Denia Caballero

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denia Caballero
Statsborgarskap Cuba
Fødd 13. januar 1990 (34 år)
Caibarien
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett 2011, VM i friidrett 2013, Panamerikanske leker 2011, Panamerikanske leker 2015, Sentralamerikanske og karibiske leker 2014, CAC-mesterskapet i friidrett 2011, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Diskoskast damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Diskoskast kvinner

Denia Caballero Ponce (fødd 13. januar 1990) er ein kubansk friidrettsutøvar som vart verdsmeister i diskoskasting i 2015 og vann OL-bronse i 2016.

Caballero sette personleg rekord med eit kast på 65,60 m i mars 2012, men mislukkast i kvalifiseringa under Sommar-OL 2012. I juli 2015 vann ho diskos i dei panamerikanske leikane i Toronto med eit bestekast på 65,39 m, 40 centimeter framom si eiga landskvinne, Yaime Pérez. Vel ein månad seinare smelte Caballero til med heile 69,28 m i fyrste omgang under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing, noko som gav henne gullmedaljen nærare to meter framom favoritten Sandra Perković. Året etter sikra ho seg bronsemedaljen under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]