Den svecofenniske fjellkjeda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den svecofenniske fjellkjeda er eit belte av deformerte og omdanna bergarter som i dag utgjer ein stor del av Det baltiske skjoldet, særleg i sentrale delar av Finland og Sverige. Fjellkjededanninga fann stad for kring 1990–1770 mill. år sidan, og starta med ein kollisjon av store jordskorpeplater. Sediment og vulkanske avleiringar samla seg i senkingane, og vart etter kvart omdanna til metamorfe bergarter. For kring 1840–1830 mill. år sidan vart dei djupare delane av den sterkt fortjukka jordskorpa utsett for delvis smelting, og det danna seg migmatittar og tilknytte granittiske bergarter. Fjellkjededanninga vart avslutta for 1820–1770 mill. år sidan ved at det trong fram store massar av djupbergarter som er nær uåpverka av den svecofenniske deformasjonen. I Bergslagen i området kring Skellefte og Norrbotten i Sverige vart det danna vulkanske bergartar som har gjeve grunnlag for produksjon av jernmalm og sulfidmalm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]