Den vesle bjørnen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vesle bjørn
Vesle bjørn
Latinsk namn Ursa Minor
Forkorting UMi
Genitivsform Ursae Minoris
Symbologi Frå grekaren Aratos
Rektasensjon 15 h
Deklinasjon 70°
Areal 256 kvadratgrader
nr. 56 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
2
Sterkaste stjerne Polaris (2,02. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −10°

Den vesle bjørnen (frå latin Ursa minor) er eit stjernebilde i senit på den nordlege himmelhalvkula. Det var eit av dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Ursa Minor er kjend som staden der den nordlege himmelpolen, men dette vil ein gong endre seg på grunn av presesjonen til ekvinoks.

Polaris, den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet, er ei gulkvit superkjempe og den mest lyssterke kefeiden (variabel stjerne) som varierer frå tilsynelatande storleik 1,97 til 2,00. Beta Ursae Minoris er berre litt mindre lyssvak med ein tilsynelatande storleik 2,08. Ho vert òg kalla Kochab og er ei oransje kjempestjerne, 16 grader frå Polaris. Fire stjernesystem i stjernebiletet har kjende planetar.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Den vesle bjørnen er det nordlegaste stjernebiletet.[1] Det grensar til Sjiraffen i vest, Draken i vest og Kefeus i aust. Det dekkjer 256 kvadratgrader og er rangert som det 56. største av dei 88 stjernebileta.

Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930. Den nordlege plasseringa gjer at heile biletetet berre er synleg for folk på den nordlege halvkula.[2]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet Ursa Minor slik det er for det nakne auga.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Polaris, eller Alfa Ursae Minoris er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet, og varierer i tilsynelatande storleik mellom 1,97 og 2,00 over ein periode på 3,97 dagar.[3] Ho ligg kring 432 lysår frå jorda,[4] er ei gulkvit superkjempe som varierer mellom spektralklassane F7Ib og F8Ib,[3] og har ein masse som er kring seks gonger så stor som sola, ein radius som er 45 gonger så stor og ein lysstyrke som er 45 000 gonger så sterk. Polaris er den mest lyssterke kefeiden sett frå jorda. Det er eit trippelt stjernesystem og superkjempa har to gulkvite hovudseriestjerner kring seg i ein avstand på 17 og 2400 AU og med ei omlaupstid på 29,6 og 42 000 år.[5]

Beta Ursae Minoris, tradisjonelt kalla Kochab, er berre litt mindre lyssvak enn Polaris med tilsynelatande storleik 2,08. Ho ligg kring 131 lysår frå jorda, og er ei oransje kjempe med spektralklasse K4III.[6] Ho er noko variabel med ein periode på 4,6 dagar, og har ein masse som er estimert til 1,3 gonger sola sin.[7] Kochab er 450 gonger meir lyssterk enn sola og har ein diameter som er 42 gonger så stor, med ein overflatetemperatur på kring 4130 K.[8] Ho er estimert å vere kring 2,95 milliardar år gammal, pluss eller minus 1 milliard år. Kochab har ein planet som er kring 6,1 gonger så massiv som Jupiter med ein bane på 522 dagar.[9]

Gamma Ursae Minoris, tradisjonelt kalla Pherkad, har ein tilsynelatande storleik som varierer mellom 3,04 og 3,09 omtrent kvar 3,4 timar.[10] Ho er ei kvit lyssterk kjempe med spektralklasse A3II-III,[10] med kring 4,8 gonger solmassen, 1050 gonger lysstyrken og 15 gonger radiusen.[11] Pherkad høyrer til ein klasse stjerner kalla Delta Scuti-variabel[10]—pulserande stjerner med kort periode (maks seks timar) som har blitt nytta som standardlyskjelde og vert studert innan astroseismologi.[12] Eit anna mogeleg medlem av denne klassen er Zeta Ursae Minoris,[13] ei kvit stjerne med spektralklasse A3V,[14] som har byrja å bli avkjølt, utvide seg og auke lysstyrken. Ho har truleg vore ei B3 hovudseriestjerne og er no noko variabel.[13] Med ein storleik på 4,95 finn ein Eta Ursae Minoris.[15] Ho er ei hovudseriestjerne klasse F med spektralklasse F5V, 97 lysår unna.[16] Ho er dobbel så stor som sola og 1,4 gonger så massig, og skin med ein lysstyrke som er 7,4 gonger så sterk.[15] Nær Zeta ligg Theta Ursae Minoris med storleiksklasse 5,00. Ho ligg kring 860 lysår unna,[17] og er ei oransje kjempe med spektralklasse K5III som har utvida seg og avkjølt seg bort frå hovudserien. Ho har ein estimert diameter som er kring 4,8 gonger sola sin.[18]

