Den utilgjengelege polen-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utilgjengelege polen-stasjonen
stasjon
Den utilgjengelege polen-stasjon i januar 2007 med bysta av Lenin
Land  Antarktis
Stad Kemp Land
 - koordinatar 82°06′S 54°58′E / 82.100°S 54.967°E / -82.100; 54.967
Grunnlagd 1958
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Den utilgjengelege polen-stasjonen
82°06′00″S 54°58′00″E / 82.1°S 54.9667°E / -82.1; 54.9667
Den utilgjengelege polen-stasjonen is located in Antarktis
Den utilgjengelege polen-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Pole of inaccessibility

Den utilgjengelege polen (russisk Полюс недоступности) er ein no nedlagt sovjetisk stasjon i Antarktis, ved den sørlege utilgjengelege polen, som er staden i Antarktis som ligg lengst borte frå kysten, slik dette vart definert i 1958 då stasjon vart oppretta. Seinare har dette punktet blitt flytta i høve til nye definisjonar, men alle ligg relativt nær denne stasjonen. Det vart teke meteorologisk observasjonar frå 14. desember 1958 til 26. desember 1958. Den utilgjengelege polen har den lågaste årsmiddeltemperaturen i verda med -58,2 °C.[1]

Stasjonen ligg 878 km frå Sørpolen og tilnærma 600 km frå Sovetskaja. Høgda er 3800 meter over havet. 18 mann nådde staden den 14. desemebr 1958 under Den tredje sovjetiske antarktisekspedisjonen.[2] WMO-nummeret til vêrstasjonen er 89550.[3]

Stasjonen hadde ei hytte for fire personar, ei radiohytte og ei elektrisk htyte. Desse bygningane var prefabrikkerte og vart transporterte på motorsledar. Like ved hytta vart det rydda ei landingsstripe for eit Li-2-fly som landa der 18. desember 1958. Utposten vart utstyrt med ein dieseldriven generator og ein radiosendar. Utstyr og personell vart levert av ein traktorkonvoi under Den tredje sovjetiske antarktisekspedisjonen. Den 26. desember vart utposten lagt på hylla. Fire forkarar vart frakta med fly og dei gjenverande 14 medlemmane vart frakta med traktorar. Stasjonen vart rekna som så langt unna andre stasjonar til at operasjonane vart rekna som trygge.[4]

I dag står bygningane framleis på staden, markert av ei byste av Vladimir Lenin og verna som ein historisk stad. I 2007 var bygningen nesten heilt gravlagd av snø, og berre statuen (på toppen av bygningen) er synleg.[5]

Den amerikanske ekspedisjonen som kryssa Dronning Maud Land nådde den utilgjengelege polen frå polstasjonen hausten 1965 og mannskapet vart flytt ut der frå av eit C130. Seinare på våren det året nådde eit nytt mannskap stasjonen med eit C130 for å ta observasjonar, fikse opp motorsledane og helde fram over Dronning Maud Land til slutten av sommaren ved den nye Plateau-stasjonen.[6]

Team N2i nådde den utilgjengelege polen den 19. januar 2007, og oppdaga på ny statuen av Lenin.[7]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Weather - Revised and Updated; by William J. Burroughs, Bob Crowder, Ted Robertson, Eleanor Vallier-Talbot, Richard Whitaker; page 59
  2. Nudel'man, A. V. (1959). Sovjetiske antarktisekspedisjonane 1955-1959. Moscow: Izdatel'stvo Akademii Nauk SSSR. 
  3. http://south.aari.nw.ru/data/Catalogue.html
  4. А.С. ЛАЗАРЕВ (16. desember 2008). «ДОСТИЖЕНИЕ ПОЛЮСА НЕДОСТУПНОСТИ» (på russisk). Arkivert frå originalen 10. juli 2017. Henta 9. mars 2014. 
  5. http://www.teamn2i.com/
  6. «Glaciology av Dronning Maud Land Traverse, 1964-65 Sørpolen - Pole of Relative Inaccessibility». 
  7. «Team N2i successfully conquer the Pole of Inaccessibility by foot and kite on 19th Jan '07».