Denny Doherty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denny Doherty
Mamas and Papas 1967.JPG
Fødd29. november 1940(1940-11-29)
FødestadHalifax i Nova Scotia i Canada
Død19. januar 2007 (66 år)
DødsstadMississauga i Ontario i Canada
FødenamnDennis Gerrard Stephen Doherty
OpphavCanada
Aktiv1960–2007
SjangerFolk, pop
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarThe Halifax III
The Mamas & the Papas
PlateselskapDunhill Records
Verka somSinger, låtskrivar, musikar, skodespelar
PrisarCanadian Music Hall of Fame

Dennis Gerrard Stephen Doherty (29. november 194019. januar 2007) var ein kanadisk songar, låtskrivar, musikar og skodespelar. Han var mest kjend som opphavleg medlem i 60-talsgruppa The Mamas & the Papas.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Denny Doherty vart fødd i Halifax i Nova Scotia som den yngste av fem barn. Han voks opp i ein strengt katolsk heim nord i Halifax. Faren var hamnearbeidar og mora var heime.

Doherty og tre vener, Richard Sheehan, Eddie Thibodeau og Mike O'Connell, byrja den musikalske karrieren sin i 1956 i eit band kalla The Hepsters. To år seinare var dei oppløyst. I 1960, framleis i Halifax, skipa Doherty, som då var 19, Pat LaCroix og Richard Byrne, ei visegruppa kalla The Colonials.[1]

Columbia Records signerte gruppa fleire månader seinare då dei hadde endra namn til The Halifax III. Bandet spelte inn to plater og fekk ein mindre hit, «The Man Who Wouldn't Sing Along With Mitch», men vart oppløyst i 1963.[2]

I 1963 vart Doherty vener med Cass Elliot då ho var med eit band kalla The Big 3. Medan han var på turné med The Halifax III, møtte Doherty John Phillips og kona, modellen Michelle Gilliam.

Nokre månader seinare var The Halifax III oppløyst og Doherty og venen Zal Yanovsky var blakke attende i Hollywood. Elliot overtydde manageren hennar om å hyre dei. Doherty og Yanovsy vart med i The Big 3. Kort tid etter tok dei inn fleire bandmedlemmar og endra namn til The Mugwumps, som etter kort tid vart oppløyst på grunn av pengemangel. Yanovsky skipa så The Lovin' Spoonful i lag med John Sebastian.

På denne tida trong det nye bandet til Phillips, The New Journeymen, ein erstattar for tenoren Marshall Brickman, som hadde slutta i gruppa for å skrive manus for fjernsyn. Doherty, som då var utan jobb, tok over. Etter at The New Journeymen vart oppløyst tidleg i 1965, vart Elliot invitert med til å danne eit nytt band, som vart kalla The Magic Cyrcle. Seks månader seinare, i september 1965, fekk gruppa kontrakt med Dunhill Records. Dei endra namn til The Mamas & the Papas og spelte etter kort tid inn debutalbumet If You Can Believe Your Eyes and Ears. The Mamas & the Papas-songen «Creeque Alley» omhandlar i korte drag denne soga.[3]

Seint i 1965 utvikla Doherty og Michelle Phillips eit kjærleiksforhold. Dei klarte å halde det skjult den første suksesstida til bandet. Då forholdet vart oppdaga flytta John og Michelle til sin eigen bustad (dei hadde delt hus med Doherty) og bandet fortsette å spele i lag dei neste åra før dei vart oppløyst.

Doherty gav ut eit par soloplater og singlar tidleg i 1970-åra, som Watcha Gonna Do? frå 1971 og Waiting for a Song frå 1974. Både Michelle Phillips og Cass Elliot song korvokal. Desse innspelinga vart dei siste til Elliot, som døydde av hjarteinfarkt i 1974.

I 1982 vart han med i eit attforeint The Mamas & the Papas med John og dottera Mackenzie Phillips, og Elaine «Spanky» McFarlane, som turnerte og framførte dei gamle songane og nokre nye skrivne av Philips. Doherty produserte seinare eit off-Broadway-show kalla Dream a Little Dream, som fortalte soga om The Mamas & the Papas frå hans perspektiv.

I 1993 spelte han rolla som hamnemeisteren og stemma til andre karakterar i Theodore Tugboat.[3][4][5]

I 1999 spelte han òg Charley McGinnis i 22 episodar av TV-serien Pit Pony.[6]

Ein av dei siste rollene hans var i den kanadiske TV-serien Trailer Park Boys. Filminga var ferdig berre kort tid før han døydde i 2007.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singel[7] År Adult Contemporary-lista[8]
To Claudia on Thursday / Tuesday Morning 1971 -
Watcha Gonna Do / Gathering The Words 1971 -
Indian Girl / Baby Catch The Moon 1973 -
My Song / Indian Girl 1973 -
You'll Never Know / Good Night and Good Morning 1974 #13
Simone / Simone 1976 -

«-» indikerer at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Album [9] År
Watcha Gonna Do? 1971
Waiting for a Song 1974

Film- og TV[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle Merknad
1984 Windows Billy Cooper
1992 Hurt Penguins Bilbo Roberts
Oh, What a Night Harold
1993–2001 Theodore Tugboat Harbourmaster, forteljar, Theodore, Hank, George, Emily, Foduck, The Dispatcher, forskjellige andre stemmer Stemmeskodespel
1997 Elvis Meets Nixon Vernon
Pit Pony Charley McGinnis
1998 The Real Howard Spitz Balthazar Mishkin
1999–2000 Pit Pony Charley McGinnis
2001 Prince Charming Jeweller
2004 25 Years of Skinnamarink Denny
2005 This Is Wonderland Sesong 3, episode 4
2007 Trailer Park Boys Ryan Shockneck Sesong 7, episode 10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Laing, Dave (22. januar 2007). «Obituary: Denny Doherty». the Guardian. 
  2. «Papa Doherty has a flashback» – via The Globe and Mail. 
  3. 3,0 3,1 McDonald, William (30. januar 2000). «A Rock Music 'Papa' Finds Calmer Waters As a Children's Host». New York Times. Henta 9. januar 2019. 
  4. «'Dream A Little Dream', The Musical». CBSNews.com. 24. april 2003. Henta 9. januar 2019. 
  5. «Papa's Brand-new Bag – Kids' TV». Daily News. 24. oktober 1997. Arkivert frå originalen 16. april 2009. Henta 9. januar 2019. 
  6. «Pit Pony (1999) TV series». IMDB.com. Henta 9. januar 2019. 
  7. «Albums by Denny Doherty: Discography, songs, biography, and listening guide - Rate Your Music». rateyourmusic.com. Henta 7. februar 2016. 
  8. «Denny Doherty - Chart history | Billboard». www.billboard.com. Henta 7. februar 2016. 
  9. «Denny Doherty: Album Discography». AllMusic. Henta 23. januar 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]