Inkarikets fall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gravferda åt Atahualpa

Inkarikets fall er historia om korleis inkadynastiet tapte makta over inkariket til Spania. Det gjekk nærare 25 år frå europearane først kom til Stillehavet (25. september 1513) og fekk høyre om eit gulland i sør, til inkaene i røynda tapte riket til den spanske krona med slaget i Cajamarca og dei spanske conquistadorane kontrollerte inkariket. Slaget som avgjorde utfallet tok om lag 2 timar, kosta dei innfødde ca. 6-7000 liv utan at nokon spanjolar vart såra.

Det kom fleire mindre motåtak og eitt alvorleg opprør. Frå tidspunktet då den spanske conquistadoren Francisco Pizarro på erobringstoktet gjekk i land i byen Tumbes lengst nord i det moderne Peru våren 1532 skulle det gå vel fire år fram til siste store motstanden mot inntrengjarane vart slegen ned. Det skjedde etter det mislukka inkaopprøret i 1536 i Cuzco under leiing av inkamarionetten Manco Cápac II. Etter dette opprøret eksisterte ei lita sjølvstendig statsdanning for dei siste inkaene og herskarklassen med senter i Vilcabamba over ein periode på 36 år, leia av Manco Cápac og etterfylgjarane hans. I 1572 vart den siste inka og dei øvste hærfolka hans teken av spanske styrkar. Hendinga i 1572 stadfesta endeleg inkarikets fall sjølv om det er meir rett å vise til 16. november 1532 med slaget i Cajamarca. I Europa har maktovertakinga oftast vore nemnt som erobringa av inkariket.

Historisk ramme[endre | endre wikiteksten]

Sentrale personar i hendingane[endre | endre wikiteksten]

  • Huayna Cápac var den som førte ekspansjonen av riket til endes, og den siste inka i det sameinte riket. Han møtte aldri menneskja som kom frå Europa, men høyrde om dei som vitja kysten av Sør-Amerika. Somme krøniker seier at Huayna hadde tatt ei avgjersle om å splitte riket i to delar, men det får vi aldri stadfesta.
  • Huáscar (1503–1532) son av Huayna Cápac. Leiarar i Cuzco peika ut Huáscar til inka i Cuzco og han hadde i starten stønad frå lojale folk i store delar av riket med unntak frå Quito-provinsen.
  • Atahualpa (ca 1502–1533) var halvbror til Huáscar og voks opp i Quito og etter det krøniker fortel fekk han styre i Quito i ei rolle som provinsguvernør allereie då faren inka Huayna Cápac levde. Då spanjolane sette inn åtaket i 1532 hadde han slått styrkane til Huáscar og sette Huáscar i fangenskap.
  • Francisco Pizarro (ca 1475–26 juni 1541) er den europear som har fått æra av å ha erobra inkariket. 26. juli 1529 fekk han løyve frå den spanske krona til å «oppdage» og erobre Peru med tittelen guvernør og overhovud for Peru.
  • Diego de Almagro (1475–26 april 1538) var den andre spanske conquistadoren med løyve til å erobre land i Sør-Amerika, men sør for Peru. Han var med i Pizarro sitt erobringstokt. Almagro og Pizarro var lenge vennar, seinare opponentar og kom i strid med kvarandre, noko som kom til å koste livet åt begge.
  • Manco Cápac II var ein marionettinka sett inn av Francisco Pizarro. Også Manco var son av Huayna Cápac.

Europa[endre | endre wikiteksten]

Rundt år 1500 hadde dei kristne herskarane i Spania nett gjort ferdig «reconquista», dei hadde tatt heile Den iberiske halvøya attende frå nordvestafrikanarar som kom på 700-talet. Den ubundne spanske inkvisisjonen var skipa, det vart utvikla ein systematisk rasistisk ideologi, limpieza de sangre, («blodets reinleik»), og jødar og andre etniske folkegrupper som ikkje lét seg døype vart drivne ut av Spania.

