Den romerske republikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roma i republikansk tid.

Den romerske republikken (latin Res Publica Romanorum) er ei nemning på styresettet i det området byen Roma herska over frå 510 fvt. til omdanninga til det romerske keisarriket. Sjølve omgjeringa frå republikk til keisarrike var ein lang prosess, men det er ofte sett i samanhang med Julius Cæsar si utnemning av seg sjølv som diktator på livstid i 44 fvt., og 2. september 31 fvt., slaget ved Actium. Den 16. januar 27 fvt., då senatet gav Octavian tittelen Augustus, er den vanlegaste tidfestinga av slutten på republikken.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Teikning av Forum Romanum i Roma.

Den nordlegaste greske kolonien på den italienske halvøya låg om lag 15 mil sør for Roma. Ved utløpet av elva Tiber, som renn gjennom byen, budde latinarane, medan det godt sentralorganiserte folket etruskarane heldt til like nord for Roma. Innbyggjarane i bystaten var i hovudsak ei blanding av desse tre folkegruppene, og talde om lag 10 000 innbyggjarar då republikken vart grunnlagt.

Reint strategisk låg bystaten godt til; etruskarane hadde tilgang til store jarnførekomstar og hadde ein lang tradisjon og kultur for sentralorganisering. Latinarane handla store mengder salt med folkegrupper i fjella aust for Roma, og grekarane kjøpte jarn av etruskarane. Av di Roma låg midt mellom desse tre vart torget i byen, Forum, eit sentrum for stor handelsverksemd som romarane visste å tene godt på. Likevel var jordbruket den grunnleggande næringa i staten.

Roma låg lenge under etruskarkongane, men reiv seg laus frå desse rundt 500 f.vt. og avskaffa kongedømet. Ordet Rex (frå latin, 'konge') vart eit skjellsord nytta mot romarar som forsøkte å ta til seg større makt og rikdom på kostnaden av andre romarar. Dei oppretta Republikken Roma, der makta skulle gå ut av «folket» og ikkje av ein enkelt person som kalla seg konge.

Styresett[endre | endre wikiteksten]

Republikken Roma voks ut av eit jordbrukssamfunn, og når republikken vart grunnlagt i den vesle byen Roma, rundt 500 f.vt vart heile det politiske systemet bygd opp rundt landbruk og jordeigedom. Det vart oppretta eit senat og ei folkeforsamling som skulle utgjere den grunnleggande makta i samfunnet.

Dei om lag 300 rikaste borgarane (patrisiarane (av pater, far) - dei som eigde mest land) hadde ein fast plass i Senatet. Senatet var den gongen den grunnleggande maktinstansen i republikken, og retten til eit sete i Senatet var arveleg, so allereie i den spede byrjinga var styresettet i Roma bygd opp aristokratisk. Dei romarane som ikkje høyrde til ei patrisiarslekt vart kalla plebeiarar (av plebs, mengd) og hadde rett til å møte opp i Plebeiarforsamlinga (Folkeforsamlinga).

Plebeiarane som møtte i forsamlinga kunne anten stemme ja eller nei til lovframlegg frå senatet. Vart ikkje eit framlegg godkjend i forsamlinga laut senatorane utarbeide eit nytt framlegg, eller forkaste det heilt. Vart framlegget godkjend var det å rekne som romersk lov. Plebeiarforsamlinga valde òg nokre representantar til å sitje på plebeiartribuner i senatet. Ein plebeiartribun hadde vetorett (veto, 'eg forbyr') i arbeidet med lovframlegg og liknande i senatet, men den retten gjaldt berre byen Roma og ikkje i militære saker.

Den utøvande makta i republikken Roma var to konsular. Desse vart valde av og mellom senatorane. Desse to personane skulle styre republikken etter dei lovframlegga som vart lagde fram i senatet og godkjende av Plebeiarforsamlinga - dei var med andre ord pliktige å styre etter romersk lov, og lova kom i prinsippet frå det romerske folket. Roma var med andre ord eit av dei tidlege demokratia i historia.

Republikken Roma vs. moderne demokrati[endre | endre wikiteksten]

Den romerske forma for tidleg demokrati har inspirert vestlege nasjonar, både når det gjeld å lage eitt «parlament» for aristokratar og eitt for «vanlege folk», men òg med namna; senat og folkeforsamling er to namn som går igjen på mange av utviklingsstega til demokratiet i Vesten. Ein kan òg sjå at demokratiske revolusjonar ofte førte til innføringa av republikk (av res publica, 'det som handlar om staten'), og avskaffinga av monarkiet.

Til samanlikning med moderne demokrati var den romerske republikken likevel langt i frå å vere eit faktisk demokrati. I røynda låg makta hos aristokratane i senatet, sjølv om Plebeiarforsamlinga hadde rett til å vedta eller forkaste alle lovframlegg. Det var til dømes ikkje tillate å diskutere eller be om endring av lovframlegga i Plebeiarforsamlinga. Maktfordelinga mellom senatet og Plebeiarforsamlinga vart grobotnen til klientsystemet, som førte til ein sterkare maktkonsentrasjon hos dei rikaste romarane.

Tidsline[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]