Den osmansk-venetianske krigen (1714–1718)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den sjuande osmansk-venetianske krigen
Del av osmansk-venetianske krigar

Dante’s port, Spinalonga fort
Dato 1714–1718
Stad Peloponnes, Dei joniske øyane, Dalmatia
Resultat Osmansk siger
Partar
 Republikken Venezia
Flagget til Portugal Kongedømet Portugal
 Maltesarordenen
 Kyrkjestaten
Flagget til Spania Spania[1]
Himariotar
 Det osmanske riket
Kommandantar
Geronimo Delphino
Johann Matthias von der Schulenburg
Silahdar Damat Ali Pasha

Den sjuande osmansk-venetianske krigen vart utkjempa mellom Republikken Venezia og Det osmanske riket mellom 1714 og 1718. Det var den siste konflikten mellom dei to maktene, og enda med ein osmansk siger og at Venezia tapte dei store områda side på den greske halvøya, Peloponnes (Morea). Venezia vart redda frå ein verre lagnad ved at Austerrike blanda seg inn i 1716. Dei austerrikske sigrane førte til freden i Passarowitz i 1718, som enda krigen. Krigen vart òg kalla den andre Moreakrigen,[2] Den vesle krigen eller i Kroatia, Sinj-krigen.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Moreakrigen.

I den store tyrkiske krigen (1684–1699) vart Det osmanske riket tvungen til å avstå fleire landområde til Austerrike og Venezia, inkludert halvøya Morea. Osmanarane var faste på at dei skulle ta tilbake dei tapte landområda, og Venezia, som var den svakare av dei to, vart vald som det første målet. Tida vart rekna som moden i 1714 då osmanarane nettopp hadde slått russarane i ein krig og Austerrike var oppteken med den spanske arvefølgjekrigen.

Den osmanske erobringa av Morea[endre | endre wikiteksten]

Osmanarane erklærte krig den 9. desember 1714 ved å nytte nokre overtramp av venetianske handelsfolk som påskot. Tidleg i 1715 samla dei saman kring 70 000 mann i Makedonia under storvesir Silahdar Damat Ali Pasha. Storvesiren marsjerte sørover, og nådde hovudleiren i Theben (Thíva)) tidleg i juni. I mellomtida hadde den osmanske flåten, som talte 80 krigsskip under Canum Hoca, erobra dei siste venetianske områda i Egearhavet, øyane Tínos og Aegina (Éjina).[4]

Venetianarane, som ikkje hadde ein ståande arme og var avhengig av hovudsakleg leigesoldatar, klarte berre å samle 8 000 mann og 42 hovudsakleg små skip, kommandert av generalkaptein Geronimo Delphino.[5] Denne styrken var ikkje berre for liten til å møte den osmanske armeen på slagmarka, men heller ikkje stor nok til å bemanne dei mange festningsverka som venetianarane hadde bygd opp gjennom åra. I tillegg mislikte den lokale greske folkesetnaden det venetianske styret, noko Damad Ali utnytta, ved å sikre at soldatane hans respekterte tryggleiken og eigedommane deira. Dermed kunne han rekne med godviljen til grekarane, som gav soldatane hans rikeleg med forsyningar,[6] medan venetianarane, som håpte på å rekruttere ein milits blant dei lokale innbyggjarane, vart verande isolerte i forta sine.

Den 25. juni kryssa den osmanske armeen Korinteidet og gjekk inn i Peloponnes. Citadellen i Akrokorint, som kontrollerte passasjen til halvøya, overgav seg etter ei kort omleiring, med vilkår om at garnisonen og dei sivile fekk forlate staden trygt. Men nokre janitsjarar, som var ivrige etter bytte, følgde ikkje ordrane til Damat Ali og gjekk inn i citadellen. Ein stor del av garnisonen, inkludert provedditore Giacomo Minoto, og dei fleste sivile vart massakrerte eller selde som slavar. Berre 180 venetianarar vart redda og transporterte til Korfu (Kérkyra).[7] Desse tragiske hendingane inspirerte seinare Lord Byron som skreiv diktet The Siege of Corinth.

