Den russiske nasjonalgarden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emblem

Den russiske nasjonalgarden (russisk Национальная гвардия Российской Федерации, forkorta Росгвардия, Rosgvardija)[1] er den nye paraplyorganisasjonen for innanriksstyrkane i Russland. Han er bygd opp på grunnlag av styrkar til det russiske innanriksdepartementet (russisk Внутренние войска МВД России).

Nasjonalgarden er direkte underlagt presidenten i kraft at han òg er den øvste leiaren av Forsvaret og formann i Tryggingsrådet i Russland.[2]

Den russiske nasjonalgarden vart etablert i april 2016 ved eit direkte presidentdekret. Det heiter seg at grunnen var opprydding i dei mange organa som driv med innanrikspolitikk i Russland, og oppgåva til det nye føderasjonsorganet er sikring av grensene, våpenkontroll, kamp mot terrorisme og organiserte brotsverk, vern av offentleg ro og orden og av offentlege byggverk.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://tass.ru/politika/3703203
  2. (på russisk)21-я бригада оперативного назначения войск национальной гвардии России награждена орденом Жукова, Russland, 25. mai 2016, http://rosgvard.ru/21-ya-brigada-operativnogo-naznacheniya-vojsk-natsionalnoj-gvardii-rossii-nagrazhdena-ordenom-zhukova/, henta 27. mai 2016 
  3. , 3. juli 2016, http://sputniknews.com/russia/20160703/1042374664/putin-national-guard.html, henta 4. juli 2016