Alexander VI frå Valencia var pave frå 1492 til 1503 og vart etterfylgd av ei rekke italienske pavar med ei kort mellombels pavegjerning av den tyske pave Hadrian VI frå 1522 til 1523. Hadrian VI var og lærar for Carlos I (Karl V). Carlos I var den første spanske konge frå 1516 til 1656. Det var danna ein allianse mellom kongemakt og den katolske kyrkja i landet, og kyrkja var sterkt involvert i koloniseringa av «den nye verda» som no var i ei byrjing. Alexander VI godkjende erobringa av nye koloniar, berre innbyggjarane vart døypt til den katolske trua. Ferdene vestover i 1492 og dei komande tiåra hadde likskapar med krosstoga. Alt i år 1500 var delar av de store øyene i Vest-India under spansk herredømme og Tenochtitlan og aztekarane i Mexico vart erobra i 1521 og encomienda var godt utbygd i dei områda som var koloniserte.

Inkariket[endre | endre wikiteksten]

Ein kan omtale inkariket som ein stat av mange tidlegare åtskilde kulturar, nokon av desse kulturane hadde røter attende til sivilisasjonar med eit opphav frå kring år 200, som moche og wari. Då dei første europearane kom til Sør-Amerika hadde inkariket vist seg som ein statseining med eit sterkt leiarskap. Inka Huayna Cápac var eit respektert og ovundra statsoverhovud over heile riket. Men inkariket var ein ung stat, han var mest ein føderasjon av mindre einingar med sjølvstyre, med ei sterk sentral leiing godt hjelpt av eit vel utvikla system for militær og sivil administrasjon.

Borgarkrigen[endre | endre wikiteksten]

Både Huayna Cápac og den første arvingen hans Ninan Cuyuchi døydde i kopparepidemien mellom 1525 og 1527. Ein stod då att med svekka leiarskap i staten som gav utspring til ein rask undergangen for riket. Sentralt i denne prosessen stod konflikten mellom to stridande partar, Huascar og Atahualpa, begge søner åt Huayna Cápac.

Det er ikkje klart om Huayna Cápac utnemnde Huascar til herskar. Huascar var kjent for si gruelege framferd og var nær ved å drepe søster si og mor si. Trass desse karaktertrekka var han godt likt i dei sørlege regionar av riket og hadde stønad i heile riket med unntak frå Quito. Atahualpa derimot var vald til å regjere i nordriket, det som var kjent som kongeriket Quito og var delar av dagens Ecuador og sørlege Colombia.

Etter få relativt fredfulle år braut det ut krig mellom dei to brørne. Militærstyrkane til Huascar åtok Quito og hadde først krigslykke, men styrkar lojale til Atahualpa slo tilbake og dreiv Huascar attende gjennom Andesfjella mot Cuzco. I eit slag utanfor byen vann Quito-styrkane og Huascar vart fanga. Atahualpa sin general Quisquis erobra Cuzco og førte i gjennom ei utrydding av familien åt Huascar og andre som kunne gjere krav på trona. Det er estimert at 100 000 menneskjer vart drepne i denne blodige striden. Mange vart lemlesta, kroppar vart hengt opp på spyd for visning, og nærare 1 500 medlemer av dei kongelege vart myrda framføre Huascar, blant dei også hans eigne born. Atahualpa sjølv tok ikkje del i gjerningane i Cuzco, men gjennomførte straffetiltak blant cañarifolket i Quito-provinsen.

Mot slutten av 1532 var det militære forsvaret av riket organisert omkring tre generalar, Chalcuchima fekk ansvar for midtriket, Quisquis var i Cuzco medan Rumiñavi blei ståande igjen i nord. Atahualpa reiste no sjølv sørover i retning Cuzco. Det vart ein høg pris for gjerningane til Atahualpa og styrkane hans. Krigen hadde medverka til å svekke riket og akkurat no i dette kritiske augeblikket i riket si historie var det at dei spanske conquistadorane under Francisco Pizarro kom til byen Tumbes i Nord-Peru. Det var då berre ruinar att av byen etter borgarkrigen.

