Den tradisjonelle mazdayasni-parsismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Religion
Indoiranske religionar
parsisme - hinduisme
djainisme - buddhisme
sikhisme - bahá’í
Denne artikkelen er
del av serien om

Parsismen
Teologi
Ahura Mazda
Angra Mainyu
Spenta Mainyu
Yazataene
Amesja Spentaene
Skrifter
Avesta - Khorda Avesta
Sentrale personar
Zarathushtra
Mardanfarrokh
Språk
avestisk - pahlavi
Religionsfilosofi
tru - etikk - moral
Organisasjonar og rørsler
Bombay parsi pantsjáyat
World Zoroastrian
Organisation
Den tradisjonelle
mazdayasni-parsismen
Gatha-parsismen

Den tradisjonelle mazdayasni-parsismen er ei uformell rørsle i parsismen, særleg i India. Rørsla blei til på 1990-talet då nokre ortodokse parsarar byrja å setja seg imot ombotsrørsla "gatha-parsismen", som dei meinte hadde fått for mykje makt over parsiske religiøse institusjonar.

Rørsla fremjar «grunnprinsipp for tradisjonell parsisk rett tru» blant parsarar, som grunnleggjarane til rørsla formulerte motmælet sitt mot gatha-parsismen. Dei viktigaste av desse prinsippa er:

  • Å tru på alle parsiske heilage skrifter som er inkludert i Avestaen eller kjem frå seinare tradisjon er den einaste måten å vera rettvis (asha). Her må ein særleg leggja merke til yasht-hymnar og vendidad, to delar av Avestaen som gatha-parsarar ikkje godtek. Yasht-hymnar har mange mytologiske historier om yazatane, amesha spentane og andre guddomlege vesen, som gatha-parsarar ikkje trur på. Vendidaden inneheld mange lovar og mytar som gatha-parsarar trur er seinare tillegg som er heilt imot Zarathustra si lære.
  • Mennesket vart skapt for å hjelpa den gode anden kriga imot den dårlege anden. Å utføra ein rite og å gå i flammetempelet er å gjera kriyakam, det vil sei, å gjeva makt til den gode anden og ta makt frå den dårlege anden. Ein må derfor utføra alle ritane og bruka flammetempelet på måten skildra i Avestaen og seinare bøker. Av den same grunnen må ein også bruka religiøse klednader, særleg sadreh (ei innerskjorte laga av bomull) og kashti (ein tråd som parsarar bind rundt midja).
  • Parsiske bøner har spesielle eigenskapar, som heiter maanthravani, når ein uttaler dei på avestisk språk. Dei dannar gode dirringar både inni og utanfor ein, som hjelper oss å kriga imot den dårlege anden. Ein må derfor prøva å bruka bøner på dei originale språka deira.
  • Alle lik må leggjast i ein dokhma («tårn til togn») for å bli etne av gribbar (dokhmehnashini), som skriven i Vendidaden. Det er ikkje lov å grava ned eller brenna lik.
  • Det er ikkje lov å omvenda andre folk til parsismen. Ahura Mazda gav denne religionen til dei iranske ariarane, og andre religionar til andre folk. For å bli parsar må ein derfor bli født parsar. Parsarar må også følgje reglane om búnak pásbani (sæd-reinleik), som gjer det ulovleg å liggja med ein som ikkje er parsar.
  • Ahura Mazda skal senda ein Saoshyant (frelsar) til jorda for å øydeleggja alt som er vondt og illkyndt. Alle gode menneske skal bli redda og alle dårlege straffa, og Mazda skal skapa jorda på ny, utan sorg, otte eller sut, som ho var før Ahriman kom.

Den tradisjonelle mazdayasni-parsismen og gatha-parsismen er enno berre rørsler og har ikkje skilt seg som forskjellige sekter. Det er derfor vanskeleg å vita kor mange parsarar som stør kvar av dei, men ein trur at den tradisjonelle mazdayasni-parsismen er sterkast blant parsarar i Mumbai og parsiske utvandrarar som flytta til Austafrika og Vesten i det 19. hundreåret.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]