Dennis Bovell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dennis Bovell

Dennis Bovell opptrer på Druga godba-festivalen i Ljubljana i Slovenia den 28. mai 2015
Fødd22. mai 1953 (70 år)
FødestadSaint Peter
AliasBlackbeard
OpphavBarbados
Aktiv1968–
SjangerDub, lover's rock, reggae, post-punk
InstrumentBass, guitar
Verka sommusikar, musikkprodusent, komponist, gitarist
Bovell (venstre) med Matumbi i Cardiff i 1978.

Dennis Bovell (fødd 22. mai 1953)[1] er ein barbadisk-britisk reggaemusikar og produsent. Han var sentral i utviklinga av reggae- og dubmusikk i Storbritannia, og var mellom anna med på å utvikla sjangeren lovers' rock.[2] Han var med på å skipa musikkgruppa Matumbi,[3] ei av ei første britiske reggaegruppene,[4] og har gjeve ut dub-reggaealbum under sitt eige namn og under artistnamnet Blackbeard.[5] Bovell har produsert album for ei rekkje artistar som Alpha Blondy, Bananarama og Madness. Han er også kjend for eit langvarig samarbeid med dub-diktaren Linton Kwesi Johnson.[3]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bovell blei fødd i Saint Peter på Barbados i 1953.[1] På midten av 1960-talet flytta han med familien til England og busette seg i London.[6] På skulen blei Bovell vener med framtidige rockemusikarar som tangentspelaren Nick Straker og plateprodusenten Tony Mansfield, som begge seinare samarbeidde med han.[7]

Han skipa musikkgruppa Matumbi i 1971.[1] Gjennom denne blei han del av Jah Sufferer sound system.[6][7] Som DJ eller controller for denne gruppa blei han i 1974 skulda for å ha forårsaka uro av politiet, og dømd til fengsel i tre år. Han blei sleppt ut etter seks månader etter ein anke.[8]

Bovell var lydingeniør på Dip Records, ein forløpar til platemerket Lovers Rock. Han var ein hovudfigur av sjangeren som blei kjend som lovers rock, og som blanda reggae med amerikansk soul.[2] Han er også kjend for forsøk på å blanda discorytmar med reggae, best kjend frå hitsongen «Silly Games» av Janet Kay. Ifølgje Bovell sjølv skreiv han «Silly Games» berre med det for auget å laga ein hitsong.[9] Han har også delteke i å skriva og produsera mesteparten av materialet til den britiske reggaesongaren Bobby Kray.[10]

Bovell har produsert album for ei rekkje artistar, mellom anna I-Roy, The Thompson Twins, Sharon Shannon, Alpha Blondy, Bananarama, The Pop Group, Fela Kuti,[11] The Slits,[12] Orange Juice og Madness. Han har samarbeida med dub-diktaren Linton Kwesi Johnson gjennom mykje av karrieren.[3]

I 1980 skreiv Bovell filmmusikk til Babylon av Franco Rosso, ein film inspirert av det afro-karibiske miljøet i London på 1970-talet som Bovell var ein del av.[13] Han har også skrive musikk til eit fjernsynsdrama frå 1983, The Boy Who Won the Pools, og Global Revolution frå 2006.[14]

I 2012 produserte Bovell albumet Mek It Run, det nyaste albumet hans.[15]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Strictly Dub Wize (1978), Tempus – som Blackbeard
  • I Wah Dub (1980), More Cut/EMI – som Blackbeard
  • Dub Conference (Winston Edwards & Blackbeard at 10 Downing Street) (1980), Studio 16 – med Winston Edwards
  • Brain Damage (1981), Fontana
  • Audio Active (1986), Moving Target – som Dennis Bovell and the Dub Band
  • Dub Dem Silly (1993), Arawak
  • Tactics (1994), LKJ
  • Dub of Ages (2003), LKJ
  • All Over the World (2006)
  • Dub Dem Silly Volume 2 (2006), Arawak – Dennis Bovell med Janet Kay
  • Corean Jamaican Connection, Powerslave – Yoonkee møter Dennis Bovell
  • Dub Outside (2011), Double Six – Steve Mason & Dennis Bovell
  • Mek It Run (2012), Pressure Sounds[15]
  • Dub 4 Daze (2015), Glitterbeat Records

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Decibel: More Cuts and Dubs 1976–1983 (2003), Pressure Sounds
  • Dub Master (1993), Jamaican Gold
  • Vibrativa – Mas Que Mirar (2010), Sonofotron Records

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Huey, Steve "Dennis Bovell Biography", Allmusic. Henta 27. desember 2014
  2. 2,0 2,1 Simon Reynolds, UK Post-Punk: Faber Forty-Fives: 1977–1982 
  3. 3,0 3,1 3,2 Veal, Michael E. (2007). Dub. Wesleyan University Press. s. 231–233. ISBN 978-0-8195-6572-3. Henta 26 May 2009. 
  4. Steffens, R. (17. februar 2018), «Bovell, Dennis», Grove Music Online 
  5. Thompson, Dave (2002), Reggae & Caribbean Music, Backbeat Books, ISBN 0-87930-655-6
  6. 6,0 6,1 Angus Taylor (04/09/2014), Interview with Dennis Bovell - PART I, REGGAEVILLE.COM 
  7. 7,0 7,1 Larkin, Colin (1998), The Virgin Encyclopedia of Reggae, Virgin Books, ISBN 0-7535-0242-9, s. 35-36.
  8. Melissa Bradshaw (2. februar 2011), «Anti-Sus Soundsystems: An Interview With Dennis Bovell», Quietus 
  9. «Dennis Bovell: UK Reggae, Lovers Rock, and the Power of Linton Kwesi Johnson». Afropop Worldwide. 2013. Arkivert frå originalen 19. mars 2014. Henta 27. februar 2014. «To this day, that song is still on the radio constantly. But that song, it was constructed to be a hit.» 
  10. Lester, Paul (13 June 2007). «No 122: Bobby Kray». The Guardian (Guardian News and Media Limited). Henta 6. mai 2009. 
  11. Cumming, Tim (31. mars 2006). «Dennis Bovell: The dub master – Features, Music – The Independent». www.independent.co.uk. Henta 26. mai 2009. 
  12. «Dennis Bovell and the Dub Band». Barbican. Arkivert frå originalen 27. mai 2011. Henta 26. mai 2009. 
  13. «30 years on: Franco Rosso on why Babylon's burning», The Independent, 11. november 2010 
  14. «Dennis Bovell (I)». www.imdb.com. Henta 26. mai 2009. 
  15. 15,0 15,1 Jeffries, David (17. juli 2012). «Mek It Run – Dennis Bovell: Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 17. september 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]