Departementet Rhône

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rhône
Våpenskjoldet til Rhône
Plassering
Plasseringa til Rhône i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 69
Region: Rhône-Alpes
Préfecture: Lyon
Sous-préfectures: Villefranche-sur-Saône
Arrondissement: 2
Kantonar: 54
Kommunar: 293
Président du conseil général: Danielle Chuzeville
Statistikk
Folketal Rangering 4.
 -2005 1 654 052
Folketettleik: 509/km²
Landareal¹: 3 249 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Rhône (frankoprovensalsk: Rôno) er eit departementet aust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Rhône-Alpes, og er kalla opp etter elva med same namn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rhône vart oppretta 12. august 1793 då det tidlegare departementet Rhône-et-Loire vart delt i dei to departementa Rhône og Loire.

Opphavleg låg Lyon så langt aust i Rhône at kommunane like aust for Lyon høyrte til nabodepartementet. Etter kvart som Lyon voks og storbyomådet gjekk over i nabodepartementet vart dette sett på som svært upraktisk. Derfor har Rhône fleire gongar vorte utvida for å få med seg forstadane til Lyon.

  • I 1852 vart 4 kommunar frå Isère innlemma i Rhône.
  • I 1967 vart 23 kommunar frå Isère og 6 kommunar frå Ain innlemma i Rhône.
  • I 1971 vart ein kommune frå Isère innlemma i Rhône.

Med desse utvidingane har arealet til Rhône auka frå 2 791 km² til 3 249 km² i dag (16,4% større).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Rhône-Alpes og grensar til departementa Ain, Isère, Loire og Saône-et-Loire.

Av elvar i departementet finn ein Rhône og Saône (som munnar ut i Rhône i Lyon).

Andre byar er Villeurbanne, som går i eitt med dei austlege forstadane til Lyon og Chaponost.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Rhodaniens.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Departementet Rhône