Den nynorske songskatten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den nynorske songskatten
Forfattar(ar)Terje Aarset
SjangerSakprosa
Utgjeven7. oktober 2009
NasjonalitetNorsk
ForlagFagbokforlaget/LNU
Sider205
ISBN 978-82-450-0905-7

Den nynorske songskatten er ei sakprosabok skriven av Terje Aarset, fyrsteamanuensis i nordisk språk ved Høgskulen i Volda. I boka tek han for seg femten folkekjære songar med nynorsk tekst, og gjev ein kulturhistorisk gjennomgang av tekstane og tonane. Dei omtalte songane er frå perioden 1860 til 1931. Mellom dei er «Blåmann», «Fagert er landet», «Den fyrste songen», «Mellom bakkar og berg», «Det lyser i stille grender» og «Å Vestland, Vestland».

Kveik til arbeidet med boka fekk Aarset då han kom over eit nummer av tidsskriftet Norsk Toneblad i ein bruktbutikk i Trondheim og der fann omtale av songen «Kaldt og mørkt og lite sol». Under arbeidet med stoffet samla han på seg ti-tolv hyllemeter med songbøker.[1]

Boka er gjeven ut på Fagbokforlaget og kom ut i oktober 2009. Ho er del av Landslaget for norskundervisning (LNU) sin skriftserie og har der nummer 177.[2] Det Norske Samlaget fekk fyrst tilbod om å gje henne ut, men takka nei.[1] På bokomslaget er brukt eit utsnitt av målarstykket «Sovende mor med barn» av Christian Krohg.

Lesarane til vekesavisa Dag og Tid kåra Den nynorske songskatten til Årets nynorskbok for 2009.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ottar Fyllingsnes (22. januar 2010). «Lesarane valde songskatten». Dag og Tid. Henta 29. februar 2012. 
  2. «Skriftserien». Landslaget for norskundervisning. Henta 24. mars 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]