Den nye verda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carte d'Amérique, Guillaume Delisle, c. 1774

«Den nye verda» er ei nemning som oppstod kring 1555 for å definere det amerikanske kontinentet og dei tilhøyrande øyar som ein heilskap. Amerika var den gongen eit nytt kontinent for europearar som tidlegare berre kjente til Europa, Asia og Afrika«den gamle verda».

I dei seinare decennium har somme rekna uttrykket «den nye verda» som lett krenkjande, fordi det legg til grunn ei oppfatning av at berre det europeiske synspunktet er det som er rett. Derfor vert termen no berre nytta generelt i avgrensa samanhengar i visse sosiale lag. Først og fremst kan ein snakke om «den nye verda» i ein historisk kontekst kor ein diskuterer reisene åt Christofer Columbus, den spanske erobringa av Yucatán og liknande. Dernest kan ein i ein biologisk kontekst snakke om artar i «den gamle verda» og i «den nye verda».

Medan «den nye verda» femnar om Amerika, kan ein tale om Australasia som enten «den gamle verda» eller «den nye verda», spesielt når ein samtaler om New Zealand som fekk dei første busetjingar berre få generasjonar før Columbus nådde Amerika. Men i biologisk kontekst er Australasia ingen av delane ettersom flora og fauna der skil seg merkbart frå flora og fauna både i Eurasia og i Amerika.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!