Den store raude flekken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den store raude flekken fotografert av Voyager 1 i 1979. Ein kan òg sjå mindre flekkar i andre fargar.

Den store raude flekken er eit ovalt stormområdeplaneten Jupiter, 22° sør for ekvator. Stormen har vara minst 176 år, og kanskje så lenge som 340 år. Flekken er stor nok til å vera synleg sett gjennom teleskop frå Jorda og vart truleg først observert av Giovanni Domenico Cassini, som skildra han om lag år 1665.

Flekken roterer mot klokka og brukar om lag seks jorddagar på ein runde. Forma hans er oval, og han måler 24–40 000 km frå aust til vest og 12–14 000 km frå nord til sør. Dette betyr at flekken ville vore stor nok til å romme to eller tre planetar på storleik med Jorda. Toppen av skyane i flekkområdet er ca. 8 km høgare oppe enn skyene rundt.

Stormar slik som Den store raude flekken er ikkje uvanlege i dei turbulente atmosfærane til gasskjempane. Jupiter har òg kvite og brune ovalar, som er mindre, ikkje-namnsette stormar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den store raude flekken
Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.