Department of Conservation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Department of Conservation

Logoen til det newzealandske miljøverndepartementet viser ein koru, ei tradisjonell spiralfrom frå maorikulturen.
Skipaapril 1987
HovudkontorWellington
Nettstadhttps://doc.govt.nz Sjå dette på Wikidata

The Department of Conservation (DOC), på maori Te Papa Atawhai, er Miljøverndepartementet på New Zealand, eit departement i den statlege administrasjonen. Ved sida av miljøvern tek departementet seg av kulturminne innanfor landet si naturmessige og historiske arv.[1]

Organet New Zealand Conservation Authority er ein rådgjevande instans for DOC og miljøvernministeren. Der er 13 slike råd i ulike geografiske geografiske området kring i landet, desse sørgjer for kommunikasjon og samarbeid mellom DOC og publikum.[2]

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Oversikt[endre | endre wikiteksten]

Slike skilt frå DOC er vanlege kring verna område på New Zealand.
DOC driftar mykje av infrastrukturen til villmarksturismen i landet, slik som denne hytta ved Rakiura Track.

Departmentet vart skipa i 1987, som ei av fleire reformer i offentleg teneste då lova Conservation Act 1987[3] vart vedteken med føremål å samla ein del av funksjonane til dei tidlegare statlege departementa og føretaka Department of Survey and Land Information, New Zealand Forest Service og New Zealand Wildlife Service.[4] Denne lova tilkjennegir også dei fleste av ansvarsområda og rollene til departementet.

Som ei følgje av Conservation Act vart alt statleg land på New Zealand med verna status, styrt av Department of Conservation.[4] Dette utgjer om lag 30% av landarealet på New Zealand, eller kring 8 millionar hektar av naturleg skog, tussokland (graslandskap), alpine område, våtmarker, sanddyner, estuar, innsjøar og øyer, nasjonalt verna skogareal, maritime parkar, marine reservat, nær 4000 andre reservat, elvebreidder, ein del kystlinje og mange utanskjers øyer. Alt land som departementet kontrollerer er verna, enten for å takast vare på, eller av økologiske, landskapsmessige, vitskaplege, historiske eller kulturelle årsaker, og for rekreasjon.[5]

Å satsa på rekreasjon utgjer ein stor del av kjernearbeidet til DOC, og dette omfattar oppretting og vedlikehald av leir- og rasteplassar så vel som å opparbeida og vedlikehalda robuste turruter og meir enn 1000 villmarkshytter som vert brukte av jegerar og turgåarar. DOC administrerer også Naturarvsfondet (Nature Heritage Fund), og har ansvaret for det rurale brannvernet.

I tillegg til arbeidet med å administrera landområde og sørgja for rekreasjon på New Zealand, arbeider DOC også for å ta vare på landet sin naturarv. Dette omfattar å ta vare på historiske minnesmerke innanfor offentlege verna område, bevara innfødde trua artar, kontroll av skadedyr og uønskte plantar, miljøfornying, ta vare på marine økosystem, og hjelpa eigarar av land til å ta vare på naturarven på ein effektiv måte.

Somme av metodane som er tekne i bruk for å oppnå desse måla, har ført med seg kontroversar. Somme menneske hevdar at Department of Conservation er for mykje påverka av miljøforkjemparar med kostnad for den newzealandske økonomien. Dette vert særleg hevda av somme landbruks- og industriverksemder som held til nær verna område, mange av desse har vorte påverka av avgjerder i departementet. Somme av desse kritiserte avgjerdene frå DOC har også vorte rosa for å ha oppnådd ein viss suksess, både av jordbrukarar og miljøvernarar. Programmet med kontroll av revekusu (Trichosurus vulpecula, på New Zealand kalla possum), har ført til ein tydeleg nedgang av bestanden gjennom dei siste tiåra.

DOC vart utpeika til å overvaka utbygginga av den føreslegne sykkelruta New Zealand Cycle Trail,[6] men dette arbeidet vert no først og fremst styrt av turistministeriet, men i samarbeid med DOC der dette er føremålstenleg.

Etter fleire år med reduksjon i budsjetta, kunngjorde departementet i 2013 at det ville fjerna 140 tilsette og redusera dei regionale avdelingane frå tretten til seks.[7]

Hovudkvarter[endre | endre wikiteksten]

Department of Conservation flytta inn i eit nytt hovudkvarter , Conservation House, i Manners Street i Wellington i 2006. Det er den første grøne bygningen på New Zealand som fekk som fekk ei 5-stjerners klassifisering, og har vunne ei rekkje miljøutmerkingar , mellom desse ei topp 10-plassering i Grist Magazine.[8] Staden var opphavleg eit kinosenter frå midt på 1980-talet til tidleg på 2000-talet, då det vart stengt på grunn av hard konkurranse.[9][10]

Verna landområde[endre | endre wikiteksten]

New Zealand har 14 nasjonalparkar og ei lang rekkje av anna verna landområde med ulik grad av miljøvern, totalt omtala som conservation estate.[11] Om lag ein tredjedel av dette området, som vert rekna som det mest verdfulle, er blitt verna frå gruvedrift sidan 1997 ved å vera oppført i kapittel 4 i Minerallova (Crown Minerals Act 1991), sjølv om regjeringa i 2010 føreslo fritak for somme delar av «kapittel 4-land».[11]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Department of Conservation's Annual Report for the year ended 30 June 2007, The Department’s purpose» (PDF). Wellington på New Zealand: The Department of Conservation. Henta 14. januar 2014. 
  2. «Conservation board information: New Zealand Conservation Authority and conservation boards». Department of Conservation. 9. desember 2013. Arkivert frå originalen 22. januar 2014. Henta 14. januar 2014. 
  3. «Conservation Act 1987 No 65 - Reprint as at 1 January 2014». Department of Conservation. 31. mars 1987. Henta 5. februar 2014. 
  4. 4,0 4,1 Nathan, Simon (2. mars 2009). «Conservation – a history - Changing organisations and ideas, 1985–2006». Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand. Henta 5. februar 2014. 
  5. Ian Popay (1. mars 2009). «Weeds of agriculture - Weeds in water and in ecosystems». Te Ara Encyclopedia of New Zealand. Henta 5. februar 2014. 
  6. Field, Michael (2. mars 2009). «Best job ideas in Budget round - English». Stuff. Fairfax. Henta 5. februar 2014. 
  7. «DOC to cut 140 jobs». 3 News NZ. 26. mars 2013. Henta 5. februar 2014. 
  8. 'No 9 In the World', The Wellington Company website, retrieved 5 June 2008
  9. «No9 in the World». The Wellington Company. Henta 5. februar 2014. 
  10. «Conservation House». The Wellington Company. Henta 5. februar 2014. 
  11. 11,0 11,1 Cumming, Geoff (6 March 2010). «Miners press to enter the green zone». The New Zealand Herald. Henta 5. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Department of Conservation