Denny Dias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denny Dias
Fødd12. desember 1946 (74 år)
FødestadPhiladelphia, Pennsylvania, U.S.
FødenamnDennis Dias
OpphavUSA
Aktiv1965–
SjangerRock, jazz
InstrumentGuitar
Tilknytte artistar
PlateselskapABC Records
Verka somMusikar

Dennis Dias (fødd 12. desember 1946) er ein amerikansk gitarist, mest kjend som tidlegare medlem av Steely Dan.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Dias arbeidde med sit eige band i kjellaren sin i Hicksville i New York, då han sette inn ei annonse i The Village Voice[1] sommaren 1970 etter ein klaverspelar og bassist.[2] Donald Fagen og Walter Becker svarte på annonsen. Dei vart med i bandet hans og byrja raskt å spele eigne songar. Dias sparka resten av bandet og dei tre flytta til California, og fekk inn trommeslagaren Jim Hodder, gitaristen Jeff «Skunk» Baxter og songaren David Palmer før dei gjekk i studio for ABC/Dunhill Records som Steely Dan. Dias var fast medlem av bandet på Can't Buy a Thrill frå 1972 (med ein elektrisk sitarsolo på songen «Do It Again»), Countdown to Ecstasy frå 1973 og Pretzel Logic frå 1974. Etter turneen for Pretzel Logic, valte Becker og Fagen å lyøse bandet opp og bruke studiomusikarar på framtidige album. Sjølv om Dias ikkje lenger var medlem av bandet, fortsette han å arbeide med dei som studiogitarist og var med på Katy Lied i 1975, The Royal Scam i 1976 og Aja i 1977. I 1991 vart han medlem av Toto for sommarturneen deira. Han har òg arbeidd med Wayne Shorter, Wilfrido Vargas og Pete Christlieb. Somme av dei originale songane til Dis vart spelt inn i 1999 for albumet Matter of Time, med Lisa Jason (vokal) og Andy Bergsten (bass) i kjernen av bandet.

I 2012 spelte Dias med Spanky and Our Gang.[3] I 2014 spelte han med Denny Dias and Friends.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Steely Dan

Med andre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilkinson, Alec (30. mars 2000). «Steely Dan: Return of the Dark Brothers». Rolling Stone. Henta 5. januar 2019. 
  2. Pell, Nicholas (20. januar 2012). «Steely Dan Fans Are Assholes». L.A. Weekly. LA Weekly. Henta 5. januar 2019. 
  3. Roland, Terry (12. mars 2012). «Spanky & Our Gang's Lost Treasures of Americana Music». No Depression. ISSN 1088-4971. Arkivert frå originalen 30. september 2013. Henta 31. august 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]