Denys Lasdun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denys Lasdun
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 8. september 1914
London
Død

11. januar 2001 (86 år)
London

Yrke arkitekt
Språk engelsk
Medlem av Royal Academy of Arts
Denys Lasdun på Commons
Royal National Theatre, bygt 1967-76

Denys Louis Lasdun (8. september 191411. januar 2001) var ein britisk arkitekt, fødd og død i London. Han høyrer til dei viktigaste forkjemparane for modernistisk arkitektur i etterkrigstidas Storbritannia.

Lasdun studerte ved Architectural Association School of Architecture i London og arbeidde så ei tid hos Wells Coates. Til liks med andre britiske modernist-arkitektar, som Basil Spence, Peter og Alison Smithson, var Lasdun sterkt påverka av Le Corbusier og Ludwig Mies van der Rohe, men henta òg inspirasjon frå meir klassisk arkitektur.

Hans mest kjend byggverk er Royal National Theatre i London. Bygget vert rekna som eit kroneksempel på såkalla brutalist-arkitektur, bygningar som består mykje av betong og liknande materiale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]