Hopp til innhald

Den stygge andungen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den stygge andungen
Den grimme ælling

Forfattar(ar)H.C. Andersen
Språkdansk
Sjangereventyr
Utgjeven1843
Illustrasjon av Vilhelm Pedersen.

Den stygge andungen (dansk Den grimme Ælling) er eit eventyr skrive av H.C. Andersen, og er blant dei best kjende eventyra hans. Det blei fyrst gjeve ut den 11. november 1843 som del av eventyrsamlinga hans Nye Eventyr. Første Bind. Første Samling, i lag med tre andre eventyr.

Eventyret følgjer ein svaneunge som blir klekka ut i ein andegard ved ein herregard. I fyrste delen av soga veit verken svaneungen sjølv eller dei andre dyra i omgivnadene at han ikkje er ei and, og på grunn av den annleis utsjåendande blir behandla svaneungen dårleg. Svaneungen blir biten, dytta, gjord narr av, slått og sparka av ulike dyr og menneske. Fyrst i slutten av eventyret avslører H.C. Andersen at «den stygge andungen» eigentleg er ei svane. Dette skjer når svaneungen sjølv oppdagar identiteten sin då han nærmar seg nokre andre svaner og trur han vil bli drepe. Han bøyer hovudet sitt og ser sitt eige spegelbilde i vatnet.

Eventyret blir ofte tolka som H.C. Andersen si skildring av sin eigen tidlege ungdom, ein fabel der dyra speler menneskeroller.

Teiknaren Vilhelm Pedersen illustrerte eventyret.

Eventyret har mellom anna inspirert til teiknefilmen Den Grimme ælling og mig frå 2006 og til eit relieff på Risingskolen i Odense utført av Ida H. Mortensen i 1992 i H.C. Andersen sitt heimland Danmark.[1]

I filmen Hans Christian Andersen (1952) syng hovudrolleinnehavaren Danny Kaye songen «The Ugly Duckling», der soga om den stygge andungen blir gjenfortald. Filmen og songen blei store internasjonale suksessar.

Figurteater i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

I Noreg hadde dokketeateret ved Folketeatret i Oslo premiere på stykket «Den vesle andungen» den 14. februar 1954. Dramatiseringa var ved Birgit Strøm, som også var dokkeførar saman med Julian Strøm og Kjell Gamsjø. Willie Nordrå var både dokkemakar og regissør. Stykket var tonesett av Sverre Bergh.[2]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]