [6] Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine. Norsk pop- og rockleksikon (Vega Forlag 2013).
  56. [7] Arkivert 2015-01-02 ved Wayback Machine. Norsk pop- og rockleksikon (Vega Forlag 2013).
  57. [8] Arkivert 2015-01-02 ved Wayback Machine. Norsk pop- og rockleksikon (Vega Forlag 2013).
  58. «Vil vekke en ny visebølge». (Bergens Tidende, 28. november 2014.)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Marta Breen: «Med noe på hjertet» I: Piker, vin og sang; 50 år med jenter i norsk rock og pop. Sparatcus. Oslo 2006. ISBN 82-430-0360-6
  • Rigmor Falla & al. (red): Tone, tekst og trubadur: 60 år med Visens Venner. Andresen & Butenschøn. Oslo 2003. ISBN 978-82-8089-216-4
  • Idar Lind: Vinsjan på kaia - Songar og tekstar. Norsk Noteservice, 2014. ISBN 82-8089-216-8
  • Hakan Markussen: American Folk Music på Dolphins Club 1966 - 1970 (masteroppgave i historie ved IAHK, Universitetet i Oslo 2009).
  • Morten Eide Pedersen. «Musikken i 1970-årene» I: Norges musikkhistorie. Bd 5: 1950-2000, modernisme og mangfold. Aschehoug, 2001. ISBN 82-03-22383-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]