Denis Kapustin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denis Kapustin
Statsborgarskap Russland, Sovjetunionen
Fødd 5. oktober 1970
Kazan
Idrett friidrett, friidrett
Yrke friidrettsutøvar, trestegshopper

Denis Viktorovitsj Kapustin (fødd 5. oktober 1970) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Kazan. Han deltok internasjonalt i tresteghopp. Kapustin vart europameister i øvinga i 1994, tok EM-sølv i 1998 og OL-bronse i 2000. Hans personlege rekord er 17,65 m.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kapustin deltok ved VM i Stuttgart 1993, der han enda på ein sjetteplass. Året etter fekk hans sitt store gjemnombrot då han vann gullmedaljen i europameisterskapen 1994 i Helsingfors med eit tresteghopp som målte 17,62 m, sju cm lengre enn det franskmannen Serge Hélan oppnådde i sitt lengste hopp for dagen.

Under verdsmeisterskapen i 1995 vart Kapustin slått ut i kvalifiseringa, medan han ved VM 1997 enda på fjerdeplassen, trass eit bestehopp på heile 17,59 m. Ved EM 1998 hoppa han 17,45 m, noko som heldt til ein sølvmedalje bakom suverene Jonathan Edwards frå Storbritannia. Kort før europameisterskapen gjorde han elles sitt livs lengste tresteghopp med 17,65 m.

Etter å ha vorte nummer ni i VM 1999 vart Kapustin bronsmedaljør under dei olympiske sommarleikane 2000 etter eitt hopp på 17,46 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]