Den store nordiske krigen og Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den døde Karl XII vert boren over grensa til Sverige. Måleri av Gustaf Cederstrøm.

Den store nordiske krigen var ein krig som vart utkjempa mellom koalisjonen Danmark–Noreg, Russland og Sachsen-Polen (frå 1715 òg Preussen og Hannover) på den eine sida og Sverige på den andre sida frå 1700 til 1721. Han starta med eit samla åta på Sverige frå koalisjonen i 1700 og enda i 1721 med freden i Nystad og Stockholm-traktaten. Som følgje av krigen erstatta Russland Sverige som den dominerande stormakta i Austersjøen og fekk ei viktig rolle i europeisk politikk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1561 og 1658 kjempa Sverige ei rekkje krigar i Baltikum og voks til eit imperium. I denne perioden okkuperte Sverige dei danske provinsane Skåne, Blekinge og Halland og dei norske provinsane Jämtland, Härjedalen, Trøndelag og Bohuslän. For Danmark var den vedvarande svenske innblandinga i Holstein vondare å svelgje enn tapet av provinsane. I tillegg kravde svenskane landområde i det danske Schleswig.

Seint i 1690-åra allierte Russland, som òg hadde mista område til Sverige, seg med Danmark–Noreg, i lag med hertugen av Sachsen, som venta å få tilbake tapte område i kongedømet Polen for å styrke den indre stillinga si.

Då den unge Karl XII tok over trona i Sverige i 1697, såg desse landa høvet til å erobre attende dei tapte landområda.

Tidlege sigrar[endre | endre wikiteksten]

I 1700 gjekk dei tre nasjonane til åtak og Sverige måtte møte vanskane med å ha kjempe på tre frontar samstundes. Ingen venta det som skjedde så. Den første delen av krigen bestod av ei rekkje sigrar for Sverige under Karl XII. Danmark vart slått sommaren 1700 og trekte seg ut av krigen fram til 1709. Russland vart slått i slaget ved Narva i november, men tok tilbake offensive og grunnla byen St. Petersburg mellom 1703 og 1707. Då Karl XII slo August den sterke i 1706-07, vart han mellombels avsett frå den polske trona.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Fredrik IV av Danmark stolte ikkje på adelen og omgav seg med ministrar og rådgjevarar av lågare byrd. Det eine unntaket var halvbror til kongen, Ulrik Christian Gyldenløve, som 25 år gammal var admiralgeneral og øvstkommanderande for marinen.

Fredrik reiste rundt i Noreg i 1704 for å evaluere tilhøva til hæren sin og det andre kongedømet sitt. Om morgonen, midt på dagen og om kvelden heldt kongen audiens, der kven som helst kunne tale til han, frå både rike godseigarar til fattige bønder.

Slaget ved Poltava[endre | endre wikiteksten]

Karl XII vart slått av Peter i slaget ved Poltava (i dagens Ukraina) i juni 1709 og armeen hans vart nesten heilt utsletta. Han flykta til Det osmanske riket der han var fem år i eksil.

På vestfronten[endre | endre wikiteksten]

Tilbake i vesten invaderte Danmark i november 1709 Skåne og Magnus Stenbock, som hadde ansvaret for forsvaret i Sverige, klarte å slå Danmark i Helsingborg i 1710. Samstundes erobra Russland Livland og Estland i aust. Trass i ein ny svensk siger over danskane i Gadebusch i desember 1712, vart armeen til Stenbock tvungen til å overgje seg i Tønning i mai 1713. Med Karl XII borte og imot viljen hans, vart det halde eit møte i Sverige vinteren 1713-1714 der dei foreslo fredsforhandlingar.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I september 1709 fekk norske styrkar ordre om å mobilisere og mot slutten av oktober samla 6 000 mann seg nær svenskegrensa ved Svinesund, medan 1500 mann vart samla nær grensa ved Kongsvinger.

I august 1710 kom baron Løvendal til Noreg som guvernør og vart kommandant for eit land som hadde vorte tømt for ressursar av krigane det siste hundreåret. Guvernøren gav seg ut på å byggje den sivile og militære leiarskapen, berre ein kort marsj frå Sverige. Då han forlet Noreg i 1712 hadde han utført reformer som skapte siviltenesta i Noreg og gjekk vidare med å dokumentere statsverksemder i ein grad Noreg ikkje hadde sett før. I tillegg var han ein sterk militær leiar.

