Den sovjetiske forfattarforeininga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den sovjetiske forfattarforeininga
Andre namnrussisk Союз писателей СССР, romanisert Sojuz Sovetstikh Pisatelej
Skipa1934
Oppløyst1991

Den sovjetiske forfattarforeininga var eit foreining for profesjonelle forfattarar i Sovjetunionen[1] som eksisterte frå 1934 til 1991.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Foreininga blei skipa ved forfattarkongressen i Moskva i 1935, som også hadde internasjonale gjestar. Frå Noreg deltok Nordahl Grieg og Inger Hagerup, frå Danmark Martin Andersen Nexø og frå Sverige blant anna Harry og Moa Martinson. Grunnlegginga skhedde på initiativ av sentralkommitéen i Kommunistpartiet etter at fleire forfattarlag var blitt oppløyste: RAPP, Proletkult, VOAPP og musikarorganisasjonen RAPM.

Forfattarforeininga hadde som føremål å oppnå parti- og statskontroll over litteraturen. Medlemskap i han blei obligatorisk for profesjonelle forfattarar, medan ikkje-medlemmar hadde særs avgrensa moglegheitar for publisering. Dermed innebar utestenging frå foreininga i prinsippet eit publiseringsforbid. Trass i dette såg foreininga gjennom historia fleire døme på at forfattarar frivillig gjekk ut av han. Til dømes forlet Vasilij Aksenov, Semjon Lipkin og Inna Lisnianskaja forfattarforeininga i solidaritet etter at Viktor Jerofejev og Jevgenij Popov var blitt utestengde som straff for sjølvpublisering i samband med den såkalla Metropolskandalen i 1979.

Efter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 blei foreininga delt opp i separate foreiningar for kvar av dei postsovjetiske statane.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Garrard, John; Carol Garrard (1990). Inside the Soviet Writers' Union. London: Tauris. s. xv. ISBN 9781850432609.