Den vesle løva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den vesle løva
Den vesle løva
Latinsk namn Leo Minor
Forkorting LMi
Genitivsform Leonis Minoris
Symbologi Namngitt av Hevelius
Rektasensjon 10 h
Deklinasjon 35°
Areal 232 kvadratgrader
nr. 64 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne Praecipua (46 LMi) (3,83. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −45°

Den vesle løva (frå latin Leo Minor) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Ein kan sjå det svake bildet som eit triangel mellom Den store bjørnen og Løva. Det var ikkje eit av dei 48 bilda Ptolemaios teikna i det andre hundreåret, men blei skapt av Johannes Hevelius i 1687.

Det finst 37 stjerner som er meir lyssterk enn tilsynelatande storleik 6,5 i stjernebiletet og tre som er meir lyssterk enn 4,5.

Karakteristikk[endre | endre wikiteksten]

Stjernebiletet består av eit mørkt område med ein trekant av stjerner som så vidt er synlege for det nakne auga i gode tilhøve.[1] Det grensar til Den store bjørnen i nord, Gaupa i vest, Løva i sør og hjørnet av Krepsen i sørvest. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart teikna av Eugène Delporte i 1930. Den vesle løva er det 64. største av dei 88 stjernebileta og dekkjer eit areal på 232,0 kvadratgrader, eller 0,562 prosent av himmelen. [2]

Kjende objekt[endre | endre wikiteksten]

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

Det er berre tre stjerner i stjernebiletet som er lysare enn storleiksklasse 4,5,[3] og 37 stjerner som har storleiksklasse meir lyssterk enn 6,5.[2] Den vesle løva har ikkje ei stjerne med nemninga Alfa fordi Baily gjorde feil og gav berre ein gresk bokstav til ei stjerne, Beta.[4] Det er uklårt om han meinte å gje 46 Leonis Minoris ei Bayernemning, sidan han noterte at Beta og 46 Leonis Minoris hadde kring same lysstyrke i katalogen sin. Han døydde før han fekk godt igjennom katalogen sin.[3]

Med ein storleiksklasse 3,8 er den mest lyssterke stjerna i Den vesle løva ei oransje kjeme med spektralklasse K0III kalla 46 Leonis Minoris eller Praecipua;[5] fargen er lett å sjå gjennom kikkert.[6] Ho ligg 95 lysår frå jorda,[4] og har kring 32 gonger så stor lysstyrke og er 8,5 gonger så stor som sola.[7] Ho vart òg katalogisert og namngjeven O Leonis Minoris av Johann Elert Bode, som har blitt mistolka som Omicron Leonis Minoris.[3] Forvirrande er det òg at stjerna har eigennamnet Praecipua, som verkar å ha opphavleg blitt gjeve til 37 Leonis Minoris i 1814 i Palermo-katalogen til Giuseppe Piazzi, som feilaktig gav dette namnet til den sistnemnde stjerna.

Den vesle løva som ho er sett for det nakne auga.

Beta Leonis Minoris er ei dobbeltstjerne. Primærstjerna er ei kjempestjerne med spektralklasse G8 og tilsynelatande storleiksklasse 4,4. Ho hra kring dobbelt så stor masse, 7.8 gonger så stor radius og er 36 gonger så lyssterk som sola. Den primære og den sekundære er skilde av 11 bogesekund og den sekundære er ei gulkvit hovudseriestjerne med spektralklasse F8. Dei to går i bane rundt eit felles massesentrum kvart 38,62 år,[8] og ligg 154 lysår frå solsystemet.[9]

Kring 98 lysår borte og kring 10 gonger så lyssterk som sola, ligg 21 Leonis Minoris. Ho er ei raskt roterande, kvit hovudseriestjerne, som spinn kring aksen sin med ein perioden mindre enn 12 timar, og er særs flattrykt.[10] Ho har ein midlare tilsynelatande storleiksklasse 4,5 og spektralklasse A7V, og er ein Delta Scuti-variabel.[11] Desse er korte (seks timar på det meste) pulserande stjerner som har blitt nytta som standardlyskjelde og vert studert innan asteroseismologoi.[12]

SU og SV Leonis Minoris eller 10 og 11 Leonis Minoris, er gule kjemper med spektralklasse G8III, og ein midla storleiksklasse 4,54 og 5,34. Begge er RS Canum Venaticorum-variable,[13][14] og 10 Leonis Minoris varierer med 0,012 storleiksklasse over 40,4 dagar, og 11 Leonis Minoris med 0,033 storleiksklasse over 18 dagar.[15] 11 Leonis Minoris har ein raud dverg som følgjestjerne med spektralklasse M5V og tilsynelatande storleiksklasse 13,0.[16] 20 Leonis Minoris er eit fleirstjernesystem 49 lysår frå sola. Hovudseriesterja er ei gul stjerne, denne gongen ein dverg med spektralklasse G3Va og tilsynelatande storleiksklasse 5,4.[17] Følgjestjerna er ein gammal, aktiv raud dverg med relativt høg metallisitet med spektralklasse M6.5.