Baron Løvendal bygde og utstyrte ein norsk arme for å invadere og ta attende dei tidlegare norske provinsane Bohuslän under generalløytnant Caspar Hausmann. Samstundes foreslo han ein sterk flåte for vern og transport til sjøs, og Fredrik gav han ein slik styrke under viseadmiral Sehested i juni 1711. I august marsjerte den norske armeen inn i Bohuslän, og vart varmt teken imot av dei tidlegare landsmennene. På seinsommaren hadde derimot ikkje flåten til viseadmiral Sehested dukka opp utanfor kysten og hadde i staden av Fredrik IV vorte send til Austersjøen. Utan marinestøtte måtte den norske armeen returnere til Noreg.

Hausten 1711 vart Danmark råka av pest, og berre i København mista 70 000 innbyggjarar livet.

1712 var eit skuffande år for Noreg, då Fredrik IV gav Løvendal beskjed om å ikkje gå til åtak med den norske armeen og i staden utfylle danske styrkar andre stader. General Hausmann fekk ansvar for heile forsvaret til Noreg, både til lands og til sjøs.

Folkeopprør[endre | endre wikiteksten]

Krigen førte til ekstra skattlegging og unge norske bondegutar vart tvungen ut i krigen, noko som førte til opprør i delar av landet. Av dei mest kjende tilfella er bondeopprøret i Hallingdal i 1713 og ein soldatstreik i Telemark i 1720. I 1713 talte to leiande bønder i Hallingdal mot dei danske styresmaktene, og kravde ein slutt på krigsskatten, fordi bøndene ikkje klarte å bere desse kostnadane. Det enda med at skatteoppkrevjarane fann lukka dører i heile regionen og måtte kalle inn til eit allmøte. Dei to leiarane vart stilt for retten og dømd til straffarbeid på festninga i Akershus. Ein av dei, Elling Villand, vart òg dømd til å gje frå seg garden sin, men vart sleppt fri eit halvt år seinare og sat på garden sin til han døydde.

I Telemark stod ein av dei leiande bøndene opp mot den tyske kapteinen i 1720, og kravde slutt på at bondesønene måtte tvingast ut i krigen. Nordmennene var no trøytte av krigen. Saka kom opp for retten og bonden, Olav Hovdejord, vann saka. Kapteinen vart kalla tilbake til Danmark på grunn av den grove oppførselen sin etter at han hadde kappa av høgrehanda til Olav.

Stralsund fell[endre | endre wikiteksten]

Berre staskapen til kanslaren, grev Arvid Horn, heldt Sverige inne i krigen fram til Karl omsider vendte heim att frå Det osmanske riket. Han kom til den svenske byen Stralsund i november 1714 på sørsida av Austersjøen. Karl var no i krig med det meste av Nord-Europa og Stralsund var dømd til undergang. Karl vart verande der fram til desember 1715, før han rømde nokre dagar før Stralsund fall.

Karl var på dette tidspunktet rekna som galen av mange, sidan han framleis ikkje ville godta fred, og fordi Sverige alt hadde betalt ein stor pris utan nytt håp i sikte. Alle dei svenske områda i Baltikum og Tyskland var no tapte.

Felttog i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Felttoget i Noreg i 1716[endre | endre wikiteksten]

Karl nekta å godta fred og då han kom attende til Sverige, byrja han å samle inn materiale og menn for eit nytt felttog, denne gongen mot København. Han skulle gå over det islagte Øresund frå Skåne, men isen smelta før han kom så langt at han fekk sett i gang åtaket, så han skifta i staden fokus. Karl XII valde då å invadere Noreg frå Bohuslän. Han samla inn informasjon til korleis han skulle klare dette, men general Hausmann åtvara Fredrik IV, som ikkje trudde på generalen og sende han bort utan vidare.

Den norske armeen hadde vorte svekka tidleg i 1716 då 5000 av dei beste soldatane vart sende for å forsvare Danmark. I tillegg var ikkje den norske øvstkommanderande Barthold Lützow kjend som ein flink leiar. Då rykta nådde Kristiania om at Karl XII førebudde seg på invasjon, vart resten av soldatane i Østerdal og Gudbrandsdal flytta til grensa ved Halden og Fredrikstad. Nordmennene venta at eit åtak frå Sverige kunne skje ved Kongsvinger, Basmo eller Halden. Det var ved Basmo Karl XII slo til, kryssa grensa og oppretta eit hovudkvarter ved Høland prestegard den 8. mars 1716. Den norske kommandanten i distriktet mangla ikkje mot og utan å vente på full støtte, gjekk han til åtak på den langt større styrken til Karl med berre 200 dragonar, som kjempa tappert, men leid store tap før kommandanten sjølv vart fanga.

