Den venetianske skulen

Det store og resonante kyrkjerommet var ei av inspirasjonskjeldene for musikken i den venetianske skule
Den venetianske skulen var ein krets renessansekomponistar aktive i Venezia i perioden ca. 1550 til 1610 som skapte ei rørsle som blei viktig i europeisk musikkhistorie. Saman med monodien og operaen i Firenze definerer dei musikalske nyvinningane til komponistar frå denne skulen slutten på renessansemusikken og byrjinga på barokkmusikken; .
Flamlendaren Adrian Willaert som arbeidde som maestro di cappella i Markuskirken vert rekna som grunnleggar av skulen. Andre viktige komponistar var Cipriano de Rore, Claudio Merulo, Andrea Gabrieli, Giovanni Gabrieli og Claudio Monteverdi.
Den venetianske skule vert stilistisk kjenneteina av kromatikk og ei målsetting om å oppnå sterke kontrastar i dynamikk og i klangfarge. Rørsla var viktig for utviklinga av polyfon korteknikk med mellom anna ekkoeffekt og ein mektig klang. Skulen utvikla òg 5-stemmige madrigaler a cappella med avansert kromatikk som leia utviklinga vekk frå modale musikkformer.
Den venetianske skule bidrog til å frigjere instrumentalmusikken, og Andrea Gabrieli og Claudio Merulo introduserte instrumentale musikkformer som toccata, ricercar, canzona og sonata.
Rundt hundreårsskiftet 1500-1600 fekk dei såkalla tyskvenetianarane, Jacobus Gallus (òg Jacob Handl eller Jacob Handl-Gallus), Michael Praetorius og Hans Leo Hassler stor innverknad.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Den romerske skulen
- Florentiner Camerata
- Den napolitanske skulen
- Den flamske skulen
- Musica reservata
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Den venetianske skole» frå Wikipedia på bokmål, den 12. november 2010.
Denne historieartikkelen som har med musikk å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |