Dennis Quaid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dennis Quaid

Fødd9. april 1954 (69 år)
FødestadHouston
Aktive år1975–
Verka somfilmskodespelar, skodespelar, flygar, stemmeskodespelar, fjernsynsskodespelar, manusforfattar, komponist
EktefelleP. J. Soles, Meg Ryan, Kimberly Quaid
SambuarMeg Ryan, Shanna Moakler
BornJack Quaid
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Dennis William Quaid (fødd 9. april 1954) er ein USA-amerikansk filmskodespelar frå Texas.

Quaid vart fødd i Houston i Texas og studerte drama. Han forlet universitetsutdanninga etter at broren Randy Quaid fekk ein oscarnominasjon, og prøvde lykka i Hollywood-byen Los Angeles. Etter å ha slite med å finna arbeid fekk han aukande merksemd gjennom Breaking Away (1979), publikumssuksessen Jaws 3-D (1983) og lovprisingar frå kritikarar gjennom The Right Stuff (1983). Quaid hadde hovudroller i Enemy Mine og Innerspace, og fekk ros for rolla som Jerry Lee Lewis i Great Balls of Fire! (1989). Quaid blei særleg kjend for det store smilet sitt, og spelte både i dramafilmar og komediar.

Først på 1990-talet fekk karrieren ein knekk då Quaid sleit med kokainmisbruk. Han fekk likevel ein del rosande omtale, og vann fleire prisar for Far From Heaven, der han spelte ein homofil ektemann på 1950-talet.

Spire Denne filmartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.