Den store stjerna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Den store stjerna» er ein julesong med tekst av Trygve Hoff. Melodien er laga av Svein Gundersen. Songen vart laga i 1987 for at Sissel Kyrkjebø skulle ha ein ny julesong til juleplata ho skulle utgi det året. Sidan det var tenkt at det skulle verte ein song for alle, skulle han skrivast på ein av dei to offisielle norske målformene. Og sidan Hoff fann det uråd å skrive om stjernen, vart songen på nynorsk.

Plata og songen vart ein suksess. 2. desember 1987 kunne avisene melde at Sissel Kyrkjebø hadde slått alle salsrekordar med juleplata si. Same dagen døydde Trygve Hoff.

«Den store stjerna» er med i Norsk salmebok som vart gitt ut i 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]