Delta og Epsilon Ursae Majoris ligg 3,5 grader frå himmelnordpolen. Delta er ei kvit hovudseriestjerne med spektralklasse A1V og eintilsynelatande storleik på 4,35, kring 172 lysår frå jorda.[19] Ho er òg kjend som Yildun, og har ein diameter som er kring 2,8 gonger så stor som og ein lysstyrke som er 47 gonger så sterk som sola.[20] Epsilon Ursae Minoris er eit trippeltsystem[21] som samla har ein storleiksklasse 4.22.[22] Primærstjerna er ei gul kjempe med spektralklasse G5III,[22] ein RS Canum Venaticorum-variabel. Ho er ei spektroskopisk dobbeltstjerne, med ei følgjestjerne som ligg 0,36 AU unna, og ei tredje stjerne, ei oransje hovudseriestjerne med spektralklasse K0—8100 AU unna.[21]

Nær Polaris ligg Lambda Ursae Minoris, ei raud kjempe med spektralklasse M1III. Ho er ein halvregulær variabel med storleiksklasse som varierer frå 6,35 til 6,45.[23] RR Ursae Minoris er ei raud kjempe med spektralklasse M5III som òg er ein halvregulær variabel med storleiksklasse frå 4,44 til 4,85 over ein periode på 43,3 dagar.[24] T Ursae Minoris er ei anna raud kjempe som er variabel stjerne. Ho var tidlegare ein Mira-variabel som no er blitt ein halvregulær variabel.[25] Ein trur at stjerna har gått gjennom eit helimglimt - eit punkt der heliumskalet rundt stjerna har nådd ein kritisk masse og tatt fyr. Det skjedde i 1979.[26] Z Ursae Minoris er ei lyssvak variabel stjerne som brått falt 6 storleiksklassar i 1992 og var identifisert som ein sjeldan stjerneklasse—R Coronae Borealis-variabel.[27] RW Ursae Minoris er ein is kataklysmisk variabel som lyste opp som ein nova i 1956, og nådde storleiksklasse 6. I 2003 var ho framleis to storleiksklassar over det ho pleidde å vere, og vert svekka med ein rate på 0,02 storleiksklassar i året. Avstanden er blitt kalkulert til 5000 ± 800 parsec (16 300 lysår), som gjer at ho ligg i den galaktiske haloen.[28]

Calvera er namnet på ei røntgenkjelde kjend som 1RXS J141256.0+792204 i ROSAT All-Sky Survey Bright Source Catalog (RASS/BSC).[29] Ho har blitt identifisert som ei isolert nøytronstjerne, ei av dei næraste av av sitt slag til jorda.[30]

I tillegg til Kochab har ein funne ytterlegare tre stjernesystem med planetar. 11 Ursae Minoris er ei oransje kjempe med spektralklasse K4III kring 1,8 gonger så massiv som sola. Ho er kring 1,5 milliardar år gammal, og har blitt avkjølt og utvida seg sidan ho var ei hovudseriestjerne klasse A. Ho ligg kring 390 lysår unna, og skin med ein tilsynelatande storleik på 5,04. Ein planet med 11 gonger massen til Jupiter vart oppdaga rundt stjerna med ein periode på 516 dagar i 2009.[31] HD 120084 er ei anna utvikla stjerne, ei gul kjempe med spektralklasse G7III, kring 2,4 gonger massen til sola. Ho har ein planet 4,5 gonger massen til Jupiter med ein av dei mest eksentriske planetbanane (med ein eksentrisitet på 0,66). Denne vart oppdaga i 2013.[32] HD 150706 er ei solliknande stjerne med spektralklasse G0V kring 89 lysår unna solsystemet vårt. Tidlegare trudde ein denne hadde ein planet like massiv som Jupiter i ein avstand på 0,6 AU, men dette vart så avvist i 2007.[33] I 2012 viste det seg at ho hadde ein planet likevel, kring 2,7 gonger så massiv som Jupiter i ein bane som tar 16 år og er 6,8 AU frå sola si.[34]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Den vesle bjørnen har heller få djupromsobjekt. Eit kjend objekt er Den vesle bjørnen-dverggalaksen, ein dverggalakse, som ligg i stjernebiletet.

