Denwick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denwick
Golden Moor i Denwick
Land  Storbritannia
Fylke Northumberland
Kart
Denwick
55°25′20″N 1°40′40″W / 55.4221°N 1.67782°W / 55.4221; -1.67782
Wikimedia Commons: Denwick

Denwick er ein liten landsby og civil parish (kommune) i Northumberland i England.[1] Han har 267 innbyggjarar (2011).[2] Staden ligg rundt 2 km nordaust for Alnwick.

Namnet Denwick kjem frå gammalengelsk denu, 'dal' og wīc, 'busetnad' eller 'gard'.[3] Uttalen av namnet i dag er Dénnick.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen blei planlagd og bygd på 1800-talet, ei tid med auka velstand i Northumberland, på eigedommen til hertugen av Northumberland. Det er funne spor etter busetnad frå staden frå bronsealderen.[5]

Kapellet i Denwick blei påkosta av Algernon George Percy, 6. hertugen av Northumberland i 1872, og held framleis jamleg gudstenester.[6] Dei fleste bygningane i landsbyen er eldre,[7] mellom anna Denwick House, som blei bygd i 1808 og no er verna som ein grade II-bygning.[8]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kommunen er delt i to.[9] Sjølve landsbyen Denwick ligg i hovuddelen av kommunen, nord for elva Aln, i lag med størstedelen av Hulne Park. Den fråskilde sørdelen av soknet går så langt sør som Newton on the Moor.

Denwick Burn, ei sideelv til Aln, renn forbi landsbyen i nord.

Det finst fleire verna bygningar i soknet, mellom anna Denwick Bridge,[10] Heiferlaw Tower,[11] Brizlee Tower og Hulne Priory. Fleire bustadhus er også verna med grade II.[12]

Denwick ligg på ruta til buss 418 bus, driven av Travelsure.[13] Denne ruta går mellom Alnwick og Belford.[14]

Hovudvegen gjennom landsbyen er B1340, som går direkte til Alnwick. Veggkrysset i Denwick mellom B1340 og A1 blei bygd på 1980-talet.

Folkesetnad[15]
1891 1901 1911 1921 1931 1951 1961 2001
682 662 713 668 593 441 451 266

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ordnance Survey linked data». Ordnance Survey. Henta 24. mai 2016. 
  2. ONS. «Denwick (parish)». Neighbourhood statistics. Arkivert frå originalen 11. oktober 2016. Henta 24. mai 2016.  Arkivert 2016-10-11 ved Wayback Machine.
  3. https://www.oxfordreference.com/view/10.1093/acref/9780199609086.001.0001/acref-9780199609086-e-4286?rskey=li81Ew&result=1
  4. «Broadcast English», digital.soas.ac.uk (på engelsk), s. 36, arkivert frå originalen 16. august 2021, henta 16. august 2021 
  5. «Denwick». Keys to the Past. Arkivert frå originalen 30 May 2015. Henta 29 May 2015. 
  6. «Denwick Chapel». St Michael's Church, Alnwick. Henta 29 May 2015. 
  7. «Domesday Reloaded: DENWICK HAMLET CHURCH». BBC. 1. januar 1970. Henta 29. januar 2013. 
  8. Good Stuff IT Services. «Denwick House - Denwick - Northumberland - England». British Listed Buildings. Henta 29. januar 2013. 
  9. «Keys To The Past, Ref No N13222». Keystothepast.info. Arkivert frå originalen 18. mars 2006. Henta 29. januar 2013. 
  10. «Denwick Bridge». Bridgesonthetyne.co.uk. Henta 29. januar 2013. 
  11. «Heiferlaw Tower, Northumberland, conservation report by Robin Kent Architecture & Conservation». Robinkent.com. Henta 29. januar 2013. 
  12. Good Stuff IT Services. «Listed Buildings in Denwick, Northumberland, England». British Listed Buildings. Henta 29. januar 2013. 
  13. «Station Information | Transport Direct». Transportdirect.info. Henta 29. januar 2013. [daud lenkje]
  14. «Archived copy». Arkivert frå originalen 31. januar 2013. Henta 28. januar 2013. 
  15. «Denwick CP through time | Population Statistics | Total Population». Visionofbritain.org.uk. Henta 29. januar 2013.