Den vesle magellanske skya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den vesle magellanske skya.

Den vesle magellanske skya er ein liten irregulær galakse og den nest næraste eksterne galaksen til Mjølkevegen. Han ligg omtrent 190 000 lysår unna og spenner over omtrent 3° innanfor det sørlege stjernebiletet Tukanen, der han er lett synleg for det nakne auga. Han har omtrent 2% av massen til Mjølkevegen og har ei fysisk breidd på omtrent 15 000 lysår.

I lag med Den store magellanske skya utgjer Den vesle magellanske skya dei dei magellanske skyene, som båe er namnsette etter Ferdinand Magellan. Sjølv om Den vesle magellanske skya inneheld mindre gass og støv enn Den store magellanske skya, inneheld han til liks med den større galaksen mange H II- og stjerneformande regionar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Small Magellanic Cloud» s. 369 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.