Dennis Aogo
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Dennis Aogo | ||
| Fødd | 14. januar 1987 (39 år) | ||
| Fødestad | Karlsruhe | ||
| Høgd | 184 cm | ||
| Posisjon | Forsvar, midtbane | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | VfB Stuttgart | ||
| Nummer | 3 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1993-94 1994-2000 2000-02 2002-05 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2005-08 2008-13 2013-17 2017- |
|
94 (11) 131 (2) 65 (0) | |
| Landslag | |||
| 2007-09 2010 |
|
25 (4) 7 (0) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 21. juli 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. juli 2026 | |||
Dennis Aogo (fødd 14. januar 1987 i Karlsruhe i Baden-Württemberg) er ein tysk tidlegare fotballspelar som var med å vinne bronsemedalje for Tyskland i Fotball-VM 2010. Han var aktiv for Hamburg, Schalke 04 og VfB Stuttgart i tysk Bundesliga. Aogo var vanlegvis vesntreback, spelte tidvis defensivt på midtbana. Far hans er frå Nigeria.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Etter fire sesongar i SC Freiburg, spelte Aogo i bundesliga frå 2008 til 2019. Etter tur gjorde han teneste i Hamburger SV, Schalke 04 og VfB Stuttgart. Han la opp i 2020, etter ein sesong med Hanover 96 i 2. ligaen.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Aogo deltok i 12 av Tyskland sine landskampar i tida frå 13. mai 2010 til 2. juni 2013. Han var med i troppa til Fotball-VM 2010 i Sør-Afrika og spelte sin einaste turneringskamp då Tyskland vann 3–2 over Uruguay i bronsefinalen i Port Elizabeth.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM-bronse: 2010 for Tyskland
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dennis Aogo» frå Wikipedia på tysk, den 4. august 2026.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |