Den antarktiske polarsirkelen

Den antarktiske polarsirkelen er ein av fem store breiddegradssirklar som markerer kart på jorda. Han er i dag breiddegraden som går 66° 33′ 44″ (eller 66.5622)[1] sør for ekvator.
Skildring[endre | endre wikiteksten]
Området sør for Den antarktiske polarsirkelen er kjend som Antarktis og sonen like i nord vert kalla den sørlege tempererte sonen. Den tilsvarande breiddegradslinja i nord er Den nordlege polarsirkelen.
Alle stader sør for Den antarktiske polarsirkelen opplever ein periode med midnattssol minst ein gong i året, og ein periode med mørketid. Dette skjer fordi jordaksen heller kring 23,5 grader relativt til ekliptikken (planet som jorda følgjer i bane kring sola). Ved sørleg vintersolkverv, heller den sørlege halvkula mest bort frå sola og område med mørketid har nådd den nordlege grensa si. Når midnattssola når heilt til polarsirkelen heller den sørlege halvkula maksimalt mot sola.
I røynda er det fleire andre faktorar som påverkar korleis ein oppfattar dag og natt. Dei viktigaste er atmosfærisk refraksjon, høgda til observatøren over havet, luftspeglingar og det at sola er ei kule og ikkje eit punkt. Luftspeglingane i Antarktis har ein tendens til å bli meir spektakulære enn dei i Arktis, til dømes ved tilsynelatande solnedgang og soloppgang når sola i røynda er bak horisonten.
På grunn av gradvise endringar i hellinga til jordaksen, flyttar Den antarktiske polarsirkelen seg sakte.
Geografi og demografi[endre | endre wikiteksten]
Antarktis dannar ei landmasse som dekkjer mykje av området innanfor Den antarktiske polarsirkelen. Det finst ingen permanente busetnader på jorda sør for Den antarktiske polarsirkelen. Fleire forskingsbasar husar likevel forskarar som forskar i Antarktis. I tidlegare tider vart det òg oppretta delvis permanente kvalstasjonar og somme kvalfangarar kunne då bu her i meir enn eitt år. Minst tre born er fødde i Antarktis, men då på stasjonar nord for Den antarktiske polarsirkelen.
Frå nullmeridianen og austover, går Den antarktiske polarsirkelen gjennom:
Koordinatar Land, territorium eller hav Merknad Sørishavet nord for Dronning Maud Land og Enderby Land Antarktis – Enderby Land Området gjort krav på av Australia
Sørishavet nord for Ameryisen Antarktis Området gjort krav på av Australia
Sørishavet Antarktis Området gjort krav på av Australia
Sørishavet Antarktis Området gjort krav på av Australia
Sørishavet Vincennes Bay Antarktis – Wilkes Land Området gjort krav på av Australia
Sørishavet Antarktis – Wilkes Land Området gjort krav på av Australia
Sørishavet Antarktis – Wilkes Land Området gjort krav på av Australia
Antarktis – Adélie Land Området gjort krav på av Frankrike
Sørishavet Ballenyøyane – Borradaile Island Området gjort krav på av New Zealand
Sørishavet Passerer like nord for Adelaide Island (gjort krav på av Argentina,
Chile og
Storbritannia)
Antarktis – Den antarktiske halvøya i Graham Land og Larsenisen Området gjort krav på av Argentina,
Chile og
Storbritannia)
Sørishavet Går gjennom Weddellhavet
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
- Den nordlege polarsirkelen
- Ekvator
- Den antarktiske konvergensen
- Solkverv
- Hellinga til ekliptikken
- Den nordlege vendekrinsen
- Den sørlege vendekrinsen
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Antarctic Circle» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: