Den utøvande makta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Utøvande makt er makt til å iverksette, handheve og oppretthalde lover og lovlege beslutningar. Utøvande makt er eit av dei tre maktområda som blir definerte og haldne frå kvarandre under maktfordelingsprinsippet. Dei to andre er lovgjevande makt og dømmande makt. Utøvende makt ligg vanlegvis hos monarkar, presidentar og regjeringar. I Noreg kan det hevdast at den utøvande makta svekka i forhold til den lovgjevande makta etter innføringa av parlamentarismen i 1884. Statsforvaltinga eller statsadministrasjonen er kjernen i den utøvende makta.

Personen eller stillinga som har den utøvande makta er som regel ein regjeringssjef. I ein republikk kan den utøvande makta ligge hos presidenten, som i USA. I slike tilfelle er dei to stillingane statsoverhovud og regjeringssjef slått saman. I andre republikkar er det presidentar med mest formelle funksjonar, f. eks. Island, Tyskland. I eit monarki låg i tidlegare tider den utøvande makta hos monarken, kongen, keisaren osv. I våre dagar er det eit fåtal monarkar som har reell utøvande makt lenger.

I nokre land som både praktiserer parlamentarisme og maktfordeling, som Frankrike, må regjeringssjefen stå til ansvar både for statssjefen og dei folkevalde.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.