Den paleiske overflata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dovrefjell er eit relativt flatt platå der Snøhetta stikk opp.

Den paleiske overflata er ei jamn erosjonsflate, eit såkalla peneplan, som vart danna i Skandinavia etter at Den kaledonske fjellkjeda var sliten ned. Heving av terrenget og erosjon under istidene har omdanna denne overflata, men han er likevel enno eit påfallende trekk ved landskapet i Noreg.

Lange fjordar og djupe dalar blir ofte rekna som karakteristiske landskapstrekk i Noreg. Når ein står på ein fjelltopp, eller flyr over landet, oppdagar ein derimot at store delar av Sør-Noreg er ei høgslette. Denne sletta har eit bratt fall mot vest, medan han fell slakt mot aust inn i Sverige. Dalar og fjordar er skorne ned i denne sletta.

Dette tilhøvet vart først påpeikt av P.A. Munch. Dei første vitskaplege arbeida om den paleiske overflata vart publisert av Hans Reusch. Han var kjent med teorien til W.M Davis om den geomorfologiske syklusen. Reusch meinte at høgsletta var restar av eit peneplan som var vorte heva, og at erosjonen hadde forma dalar og fjordar.

Etter at Den kaledonske fjellkjeda var slite ned var dagens Noreg eit flat slette. I sør vart denne flata oversumt av havet i krit, medan havet trengde innover Andøya og områda utanfor Nordland allereie i midten av jura. Klimaet var den gongen varmare enn i dag, og Noreg låg lenger sør.

Peneplanet var eit lågtliggande område, men var ikkje heilt flatt, og ein trur at det var høgdeskilnader på opptil 500 m. Dei lågtliggande områda besto av grunnfjellsbergartar som gneis og grønstein. Forvitring av desse bergartane skapte sand og slam, som vart ført ut på kontinentalsokkelen. Gaustatoppen, Jotunheimen, Snøhetta, Rondane og Lyngsalpane stakk opp som fjell frå peneplanet. Desse fjella består for det meste av kvartsitt eller gabbro, som er motstandsdyktig mot forvitring og erosjon sjølv i eit varmt klima.

I paleogen byrja Den skandinaviske halvøya å heve seg, noko som skapte dagens fjellkjede. Etter at landskapet har heva seg, er det vorte slite ned av forvitring og erosjon frå elvar. I dei siste par millionar åra har òg erosjon frå isbrear vore viktig. Ein reknar med at det har vore minst fem hevingsperiodar. Den siste perioden er kanskje ikkje avslutta, men det er usikkert fordi landhevninga etter den siste istida skjuler eventuell annan hevning. Opninga av Nord-Atlanteren og varmepunktet som no ligg under Island, er truleg årsaka til at landskapet heva seg.

Hevinga var ujamn med tre markerte senter: eitt ved Jotunheimen, eitt ved Ofoten, og eitt i Småland i Sverige. Andre stader, som i Trøndelag, var hevinga mindre. Samstundes som landet heva seg, grov elver seg ned i landskapet, og laga dalar. Dalane følgjer ofte gamle forkastingar, som kan ha vorte danna allereie i prekambrium. Under istida utvida isen dalane og skapte fjordar og u-dalar.

I mange av dei høgaste fjellpartia i Noreg er det store område med steinblokker. Desse områda blir kalla blokkhav og er danna ved at berggrunnen er vorte brote ned av frostsprengning og annan forvitring. Blokkhava ser ikkje ut til å ha vorte særleg erodert av innlandsisen. Dersom ein trekkjer ei linje gjennom blokkhava og dei høgaste toppane på tvers av Noreg, får ein ein jamn profil som er brattast i vest og slakare mot aust.

Einskilde stader, som på Hardangervidda, Finnmarksvidda og i delar av Sverige, er eit eldre peneplan, det subkambriske, kome fram i dagen. Den paleiske overflata ligg som regel mykje høgare enn det subkambriske peneplanet. I Hallingskarvet ligg den paleiske overflata på ca 1800 moh, medan Hardangervidda har ei høgd på ca. 1100–1400 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]