Den russiske stillehavsflåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Armemblem for Den russiske Stillehavsflåten

Stillehavsflåten (russisk Tихоокеанский флот, ТОФ) er ein operasjonell-strategisk kommando i den russiske marinen. Oppgåva til flåten er trygging av Russland sin stillehavsregion til havs. Til denne oppgåva har flåten strategiske missilberande atomubåtar, diesel-elektriske ubåtar, overflateskip for trygging av dei nære havområda, marineflyvåpen, landstyrkar og kystforsvarsstyrkar.

Staben til Stillehavsflåten held til i Vladivostok, og flåten sin markeringsdag er 21. mai.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Тихоокеанскому флоту — 285 лет! : Министерство обороны Российской Федерации