Erobringa av sentrale og sørlege delar av riket[endre | endre wikiteksten]

Pizarro sitt endelege erobringstokt starta frå Panama 27. desember 1530 starta med 180 mann og 37 hestar. I april–mai 1532 nådde dei fram til Tumbes og dei starta på framrykkinga innover i landet frå den nye spanske byen San Miguel de Piura.

Cajamarca 1532 – 1533[endre | endre wikiteksten]

Cajamarca, med Santa Appollonia-haugen i forgrunnen.
Foto: J. Stander

Samstundes hadde Atahualpa eit opphald i Cajamarca på reisa mot Cuzco med hæren sin, Cajamarca ligg berre ca. 550 kilometer frå Piura. Det er skrive at Pizarro starta marsjen frå Piura mot Cajamarca den 24. september. Atahualpa og Pizarro viste om kvarandre og der den andre var etter at ein utsending frå Atahualpa hadde vitja Pizarro i Piura. Det var to vegar mellom Piura og Cajamarca. Pizarro kunne velje delar av hovudvegen Cápac Ñan i høglandet, men valde mest sannsynleg ei vestleg rute gjennom dagens region Lambayeque der han mellom anna passerte den historiske staden Batán Grande som var rik på gull. Ruta som Pizarro følgde gav store utfordringar i eit land med totalt ukjente forhold. Her var kryssing av elver med hestane, hete og tørke ved gjennomgang av ørkenområde og siste etappen mot Cajamarca eit bratt fjellpass på over 4000 moh. med kulde og eit strekk med ring veg. Langs inkavegane låg tambos (gjestehus) med matforråd. Folkesetnaden i området var ikkje vennleg ovanfor den nye inka Atahualpa, «quitoarane» hadde lagt på dei nytt pliktarbeid, mita. Tidleg den 15. november 1532 nådde Pizarro fram til ei høgde med utsyn over Cajamarca. Han var ikkje tvilrådig, men gjekk straks heilt inn i byen med styrkane sine, tok kontakt med Atahualpa same dagen og nytta natta til å planlegge korleis Atahualpa skulle nøytraliserast, kan hende etter tidlegare råd frå Hernán Cortés som fanga aztekarleiaren Moctezuma II i Tenochtitlan, Mexico i 1521.

Då Atahualpa vart boren inn på landsbyplassen i Cajamarca i berestolen sin framføre Pizarro sine løynde soldatar, var lagnaden for inkariket allereie avgjort. Brutaliteten i slaget i Cajamarca og seinare drapet på inkakongen var med på å bringe fram ein etisk debatt i Spania kring kolonialismen. Francisco Pizarro kom sjølv inkaen til unnsetning i kampen og redda han frå drap. Med det var Atahualpa fange hjå spanjolane, same kvelden åt Atahualpa og Pizarro kveldsmat saman og maktsituasjonen i inkariket var totalt snudd om.

Løysepengerommet, El Cuarto del Rescate, er eit opent museum i Cajamarca. Bygningen har større mål enn løysepengerommet kjent frå krønikeskrivarane, John Hemming skriv at bygningen som vert vist fram truleg var del av eit tempel og kan vere rommet som vart nytta som fengsel for Atahualpa.
Foto: Antonio Velasco

