Den store moskeen i Kano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den store moskeen i Kano er hovudmoskeen i byen Kano i Nigeria og den største moskeen i Nigeria.[1] Han ligg ved sida av Gidan Rumfa, bustaden til emiren av Kano, ein viktig muslimsk leiar i Nigeria.

Den opphavlege store moskeen i byen var ein jordmoské forma som eit tårn (soro). Han blei bygd for kong Muhammad Rumfa på 1400-talet, då islam fekk fotfeste i Kano-riket. Moskeen skal ha blitt gjenbygd for Muhammed Zaki i 1582 på ein ny stad. På siste halvdel av 1800-talet skal han ha blitt gjenreist av Sarkin Kano Abdullahi etter å ha forfalle. Denne moskeen hadde eit 20 meter høgt tårn, og blei omtalt som den mest imponerande bygningen i Vest-Afrika. Som andre jordbygningar måtte han stadig reparerast.

Den siste jordmoskeen blei riven på 1950-talet. Deretter støtta Storbritannia bygginga av ein ny moské som takk for Nigeria sitt bidrag i andre verdskrigen. Den noverande moskeen blei bygd i 1963. Han følgjer generell muslimsk arkitektur med kuppel og to minaretar, og har ikkje noko til felles med tradisjonell nigeriansk byggjekunst.

Moskeen blei råka av eit bombeåtak frå Boko Haram den 28. november 2014. Rundt 120 menneske døydde og 260 blei såra. Åtaket blei sett på som retta mot emiren av Kano, Sanusi II, som hadde gått sterkt ut mot Boko Haram og oppfordra folk til å slost mot dei berre ei veke tidlegare. Emiren var ikkje i Kano då åtaket fann stad.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kano» (2014), Encyclopædia Britannica.
  2. AFP, Suicide bombers, gunmen kill 64 at prominent Nigeria mosque, henta 29 November 2014 ; «BBC News - Nigeria unrest: Kano mosque attack kills dozens», BBC News, henta 29 November 2014 ; Al Jazeera and agencies, Scores killed in Nigeria mosque blasts, henta 29 November 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]