Denny Carmassi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denny Carmassi
Fødd30. april 1947 (73 år)
FødestadSan Francisco i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1970
SjangerRock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarMontrose
Gamma
Heart
Sammy Hagar
Ted Nugent
Verka somMusikar

Denny Carmassi (fødd 30. april 1947[1] er ein USA-amerikansk trommeslagar.

Då han var ferdig med skulen byrja Carmassi å spele i eit band kalla Sweet Linda Devine, og spelte inn eit album i New York på Columbia, produsert av Al Kooper, men bandet vart etter kvart oppløyst. Carmassi spelte så i fleire lokale band i San Francisco Bay Area før han byrja å arbeide med Montrose. Etter Montrose spelte han med det tidlegare Montrose-medlemmet Sammy Hagar som soloartist, og med Montrose-kollegaene Ronnie Montrose og Jim Alcivar i bandet Gamma.[1]

Denny har òg spelt med Heart, Coverdale-Page, Whitesnake og David Coverdale, [2] i tillegg til Randy Meisner, Kim Carnes, Al Stewart, Joe Walsh, 38 Special, Cinderella, Randy Newman, Foreigner og mange fleire.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

1970-åra

1980-åra

1990-åra

2000-åra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 https://www.drumchat.com/showthread.php/36457-Denny-Carmassi
  2. Adam Budofsky; Michele Heusel; Michael Ray Dawson; Michael Parillo (2006). The Drummer: 100 Years of Rhythmic Power and Invention. Hal Leonard. s. 69. ISBN 1-4234-0567-6.