Sjølv om fleire tusen indianske krigarar og nobilitetar var drepne i slaget, var det framleis ein mykje stor styrke i leirområdet til inkaene utanfor byen. Spanjolane tillét Atahualpa kontakt med styrkane sine og han instruerte dei til å lyde dei spanske conquistadorane. Spanjolane nytta derfor høve til å plyndre leiren og dei vart forundra over der store gullskattar dei fekk med seg. Atahualpa merka seg gullappetitten spanjolane synte, og ville nytte det til sin eigen føremon. Han skjønte at motivasjonen for den spanske styrken ikkje var anna enn å få ut mest mogleg av gull- og sølvskattar til seg sjølv og til kongen. Det var då han kom med det vidkjente løysepengetilbodet til Pizarro som gjekk ut på at inkaen ville samle inn gullskattar som fylte eit fastsett rom om Pizarro gav han fridomen attende. I tillegg til gullskattane ville Atahualpa samle nok sølv til å fylle rommet to gonger. Dette skulle skje innan to månader. Rommet hadde flatevidd på 17 gonger 22 fot og skulle fyllast til over 8 fot i høgda. Pizarro gjekk med på tilbode og lét Atahualpa skjøne at han kunne reise til Quito når gullet var kome inn.

Atahualpa gav ordrar til sine underordna sjefar om å samle inn skattane. I det heile synte ikkje Atahualpa stor otte for situasjonen som fange, han var framleis forgjord i borgarkrigen med Huascar og frykta ein allianse mellom Huascar og Pizarro. Derfor Atahualpa ordre om å avrette Huascar, og det skjedde ikkje langt frå Cajamarca.

Mykje gull kom inn til løysepengerommet dei to første månadene frå ulike delar av landet, spanjolane begynte å smelte det om for å få plass til meir, men dei vart utolmodige av ventinga. Det var Atahualpa sjølv som foreslo å plyndre to av dei templa han meinte kunne gje mest: Coricancha i Cuzco og templet i Pachacamac. Han trudde at spanjolane ville forlate landet om dei berre fekk med seg desse største skattane.

I påska 1533 kom Diego de Almagro frå Panama med 150 nye friske mann og titals hestar. Det sette sterkare press på Atahualpa. I mai var mykje av løysepengane på plass, omsmeltinga av ulike typar kunstgjenstandar i gull og sølv starta og Hernando Pizarro starta gulltransporten til kongen i Spania. Bokhaldet synte at 6 092 kg 22,5 karat gull og 11 705 kg sølv vart smelta om i Cajamarca. Dette inkluderte 285 lamalaster frå dei siste karavanane frå Cuzco i juni. Ein femdel av lotten gjekk til krona medan resten vart fordelt mellom deltakarane i mengder etter rang: kavaleristane fekk 40 kg gull og det doble i sølv, fotfolket det halve og Pizarro sjølv det sjudoble pluss Atahualpa si trone på ca. 83 kg gull.

Men framleis sat inkaen Atahualpa som fange og han vart meir desperat, noko som gjorde spanjolane mistenksame. Det gjekk fleire rykte om opprør og om ordre frå Atahualpa til general Rumiñavi i Quito om å komme sørover for å åtake Cajamarca. I eit råd av dei spanske leiarar vart det tatt avgjersle om at Atahualpa måtte drepast, ikkje grunna fara frå Rumiñavi, men av di Atahualpa ville vere ein komande risiko. Atahualpa vart døypt og kvelt 16. eller 26. juli 1533 og gravlagt dagen etter.

No var Cuzco neste mål før å søkje fleire skattar.

Peru 1533 – 1542[endre | endre wikiteksten]

I august 1533 starta Francisco Pizarro og styrkane hans å marsjere frå Cajamarca mot hovudstaden Cuzco. No var det kort tid sidan folket i midten av riket og folket rundt Cuzco hadde opplevd ei omsynslaus erobring utført av Atahualpa. Difor vart Pizarro mange stader teken imot som ein frigjerar. Dette viste Pizarro å utnytte samstundes som kroninga av marionettinkaen Tupac Huallpa medverka til å overtyde dei innfødde om at ein inka framleis skulle styre riket. Pizarro møtte to alvorlege militære hindrangar på vegen mot Cuzco. Ved Jauja kom det til ei trefning mot styrkane åt general Chalcuchima. Spanjolane slo fort styrkane tilbake, og dei innfødde som overlevde trekte seg mot Cuzco for å slutte seg til general Quisquis. Quisquis tapte fort moralen og søkte flukt ned i Urubambadalen slik at byen Cuzco låg open for Pizarro. Conquistadorane møtte ikkje nokon motstand då dei reid inn i byen den 15. november 1533 saman med han som skulle bli den marionettinkaen som skapte problem for spanjolane, Manco Cápac II.


