Norske departement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Departement i Noreg)

Departement er i Noreg ei nemning på det nivået i statsadministrasjonen som er lagt direkte inn under ein statsråd eller ein minister. Eit departement kan dekkja eitt eller fleire ulike fagområde. I andre land er regjeringsdepartementa ofte kalla ministerium. Alle departement har ein politisk leiar i regjeringa, ein statsråd eller minister, som har knytt til seg ein eller fleire statssekretærar og politiske rådgjevarar. Departementsråden er departementet sin øvste administrative leiar og er ikkje politisk vald. Under seg kan departementsråden ha til dømes ekspedisjonssjefar, avdelingsdirektørar, underdirektørar og byråsjefar. Eit departement har som si viktigaste oppgåve å gjera førebuande arbeid for regjeringa, iverksetting av vedtak, klage- og kontrollfunksjonar. Departementa har sjølvstendig avgjerdsmynde på ein del område. Eit departement kan ha lagt under seg ymse direktorat og andre statsetatar.

Norske departement[endre | endre wikiteksten]

Særleg ved regjeringsskifte hender det at organiseringa av departement vert endra på. Departementsinndelinga etter stortingsvalet i 2005 er som nedanfor.

  1. Arbeids- og inkluderingsdepartementet
  2. Barne- og likestillingsdepartementet
  3. Finansdepartementet
  4. Fiskeri- og kystdepartementet
  5. Fornyings- og administrasjonsdepartementet
  6. Forsvarsdepartementet
  7. Helse- og omsorgsdepartementet
  8. Justis- og politidepartementet
  9. Kommunal- og regionaldepartementet
  10. Kultur- og kyrkjedepartementet
  11. Kunnskapsdepartementet
  12. Landbruks- og matdepartementet
  13. Miljøverndepartementet
  14. Nærings- og handelsdepartementet
  15. Olje- og energidepartementet
  16. Samferdsledepartementet
  17. Utanriksdepartementet

Nokre tidlegare departement[endre | endre wikiteksten]

Namn Frå Til
Arbeids- og sosialdepartementet ASD 2004 2005
Administrasjonsdepartementet AD 1993 1996
Arbeidsdepartementet ABD 1885 1946
Arbeids- og administrasjonsdepartementet AAD 1998 2004
Barne- og familiedepartementet BFD 1991 2005
Departementet for familie og forbrukarsaker DFF 1956 1972
Departementet for utviklingshjelp DUH 1984 1989
Familie- og forbrukardepartementet FFD 1990 1990
Fiskeridepartementet 1946 2004
Forbruker- og administrasjonsdepartementet FAD 1972 1989
Forsyningsdepartementet 1939 1942
Forsynings- og gjenreisingsdepartementet FSD 1942 1950
Handels-, sjøfarts- og industridepartementet HD 1916 1947
Handelsdepartementet / Handels- og skipsfartsdepartementet HD 1947 1987
Helsedepartementet HD 2002 2004
Indredepartementet 1846 1903
Industridepartementet IND 1947 1987
Kyrkje- og kulturdepartementet KKD 1990 1990
Kyrkje- og undervisingsdepartementet KUD 1814 1989
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet KUF 1991 2001
Kommunal- og arbeidsdepartementet KAD 1948 1989
Kommunal- og arbeidsdepartementet KAD 1993 1997
Kommunaldepartementet KOM 1990 1992
Kultur- og vitskapsdepartementet KVD 1982 1989
Kulturdepartementet KD 1991 2001
Landbruksdepartementet 1900 2004
Løns- og prisdepartementet LPD 1955 1972
Moderniseringsdepartementet MOD 2004 2006
Nærings- og energidepartementet NOE 1993 1996
Næringsdepartementet ND 1988 1992
Olje- og energidepartementet OED 1978 1992[1]
Planleggings- og samordningsdepartementet PSD 1997 1997
Skipsfartsdepartementet SKD 1942 1945
Social- og industridepartementet
Sosialdepartementet SOS 1913 1993
Sosialdepartementet SOS 2002 2004
Sosial- og helsedepartementet SHD 1993 2001
Utdannings- og forskningsdepartementet UFD 1990 1990
Utdannings- og forskningsdepartementet UFD 2002 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Gjenopprettet i 1997