Etter Korint, rykte osmanarane fram mot Návplio (Napoli di Romagna), hovudbasen til den venetianske makta i Morea. Návplio var godt verna av sterke fort og hadde ein garnison på 2 000 mann. Men den 20. juli, etter berre ei ni dagar lang omleiring, sprengde osmanarane ei mine under bastionane til Palamídi og storma så fortet. Dei venetianske forsvararane forsvann i panikk, og førte til at forsvaret generelt kollapsa.[8]

Osmanarane avanserte så sørvestover, der forta Navaríno og Koróni stod tomme etter venetianarane, som no samla den gjenverande styrken sin i Methóni (Modon). Sidan dei ikkje fekk effektiv støtte frå sjøen då Delfino var motvillig til å risikere flåten sin i møte med den osmanske marinen, kapitulerte fortet.[9] Dei gjenverande venetianske skansane, inkludert den siste gjenverande utposten på Kreta (Spinalonga og Soúda), kapitulerte på same vis i byte mot at dei fekk gå trygt. I løpet av hundre dagar var heile Peloponnes gjenerobra av osmanarane.[6]

Omleiringa av Kérkyra[endre | endre wikiteksten]

Byplanen til Kérkyra i 1688, som syner festningsverka

Etter suksessen i Morea, gjekk osmanarane mot dei venetianske Joniske øyane. Dei okkuperte øya Levkáda (Santa Maura), som venetianarane hadde teke i 1684, og fortet Butrinto ovanfor Korfu (Kérkyra) by. Den 8. juli 1716 gjekk ein osmansk arme på 33 000 mann i land på Kérkyra, den viktigaste av Dei joniske øyane.[10] Trass i eit uavgjort sjøslag same dagen, heldt osmanarane fram med å setje i land soldatar og rykte fram mot byen Kérkyra. Den 19. juli, etter å ha erobra forta Mantouki, Garitsa, Avrami og Saviour, som låg utanfor, byrja kringsetjinga.[11] Forsvaret var leia av grev Johann Matthias von der Schulenburg, som hadde om lag 8 000 mann under seg. Dei omfattande festningsverka og eit godt forsvart stod imot fleire åtak. Etter ei stor storming den 9. august førte til store tap for osmanarane vart kringsetjinga heva den 11. august og dei siste osmanske styrkane trekte seg attende den 20. august.[11]

Austerrike går inn i krigen og krigen sluttar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den austerriksk-tyrkiske krigen (1716–1718).

Sommaren 1715 marsjerte pasjaen av Bosnia mot dei venetianske områda i Dalmatia, med ein arme som visstnok hadde 40 000 mann. Osmanarane vart slått ved Sinj, men den osmanske trugselen for Dalmatia gjorde at Austerrike valde å gå inn i krigen.

Med økonomisk støtte frå pave Clement XI og at Frankrike garanterte for dei austerrikske eigedomane i Italia, var Austerrike klare til å gå inn. Den 13. april 1716 fornya keisar Karl VI alliansen sin med Venezia, og erklærte slik krig mot osmanarane. Den austerrikske trugselen tvinga osmanarane til å trekkje styrkane sine bort frå dei gjenverande venetianske områda, men Serenissima var for svar til å setje i gang ein storskala motoffensiv. Berre marinen vart meir aggressiv med sjøslag mellom dei venetianske og osmanske flåtane i Egearhavet, som slaget ved Imbros og slaget ved Matapan ein månad seinare, men begge desse vart generelt uavgjorte og endra ikkje resultatet av krigen.[2] Den einaste permanente venetianske suksessen var erobringa av festninga i Préveza og Árta i 1717. Med austerrikske sigrar i slaget ved Petrovaradin og omleiringa av Beograd vart osmanarane tvungne til å signere freden i Passarowitz. Sjølv om osmanarane tapte store område til Austerrike, fekk dei behalde erobringane sine mot Venezia i Venice i Peloponnes og Kreta, utanom Preveza (fall i 1717 til venetianarane) og nokre få festningar i Herzegovina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cesáreo Fernández Duro, Armada española desde la unión de los reinos de Castilla y de León, Est. tipográfico Sucesores de Rivadeneyra, Madrid, 1902, Vol. VI, p. 118
  2. 2,0 2,1 Lane (1973), s. 411
  3. Matica hrvatska Josip Ante Soldo: Sinjska krajina u 17. i 18. stoljeću (knjiga prva), Matica hrvatska ogranak Sinj, Sinj, 1995, ISBN 953-96429-0-6
  4. Finlay, s. 264
  5. Finlay, s.265
  6. 6,0 6,1 L.S. Stavrianos, The Balkans since 1453, s. 181
  7. Finlay, s.266-268
  8. Finlay, s.270-271
  9. Finlay, s.272-274
  10. J. Norwich, A History of Venice, 579
  11. 11,0 11,1 The history of Corfu Arkivert 2009-04-11 ved Wayback Machine. på corfuweb.gr