Mot slutten av 1536 viste ikkje Francisco Pizarro, som no sat i Lima, om Manco Cápac no hadde hærtatt Cuzco etter at styrkane først hadde omkrinsa byen. Pizarro fekk inn forsterkingar frå Spania og frå andre spanske koloniar. Dessutan frå fraksjonar av innfødde leiarar i Jauja. Situasjonen var prekær og det var snakk om ei gjenerobring av Peru eller i det minste ein offensiv for å slå ned opprøret. Pizarro sendte om lag 500 mann mot Cuzco i denne offensiven. Styrkane var leia av Alonso de Alvarado. Samtidig bygde det seg opp til ein annan trugande strid mellom to store fraksjonar av spanske styrkar, for akkurat på denne tida var Diego de Almagro og styrkane hans på veg tilbake frå Chile og nærma seg Cuzco. Almagro tok først Cuzco. 18. april 1537 kom Alvarado fram og gjekk til åtak, men tapte. Landet var no i røynda i ein borgarkrigsstode med Almagro (almagroane) og Pizarro (pizarroane) som opponentar til makta. Krigslukka snudde seg for almagroane og i slaget ved Las Salinas 26. april 1538 vart Diego de Almagro fanga og avretta i juni same år. Tre år seinare tok almagroane hemn, søndag 26. juni 1541 vart Francisco Pizarro myrda i heimen sin i Lima. Almagroane heldt makta i eit år og etter det var det ikkje alvorlege stridar spanjolane i mellom.

Statsdanninga Vilcabamba 1539 – 1572[endre | endre wikiteksten]

Etter at Manco Cápac hadde gjeve opp inkaopprøret i 1536 installerte han seg i festningsverket Ollantaytambo og samla hærstyrkane der. Diego de Almagro kom attende frå Chile-ekspedisjonen i 1537. Han lykkast ikkje med ein freistnad på tilnærming til Manco Cápac og tok Cuzco med hjelp frå eigne styrkar. Etter det innsåg Manco Cápac at det ikkje lenger var von om å ta Cuzco eller få attende posisjonen som marionettinka. Han fann det tryggast å fare bort frå Ollantaytambo og dermed gje opp det fruktbare høglandet. Han tok med seg forsyningar, hær og tilhengarar i retning av det mindre tilgjengelege Vilcabambaområdet. Dette vart ei flukt med almagroane etter seg. Dei spanske styrkane kom til byen Vitcos og fekk stor hærfang: eit stort gyllent solbilete, nyttig materiell, 50 000 alpakkaer og lamaer og dei tok ca. 20 000 menn frå Manco sine folk, mellom anna sonen Titu Cusi og mange av konene, men Manco Cápac sjølv fekk dei ikkje. Samstundes som Manco var på flukt over ein lang periode klarte han å starte ei rekkje oppstandar så langt sør som i Chile og ved Cochabamba i søraustlege Bolivia, og nord til Maroñon nord i Peru. Sjølv reiste han nordetter for å samle stønad, men måtte snu ved Huánuco. Frå februar 1539 vart Manco isolert i Vilcabambaområdet og det var no at byen Vilcabamba vart skipa som ein tilfluktstad for Manco og inkanobilitetane.