Meteorsverm[endre | endre wikiteksten]

Ursidane er ei meteorsverm som stråler ut frå Den vesle bjørnen med ein topp mellom 18. og 25. desember. Opphavet til svermen er kometen 8P/Tuttle.[35]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Guilherme de Almeida (2004). Navigating the Night Sky: How to Identify the Stars and Constellations. Springer. ISBN 1-85233-737-0. 
  2. Ian Ridpath. «Stjernebilete: Lacerta–Reven». Star Tales. self-published. http://www.ianridpath.com/stjernebileta2.htm. Henta 22. juni 2016. 
  3. 3,0 3,1 Otero, Sebastian Alberto (4 desember 2007). «Alfa Ursae Minoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=37413. Henta 16. mai 2014. 
  4. «Alfa Ursae Minoris - Classical Cepheid (delta Cep type)». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=Alf+UMi&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 22. juni 2016. 
  5. Kaler, James B.. «Polaris». Stars. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/polaris.html. Henta 22. juni 2016. 
  6. «Beta Ursae Minoris - Variable Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=Bet+UMi&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 18. mai 2014. 
  7. Tarrant, N. J.; Chaplin, W. J.; Elsworth, Y.; Spreckley, S. A.; Stevens, I. R. (June 2008). «Oscillations in ß Ursae Minoris. Observations with SMEI». Astronomi and Astrophysics 4,3 (3): L43–L46. arXiv:0804.3253. Bibcode:2008A&A...483L..43T. doi:10.1051/0004-6361:200809738. 
  8. Kaler, James B.. «Kochab». Stars. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/kochab.html. Henta 22. juni 2016. 
  9. Lee, B.-C.; Han, I.; Park, M.-G.; Mkrtichian, D.E.; Hatzes, A.P.; Kim, K.-M. (2014). «Planetary Companions in K giants β Cancri, μ Leonis, and β Ursae Minoris». Astronomi & Astrophysics 566: 7. Bibcode:2014A&A...566A..67L. doi:10.1051/0004-6361/201322608. A67. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Watson, Christopher (4. januar 2010). «Gamma Ursae Minoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=37414. Henta 18. mai 2014. 
  11. Kaler, James B. (20 desember 2013). «Pherkad». Stars. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/pherkad.html. Henta 18. mai 2014. 
  12. Templeton, Matthew (16. juli 2010). «Delta Scuti and the Delta Scuti Variables». Variable Star of the Season. AAVSO (American Association of Variable Star Observers). http://www.aavso.org/vsots_delsct. Henta 22. juni 2016. 
  13. 13,0 13,1 Kaler, James B.. «Alifa al Farkadain». Stars. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/alifa.html. Henta 22. juni 2016. 
  14. «Zeta Ursae Minoris - Variable Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=Zet+UMi&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 22. juni 2016. 
  15. 15,0 15,1 Kaler, James B.. «Anwar al Farkadain». Stars. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/anwar.html. Henta 22. juni 2016. 
  16. «Eta Ursae Minoris». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-basic?Ident=Eta+Ursae+Minoris&submit=SIMBAD+search. Henta 22. juni 2016. 
  17. «Theta Ursae Minoris - Variable Star». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-basic?Ident=Theta+Ursae+Minoris&submit=SIMBAD+search. Henta 22. juni 2016. 
  18. Pasinetti Fracassini, L. E.; Pastori, L.; Covino, S.; Pozzi, A. (February 2001). «Catalogue of Apparent Diameters and Absolute Radii of Stars (CADARS) - Third edition - Comments and statistics». Astronomi and Astrophysics 367: 521–24. arXiv:astro-ph/0012289. Bibcode:2001A&A...367..521P. doi:10.1051/0004-6361:20000451. 
  19. «Delta Ursae Minoris». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=Delta+UMi&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 22. juni 2016. 
  20. Kaler, James B.. «Yildun». Stars. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/yildun.html. Henta 22. juni 2016. 
  21. 21,0 21,1 Kaler, James B.. «Epsilon Ursae Minoris». Stars. University of Illinois. http://stars.astro.illinois.edu/sow/epsumi.html. Henta 22. juni 2016. 
