Dennis Chambers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dennis Chambers
Dennis Chambers Kongsberg Jazzfestival 2017 (190928).jpg
Fødd9. mai 1959
FødestadBaltimore
OpphavUSA
Aktiv1978–
Sjangerjazz
Instrumenttrommesett
PlateselskapSugar Hill Records
Verka somtrommeslagar, jazzmusikar

Dennis Chambers (fødd 9. mai 1959) er ein amerikansk trommeslagar som har spelt med mellom andre John Scofield, Steely Dan, Santana, Parliament/Funkadelic, David Sanborn, Bob Berg, Mike Stern og Santana. Han har også vore trommis i det svensk/norske Grafitti med Håkon Graf og Ulf Wakenius.

Spelestilen er prega av hans tekniske dugleik og godt utvikla koordinasjon. Han har særleg merka seg ut innan fusion- og funksjangrane, men han har også spelt med både akustiske jazzband og popartistar.

Chambers starta å spele som fireåring, og spelte sine første konsertar på nattklubbar i Baltimore allereie som seksåring. Då han var 18 år byrja han i Parliament Funkadelic, som han spela med frå 1978 til 1985. Han gjekk vidare til å jobbe saman med kjende fusionartistar som Scofield, Sanborn, Berg og «The Brecker Brothers». Sidan 1998 har han gjeve ut tre plater under eige namn.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]