Allereie i april 1539 leidde Gonzalo Pizarro ein ekspedisjon for å ta Manco som dei no viste var i Vilcabambaområdet. I eit trongt og bratt juv kalla Chuquillusca ved Concebidayocelva, 22,5 kilometer frå Vilcabamba, vart Pizarro utsett for eit bakhaldsåtak og mista 36 soldatar. Etter endå ei trefning kom Manco seg unna. John Hemming fortel at Manco vart løynt av skogsindianarar slik at Gonzalo Pizarro trass i eit søk i området over fleire månader ikkje fann Manco. Men dei øydela busettinga i Vilcabamba, og tok kringsfangar til Cuzco, mellom anna prinsessa Coya Ocllo. Ho vart kledd av, hengt på den sentrale plassen i byen, skoten og kasta i Yucayelva, lengre ned kalla Urubambaelva. Også 16 kommandantar frå Manco-hæren hadde overgjeve seg og vart myrda av Francisco Pizarro. Bortsett frå ei lita gruppe i Huánaco var no all motstand i inkariket slegen ned før 1540.

I 1542 flykta sju personar av Almagro sine tilhengjarar frå Pizarro sine folk og fekk vern hos Manco Sayri Tupaq i Vilcabamba. Under ein leik i 1544 nytta ein av desse høve til å gjere åtak på Manco og drap han bakfrå med dolk. Etter det vart Sayri Tupaq ny inka i Vilcabamba.

Erobringa av Quitoprovinsen i 1534[endre | endre wikiteksten]

Etter at Atahualpa var avretta i 1533 drog soldatane hans attende til Quitoprovinsen der general Rumiñavi hadde kommandoen. Provinsen svara den gongen til det meste av det moderne Ecuador og sørlege delar av Colombia. I februar 1934 var Pizarro sin kaptein Sebastián de Belalcázar i San Miguel de Piura i nordre Peru. Han fekk høyre om ein ny invasjonsstyrke av spanjolar som kom frå Guatemala mot Ecuador. Det sette fart i Belalcázar og han sette straks i gang «quitokampanjen» sin. Det var òg rykte om store skattar i Quito. Belalcázar stemna ut frå San Miguel de Piura midt i februar i retning av Quito med 200 mann og 62 hestar. Styrkane hans trefte Rumiñavi og soldatane hans ved eit høgfjellspass mellom Riobamba og stillehavssida av den vestre cordillera nær byen Teocajas. Slaget ved Teocajas blei det største og mest blodige enkeltslag i kampane om inkariket der så mange som 50 000 innfødde kjempa mot ca. 200 spanjolar med 62 hestar. Slaget fann stad ca. 3. mai 1534. Det avgjorde ikkje kampen om Quitoprovinsen, men quitoane klarte ikkje å stoppe framrykkinga, dei lei store tap i menneskeliv i slaget medan Belalcázar tapte fire mann og fire hestar. Kampen synte at sjølv med enorme overtal av soldatar i forhold til invasjonsstyrkane, så kom dei innfødde til kort. Spanjolane rådde over våpenet som var avgjerande i kampen om inkariket, nemleg hestar.

Etter slaget ved Teocajas endra forsvaret strategi og freista å skade eller fange spanjolane sine hestar med fallgruver og liknande feller i vegen, men det fekk ingen effekt på framrykkinga. ca. 22. juni var Belalcázar utanfor Quito og fann byen evakuert og brent. Etter at invasjonsstyrkane var etablerte i byen gjorde Rumiñavi eit motåtak mot spanjolane i sentrum av byen, men Rumiñavi tapte kampen og mista både gull- og sølvskattane som var gøymt og - mange vakre kvinner.

I juli fór Belalcázar vidare nordover til Cayambe, Otavalo og Quince. I sistnemnde by var alle menn slutta seg til restar av nasjonale styrkar. Det gjorde Belalcázar rasande, han massakrerte då alle kvinner og barn i byen etter det Cieza de León fortel.