  22. 22,0 22,1 «Epsilon Ursae Minoris - Variable of RS CVn type». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. http://simbad.u-strasbg.fr/simbad/sim-id?Ident=Eps+UMi&NbIdent=1&Radius=2&Radius.unit=arcmin&submit=submit+id. Henta 22. juni 2016. 
  23. Watson, Christopher (4. januar 2010). «Lambda Ursae Minoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=37416. Henta 22. juni 2016. 
  24. Otero, Sebastian Alberto (16. november 2009). «RR Ursae Minoris». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. http://www.aavso.org/vsx/index.php?view=detail.top&oid=37384. Henta 18. mai 2014. 
  25. Uttenthaler, S.; van Stiphout, K.; Voet, K.; van Winckel, H.; van Eck, S.; Jorissen, A.; Kerschbaum, F.; Raskin, G.; Prins, S.; Pessemier, W.; Waelkens, C.; Frémat, Y.; Hensberge, H.; Dumortier, L.; Lehmann, H. (2011). «The evolutionary state of Miras with changing pulsation periods». Astronomi & Astrophysics 531: A88. arXiv:1105.2198. Bibcode:2011A&A...531A..88U. doi:10.1051/0004-6361/201116463. 
  26. Mattei, Janet A.; Foster, Grant (1995). «Dramatic Period Decrease in T Ursae Minoris». The Journal of the American Association of Variable Star Observers 23 (2): 106–16. Bibcode:1995JAVSO..23..106M. 
  27. Benson, Priscilla J.; Clayton, Geoffrey C.; Garnavich, Peter; Szkody, Paula. «Z Ursa Minoris -- a new R Coronae Borealis variabel». The Astronomical Journal 108 (1): 247–50. Bibcode:1994AJ....108..247B. doi:10.1086/117063. 
  28. Bianchini, A.; Tappert, C.; Canterna, R.; Tamburini, F.; Osborne, H.; Cantrell, K. «RW Ursae Minoris (1956): An Evolving Postnova System». The Publications of the Astronomical Society of the Pacific 115 (8,9): 811–18. Bibcode:2003PASP..115..811B. doi:10.1086/376434. 
  29. Rare dead star found near Earth, 20. august 2007, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 13. juli 2014, //web.archive.org/web/20140713133234/http://news.bbc.co.uk/2/hi/science/nature/6955769.stm, henta 22. juni 2016 
  30. Rutledge, Robert; Fox, Derek; Shevchuk, Andrew (2008). «Discovery of an Isolated Compact Object at High Galactic Breiddegrad». The Astrophysical Journal 672 (2): 1137–43. arXiv:0705.1011. Bibcode:2008ApJ...672.1137R. doi:10.1086/522667. 
  31. Döllinger, M.P.; Hatzes, A.P.; Pasquini, L.; Guenther, E. W.; Hartmann, M. (2009). «Planetary Companions around the K Giant Stars 11 Ursae Minoris and HD 32518». Astronomy and Astrophysics 505 (3): 1311–17. arXiv:0908.1753. Bibcode:2009A&A...505.1311D. doi:10.1051/0004-6361/200911702. 
  32. Sato, Bun'ei; Omiya, Masashi; Harakawa, Hiroki; Liu, Yu-Juan; Izumiura, Hideyuki; Kambe, Eiji; Takeda, Yoichi; Yoshida, Michitoshi; Itoh, Yoichi; Ando, Hiroyasu; Kokubo, Eiichiro; Ida, Shigeru (2013). «Planetary Companions to Three Evolved Intermediate-Mass Stars: HD 2952, HD 120084, and omega Serpentis». Publ. Astron. Soc. Japan: 1–15. 
  33. Wright, J.T.; Marcy, G.W.; Fischer, D.A.; Butler, R.P.; Vogt, S.S.; Tinney, C.G.; Jones, H.R.A.; Carter, B.D.; Johnson, J.A.; McCarthy, C.; Apps, K. (2007). «Four New Eksoplanets and Hints of Additional Substellar Companions to Eksoplanet Host Stars». The Astrophysical Journal 657 (1): 533–45. Bibcode:2007ApJ...657..533W. doi:10.1086/510553. 
  34. Boisse, I.; Pepe, F.; Perrier, C.; Queloz, D.; Bonfils, X.; Bouchy, F.; Santos, N. C.; Arnold, L.; Beuzit, J.-L.; Díaz, R. F.; Delfosse, X.; Eggenberger, A.; Ehrenreich, D.; Forveille, T.; Hébrard, G.; Lagrange, A.-M.; Lovis, C.; Borgarmeister, M.; Moutou, C.; Naef, D.; Santerne, A.; Ségransan, D.; Sivan, J.-P.; Udry, S. (2012). «The SOPHIE Search for Northern Extrasolar Planets. V. Follow-up of ELODIE Candidates: Jupiter-analogs around Sun-like Stars». Astronomi & Astrophysics 545. A55. arXiv:1205.5835. Bibcode:2012A&A...545A..55B. doi:10.1051/0004-6361/201118419. 
  35. Jenniskens, Peter (September 2012). «Mapping Meteoroid Orbits: New Meteor Showers Discovered». Sky & Telescope: 24. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den vesle bjørnen

Koordinatar: Sky map 15h 00m 00s, +75° 00′ 00″