R og S Leonis Minoris er langperiodiske Mira-variable, medan U Leonis Minoris er ein halvregulær variabel;[18] alle tre er raude kjemper med spektralklassar M6.5e-M9.0e,[19] M5e [20] og M6.[21] R varierer mellom storleiksklassar 6,3 og 13,2 under ein periode på 372 dagar, S varierer mellom storleiksklassar 8,6 og 13,9 med ein periode på 234 dagar, og U varierer mellom storleiksklassar 10,0 og 13,3 med ein periode på 272 dagar. G 117-B15A, òg kalla RY Leonis Minoris, er ein pulserande kvit dverg med tilsynelatande storleiksklasse 15,5.[22] Med ein periode på kring 215 sekund, mistar han eitt sekund kvart 8,9 millionar år. Den 400 millionar år gamle stjerna er trudd å vere den mest stabile himmelklokka.[23]

SX Leonis Minoris er ein dvergnova av typen SU Ursae Majoris som vart identifisert i 1994.[24] Han består av ein kvit dverg og ei donorstjerne, som krinsar rundt kvarandre kvar 97 minutt. Den kvite dvergen sug materie frå den andre stjerna til ei akkresjonsskive og vert varma opp mellom 6000 og 10000 K. Dvergstjerna har utbrot kvar 34 til 64 dagar, og når storleiksklasse 13,4 i desse utbrota, og er elles storleiksklasse 16,8.[25] Den vesle løva inneheld ein annan dvergnova, RZ Leonis Minoris, som lyser opp til storleiksklasse 14,2 frå ein storleiksklasse på kring 17, men gjer dette i kortare intervall enn andre dvergnovaer.[26]

Ein har funne to stjernesystem med planetar. HD 87883 er ei oransje dvergstjerne med storleiksklasse 7,57 og spektralklasse K0V, 18 parsec frå jorda. Ho har ein diameter på tre fjerdedelar av sola, og er berre 31 gonger så lyssterk. Ho vert krinsa av ein planet med kring 1,78 gonger massen til Jupiter kvar 7,9 år, og der er mogelege andre småplanetar.[27] HD 82886 er ein gul dverg med spektralklasse G0 og tilsynelatande storleiksklasse 7,63.[28] Ho har ein planet 1,3 gonger massen til Jupiter med eit omlaup kvar 7,5 dagar, og vart oppdaga i 2011.[29]

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

Den vesle løva har mange galaksar som er mogeleg å sjå i amatørteleskop.[30] 3 grader søraust for 38 Leonis Minoris ligg NGC 3432 sett langs kanten. Ho vert kalla Strikkepinnegalaksen og har tilsynelatande storleik 11,7 og måler 6,8 gonger 1,4 bogeminutt.[1] Ho ligg 42 million lysår unna, og flyttar seg bort frå solsystemet med ein fart på 616 km per sekund. In 2000 lyste ei stjerne i galaksen galaxy opp til storleiksklasse 17,4, og har sidan blitt skildra som ein lyssterk blå variabel og supernovabedragar.[31] NGC 3003 er ein stavspiralgalakse med tilsynelatande storleiksklasse på 12,3.[32] NGC 3344 ligg 25 million lysår unna.[33] Han har ein tilsynelatande storleiksklasse på 10,45.[34] NGC 3504 erin starburst-stavspiralgalakse med tilsynelatande storleik 11,67.[35] Han hadde ein supernova i 1998[36] og 2001.[37] Denne og spiralgalaksen NGC 3486 har storleiksklasse 11,05.[38] NGC 2859 er ein linseforma galakse.[39]

Det er observert minst to par vekselverkande galaksar. Arp 107 er eit par galaksar som er i ferd med å sl åseg saman, 450 million lysår unna.[40] NGC 3395 og NGC 3396 er ein spiral- og irregulær stavspiralgalakse som vekselverkar, 1,33 grader sørvest for 46 Leonis Minoris.[41]

Det unike djupromsobjektet Hanny's Voorwerp vart oppdaga i Den vesle løva i 2007 av den nederlandske skulelæraren Hanny van Arkel då han deltok som frivillig i Galaxy Zoo-prosjektet. Det ligg nær 650 million lysår og er ein spiralgalakse IC 2497 med omtrent same storleik som Mjølkevegen.[42] Galaksen har eit 16 000 lysår breitt hòl.[43] Ein trur dette er eit synleg lysekko av ein kvasar som er blitt inaktiv,[44] kanskje så nyleg som for 200 000 år sidan.[42]

Meteorsverm[endre | endre wikiteksten]

Dick McCloskey og Annette Posen ved Harvard Meteor Program oppdaga i 1959[45] leonis minoridane som har ein topp mellom 18. og 29. oktober. Opphavet til svermen er den langperiodiske kometen C/1739 K1 (Zanotti).[46] Han er ein liten sverm som berre er synleg på den nordlege halvkula.[47]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den vesle løva


Koordinatar: Sky map 10h 00m 00s, +35° 00′ 00″