Cañariane som hadde territorium i sørlege Ecuador var motstridige undersåttar under inkaene og var brutalt handsama av Atahualpa. Naturleg nok slutta dei seg til dei spanske erobrarane og samarbeidde i framrykkinga mot Quito, noko som var til stor hjelp særleg ved dei viktigaste slaga, ved Teocajas og i Quito.

Anna samtidig militær aktivitet i Ecuador[endre | endre wikiteksten]

Eit anna spansk militært initiativ starta opp i 1534. Conquistadoren Pedro de Alvarado frå Mexico kom til Ecuador med 4000 innfødde frå Guatemala allereie 25. februar. Med store vanskar kjempa han seg opp i høglandet, kan hende til Riobamba. Dette nærvære frå de Alvarado var ikkje autorisert av Pizarro slik at det bygde seg opp til strid mellom to spanske grupperingar. Diego de Almagro var i Peru og tok seg nordover til Ecuador for å slutte seg til de Belalcázar i å stå imot styrkane frå de Alvarado. Diego de Almagro var alliert med Pizarro og hevda dei hadde dei legale rettane på dette territoriet. Det kom aldri til kampar mellom Pedro de Alvarado og dei andre spanske styrkane i Ecuador. 26. august fekk Diego de Almagro kjøpe ei skriftleg semje med de Alvarado og de Alvarado reiste attende til Guatemala. Diego de Almagro fekk ta kommando over styrkane som de Alvarado lét vere attende.

Chile og Bolivia frå 1535[endre | endre wikiteksten]

Det kom ingen spanjolar for å ta makta i dette området før Diego de Almagro sin ekspedisjon til Chile som starta i juli 1535. Grunnen kan vere at den sørlege provinsen i Tawantinsuyu, Collasuyu, hadde mindre økonomisk og militær tyding enn den nordlege. Det var lojalitetsband mellom inkanobilitetane og lokale leiarar i sør mellom anna med hjelp av effektiv kommunikasjon halden oppe med hjelp av chasquiar, stafettløparar. Etter at inkaene Huáscar og Atahualpa var drepne veit ein lite om kor lojaliteten frå dei lokale leiarane i sør låg, men vi veit at marionettinkaen Manco Cápac II og i endå større grad broren Paullu hadde innverknad i sør. de Almagro sin ekspedisjon i Chile enda med retur i 1536.

Manco freista å skape mest mogleg opprør rundt om i riket i perioden han sat som regent i Vilcabamba i Peru. Brørne Hernado og Gonzalo Pizarro sette opp ein ekspedisjon i 1538 for å roe ned slike opprør i Collasuyu. Dei tok med seg den andre marionettinkaen, Paullu. Dei gjekk lengre aust enn ekspedisjonen til de Almagro i 1535, ned Cochabamba-dalen i Bolivia. Her møtte dei sterkt motstand og ein kan kalle dette for eit erobringstokt. Eit stort og langvarig slag var slaget ved Cochabamba der dei mista initiativet mot ein styrke av fleire titusen innfødde leidd av inka-generalen i Collasuyu, Tiso. Pizarro-brørne fekk forsterkingar frå Peru og striden enda med at Tiso overgav seg. Etter det arbeidde Tiso lojalt for spanjolane.

Manco Cápac hadde åtvara chilenarane mot Pedro de Valdivia sin styrke som gjekk til Chile i 1540. I område ved Santiago hadde dei innfødde følgt denne oppmodinga så sterkt at dei destruerte mat og klede for å unngå at dette kom i hendene til spanjolar. Santiago vart brent og øydelagt i eit åtak frå mapuchane 11. september 1541, men Pedro de Valdivia og dei andre som overlevde klarte med naud å redde kolonien frå utsletting.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hemming, John: The Conquest of the Incas. Macmillan, 1970.
  • Fuglestad, Finn: Latin-Amerika og Karibiens Historie, Cappelen Akademiske Forlag, 1994