Denis Irwin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denis Irwin
Denis Irwin (2017-07-29 img06).jpg
Statsborgarskap Irland
Fødd 31. oktober 1965
Cork
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Joseph Denis Irwin (fødd 31. oktober 1965) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Cork. Han var sideback på Manchester United i tida 1990-2002, og var mellom anna med om å vinne meisterligaen, cupvinnarcupen og sju ligameisterskap.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Irwin spelte på Leeds United i 2. divisjon frå 1983 til -86. Sommaren 1986 fekk han fritt leide til divisjonskollega Oldham, der han i fire år hadde fast plass i fyrsteellevaren. Våren 1990 bidrog han til at klubben tok seg til semifinalane i FA-cupen for fyrste gong på 77 år. Eit par seinare veker tapte Irwin og Oldham ligacupfinalen med 0-1 mot Nottingham Forest.

Etter sesongslutt i mai 1990 vart Irwin overført til Manchester United mot £625 000. Dei neste 10-11 sesongane var han eit klart fyrsteval på venstrebacken til United, spelte også på høgrebacken. Gjennom tolv år med Manchester United var han med om å vinne cupvinnarcupen, ligacupen, sju ligameisterskap og tre FA-pokalar. I mai 1999, etter å ha avslutta ligaen som meister, måtte Irwin stå over finalen i FA-cupen, etter han vart utvist i semifinalen. Derimot var han plass ei veke etterpå, då Manchester United vann meisterligafinalen mot Bayern München på Camp Nou i Barcelona. Irwin spelte 368 ligakampar for United og skåra 22 mål.

Sommaren 2002 gjekk turen til Wolverhampton. Etter to år la han opp våren 2004, 38 år gamal.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Irwin spelte 56 landskampar for Irland i tida frå september 1990 til november 1999. Han skåra fire landslagsmål, to av dei på straffespark. Under VM i fotball 1994 var han med i dei to fyrste kampane til Irland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av meisterligaen: 1999 med Manchester United
  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1991 med Manchester United
  • Engelsk ligameister: 1993, 1994, 1996, 1997, 1999, 2000, 2001 (7) med Manchester United
  • Vinnar av FA-cupen: 1994, 1996 og 1999 med Manchester United
  • Vinnar av ligacupen: 1991 med Manchester United

Kjelder[endre | endre wikiteksten]