Den store tyrkiske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den store tyrkiske krigen
Del av osmansk-habsburgske krigar, polsk-osmanske krigar, osmansk-venetianske krigar og russisk-tyrkiske krigar.
Juliusz Kossak Sobieski pod Wiedniem.jpeg
Sobieski i Wien av Juliusz Kossak
Dato 1683–1699
Stad Austerrike, Ungarn, Serbia, Kroatia, Hellas og Ukraina (inkludert Krimhalvøya)
Resultat Avgjerande[1] siger til Den heilage ligaen, freden i Karlowitz
Endringar i landområde Austerrike vinn landområde i Ungarn og på Balkan, Polen vinn kontroll over delar av Ukraina, Russland erobrar Azov, Venezia erobrar Morea
Partar
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Flagget til Russland Tsardømet Russland
Flag of the Cossack Hetmanat.svg Det kosakkiske hetmanatet
Union Sachsen-Polen-Litauen.png Det polsk-litauiske samveldet
Flag of Most Serene Republic of Venice.svg Republikken Venezia
War Flag of Hungary.svg Kongedømet Ungarn
Croatian Chequy3.png Kongedømet Kroatia
Flag of Cross of Burgundy.svg Spania
Flag of Bavaria (lozengy).svg Kurfyrstedømet Bayern
Serbiske opprørarar
Albanske opprørarar
Greske opprørarar
Bulgarske opprørarar
lenkje={{{namn}}} {{{namn}}}
Gerae-tamga.svg Krim-khanatet

Den store tyrkiske krigen syner til ei rekkje konfliktar mellom Det osmanske riket og samtidige makter i Europa, som gjekk saman i Den heilage ligaen på andre halvdel av 1600-talet.

1667–1683[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg den polsk-kosakkiske-tatarske krigen (1666–1671), den polsk osmanske krigen (1672–1676) og den russisk-tyrkiske krigen (1676–1681).

Etter opprøret til Bohdan Khmelnytskij, då tsardømet Russland erobra delar av det austlege Ukraina frå Det polsk-litauiske samveldet, vart somme kosakkar verande att søraust i Samveldet. Leiaren deira, Petro Dorosjenko, ønskte å knyte resten av Ukraina til Det osmanske riket, og starta eit opprør mot hetman (polsk hærførar) Jan III Sobieski. Sultan Mehmet IV, som visste at Det polsk-litauiske samveldet var svekka som følgje av indre stridar, gjekk til åtak på Kamieniec Podolski, ein stor by ved grensa.

Den vesle polske styrken stod imot omleiringa av Kamieniec Podolski i to veker, men vart så tvungen til å kapitulere. Den polske armeen var for liten til å stå imot ein osmansk invasjon og klarte berre å vinne nokre få mindre taktiske sigrar. Etter tre månadar vart Polen tvungen til å signere freden i Buchach der dei måtte gå med på å overgje Kamieniec Podolski, Podolia og betale skatt til den osmanske sultanen.[2]

Då meldinga om nederlaget og avtalen nådde Warszawa, nekta Sejmen å betale skatten og organiserte ein stor arme under Jan Sobieski. Polakkane vann så Slaget ved Chocim i 1673. Etter kong Michał døydde i 1673, vart Jan Sobieski valt til konge av Polen. Han prøvde så å slå osmanarane dei neste fire åra, utan suksess. Krigen enda den 17. oktober 1676 med freden i Żurawno der tyrkarane berre fekk ha att kontroll over Kamieniec Podolski.
Dette tyrkiske åtaket førte i 1676 òg til starten på den russisk-tyrkiske krigen.

Niårskrigen (1683–1698)[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg Moreakrigen, den polsk-osmanske krigen (1683–1699) og den russisk-tyrkiske krigen (1686–1700).

Etter nokre år med fred gjekk Det osmanske riket til åtak på Habsburgmonarkiet. Tyrkarane klarte nesten å erobre Wien, men Jan III Sobieski leia ein kristen allianse som slo dei i slaget ved Wien, noko som utsette hegemoniet til Det osmanske riket i det søraustlege Europa.

Ein ny Heilag liga vart forma av pave Innocent XI og omfattar Det tysk-romerske riket (leia av Habsburg-Austerrike), Det polsk-litauiske samveldet og Republikken Venezia i 1684,[3] og seinare Russland i 1686. Det andre slaget ved Mohács vart eit knusande nederlag for sultanen.

Involveringa til Russland var første gong landet formelt vart med i ein allianse med dei europeiske maktene. Dette var starten på ei rekkje russisk-tyrkiske krigar, som heldt fram heilt til 1900-talet. Som følgje av Krim-felttoga og Azov-felttoga, kapra Russland den viktige osmanske festninga Azov.

Etter det avgjerande slaget ved Zenta i 1697 og mindre småkampar (som slaget ved Podhajce i 1698), vann ligaen krigen i 1699 og tvinga Det osmanske riket til å signere freden i Karlowitz.[4] Osmanarane avstod det meste av Ungarn, Transilvania og Slavonia til Habsburgmonarkiet medan Podolia vart gjeven attende til Polen. Det meste av Dalmatia gjekk til Venezia, i lag med Morea (Peloponnes), som osmanarane fekk attende med freden i Passarowitz i 1718.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christian S. Anderson, What Every Christian Should Know about Islam, Xulon Press, 2008, ISBN 9781606474426, p. 64.
  2. Kemp, Arthur, Jihad: Islam's 1,300 Year War Against Western Civilisation, (Lulu.com, 2008), 38.
  3. Treasure, Geoffrey, The making of modern Europe, 1648-1780, (Methuen & Co Ltd., 1985), 614.
  4. Sicker, Martin, The Islamic world in decline, (Praeger Publishers, 2001), 32.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den store tyrkiske krigen