Då general Lützow høyrte om dette tapet trekte han dei fremste soldatane sine attende og sette opp eit forsvar ved Kristiania. Dei svenske styrkane rykte fram og med ein sterk garnison i Akershus festning, trekte Lützov seg tilbake til Bragernes i Drammen den 19. mars. Den norske brente jords taktikken og geriljaraida til innbyggjarane i Bohuslän gjorde at Karl fekk vanskar med forsyningane sine. I tillegg truga dei norske festningane bak linja hans ein mogeleg retrett om han skulle verte seriøst svekka i kamp. Karl tok Kristiania, men utan kraftig omleiringsartilleri klarte han ikkje å ta Akershus festning.

Etter ein kort okkupasjon av Kristiania, følgde Karl vegen sin tilbake til dei norske festningane søraust i Noreg, med mål om å ta dei, særleg Fredriksten festning. Dette ville fjerne trugselen under ei tilbaketrekking, og dei kunne tene som base for offensiven hans seinare på året. I tillegg ville han ha kapra hamnene ved munningen av Glomma. Dette gjorde at han kunne ta imot naudsynte forsyningar for å klare å kringsette Akershus.

Soldatane til Karl prøvde å ta Fredriksten i eit stormåtak den 4. juli. Soldatane tok byen etter harde kampar, men innbyggjarane sette sine eigne hus i brann og Karl klarte ikkje å ta festninga, måtte trekkje seg attende og vente på kraftige kanonar frå svenske Dynekilen.

Kommandør Wibe leia den dansk-norske flåten utanfor Bohuslän og gjekk til åtak på forsyningane. Norske Peter Wessel, som no var ein kaptein i denne flåten hadde fått tittelen Tordenskjold for tidlegare handlingar. Han leia eit vågal avskjeringsraid der han kapra eller øydela heile den svenske transportflåten, og enno viktigare, øydela dei svenske forsyningane i Dynekilen i Bohuslän. Karl hadde no lite forsyningar att og trekte seg raskt tilbake over Svinesund og brende bruene bak seg. Den 12. juli var det ikkje ein svensk soldat att i Noreg. For denne hendinga burned his bridges behind him. By juli 12, not a Swedish soldier remained in Noreg. For denne bragda gjorde Fredrik IV Tordenskjold til kommandør.

I oktober 1716 fekk norske kommandør Tordenskjold leiinga for ein skvadron i Nordsjøen og vart øvstkommanderande for den norske sjøstyrken, sjølv om baron Wedel, den nye norske generalen, protesterte.

Den rolegare tida i 1717[endre | endre wikiteksten]

Sjølv med nederlaget i Noreg, planla Karl framleis å gjenopprette æra si med ein ny norsk invasjon. 1717 gjekk med til å forsterke styrkane på begge sider. Det var lite militære handlingar, berre to mislykka åtak på Göteborg og Strömstad frå skvadronen til Tordenskjold. Etter desse mislukka oppdraga vart kommandør Tordenskjold avsett som kommandant for Nordsjø-flåten.

Felttoget i Noreg i 1718[endre | endre wikiteksten]

Kommandør Tordenskjold fekk ansvaret for Austersjø-flåten, og var kommandant på linjeskipet «Ebenezer» med 64 kanonar. Nordsjø-flåten under kontreadmiral Rosenpalm patruljerte kysten langs Bohuslän, men gjekk ikkje til åtak. Med den danske flåten i Austersjøen og berre lett patruljering av Nordsjø-flåten, vart mange forsyningar flytta innom skjergarden i Bohuslän i løpet av sommaren 1718 og opp til norskegrensa. Utrustinga bestod av kanonar, ammunisjon og forsyningar som var naudsynte for å ta den sterke grensefestninga Fredriksten i Fredrikshald.

Hausten 1718 gjekk Karl igjen til åtak på Noreg. Han vart drepen medan han inspiserte frontgravene ved omleiringsutstyret mot Fredriksten. Dette førte til at dei krigstrøytte styrkane hans umiddelbart trekte seg tilbake til Sverige og enda effektivt det norske felttoget.

Avsluttinga[endre | endre wikiteksten]

Krigen vart endeleg over i 1721. Sverige hadde mista nesten alle dei oversjøiske områda sine som dei hadde teke på 1600-talet og var ikkje lenger ei stormakt. Russland tok dei baltiske områda og frå no av var det dei som var stormakta i aust. Maktbalansen mellom Sverige og Danmark-Noreg var no gjenoppretta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]