Departure av Journey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Departure
Studioalbum av Journey
Utgjeve 29. februar 1980
Innspelt 5. til 12. november 1979
Studio The Automatt i San Francisco
Sjanger Hardrock, progressiv rock
Lengd 37:49
Selskap Columbia
Produsent Geoff Workman, Kevin Elson
Journey-kronologi
In the Beginning
(1980)
Departure Dream After Dream
(1980)


Singlar frå Departure
  1. «Any Way You Want It»
    Utgjeve: Februar 1980
  2. «Walks Like a Lady»
    Utgjeve: Mai 1980
  3. «Good Morning Girl»
    Utgjeve: August 1980
  4. «Any Way You Want It»
    Utgjeve: September 1980
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone(positiv)[2]

Departure er det sjette studioalbumet av det amerikanske rockebandet Journey. Det kom ut 29. februar 1980 på Columbia Records.[3]

Departure var det bestseljande Journeyalbumet til då og det var første gongen dei nådde topp 10 på Billboard 200-lista, med ein åttandeplass. Albumet inneheld «Any Way You Want It», den første singelen på albumet, som nådde 23. plassen på singellista.[3]

Albumet hadde ein skarpare lyd, delvis takka vere at songane vart spelte inn «live i studio».[1] Bandet drog til studioet The Automatt i San Francisco med 19 songar, og gav til slutt ut 12 av dei.[3]

Departure var det siste fulle studioalbumet med det opphavlege medlemmet Gregg Rolie, og den nest siste innspelinga hans med bandet. Dei siste bidraga hans kom ut på Dream, After Dream, eit filmmusikkalbum til ein japansk film med same namn, som òg kom ut i 1980. Rolie var blitt lei turnélivet og valte å slutte i bandet etter å ha vore med å finne sin eigen erstattar, Jonathan Cain, som då hadde spelt i The Babys. Rolie song solovokal på ein av songane på Departure, balladen «Someday Soon».

I 1986 gav Columbia ut Departure på CD i USA og Europa.[4] Albumet vart ommastra i 1996.[5] BMG/Columbia gav ut ei ny ommastra utgåve av Departure igjen i 2006,[6] og la til bonusspora «Natural Thing» og «Little Girl».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Any Way You Want It»Steve Perry, Neal Schon3:22
2.«Walks Like a Lady»Perry3:17
3.«Someday Soon»Perry, Gregg Rolie, Schon3:32
4.«People and Places»Perry, Schon, Ross Valory5:05
5.«Precious Time»Perry, Schon4:49
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Where Were You»Perry, Schon3:01
7.«I'm Cryin'»Perry, Rolie3:43
8.«Line of Fire»Perry, Schon3:06
9.«Departure»Schon0:38
10.«Good Morning Girl»Perry, Schon1:44
11.«Stay Awhile»Perry, Schon2:48
12.«Homemade Love»Perry, Schon, Steve Smith2:54
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Natural Thing»Perry, Valory3:43
14.«Little Girl» (frå filmmusikkalbumet Dream, After Dream)Schon, Perry, Rolie5:47

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmar
Produksjon
  • Geoff Workman - produsent, lydteknikar, miksing
  • Kevin Elson - produsent
  • Ken Kessie - lydteknikar
  • Jim Welch - kunstnarisk leiar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1980 Billboard 200 (USA)[7] 8
RPM100 Albums (Canada)[8] 48
2006 Oricon Den japanske albumlista[9] 221

Singlar
År Tittel Liste Plassering
1980 «Any Way You Want It» Billboard Hot 100[7] 23
RPM100 Hit Tracks (Canada)[10] 50
«Walks Like a Lady» Billboard Hot 100[7] 32
RPM100 Hit Tracks (Canada)[11] 31
«Good Morning Girl/Stay Awhile (medley)» Billboard Hot 100[7] 55

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon År Salstal
USA RIAA 1994 3x Platina (+ 3 000 000)[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Franck, John. «Journey Departure review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 28. mai 2020. 
  2. Swenson, John (12. juni 1980). «Album Reviews: Journey - Departure». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 3. juli 2007. Henta 26. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Franck, John; Rivadavia, Ed (2008). Chris Woodstra; John Bush; Stephen Thomas Erlewine, red. All Music Guide Required Listening: Classic Rock. Hal Leonard Corporation. s. 108. ISBN 0-87930-917-2. 
  4. «1986 CD reissue: Catalog numbers CK 36339 (USA) and CDCBS 84101 (Europe)». Discogs. Zink Media. Henta 6. august 2014. 
  5. «1996 CD remaster: Catalog numbers 486667 2 (Europe) and CK 67727 (USA)». Discogs. Zink Media. Henta 6. august 2014. 
  6. «2006 CD remaster: Catalog numbers MHCP 1169 (Japan), 82876895442 (Europe) and 88697 00119 2 (USA)». Discogs. Zink Media. Henta 6. august 2014. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Departure Billboard Albums». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 28. mai 2020. 
  8. «Top Albums/CDs - Volume 33, No. 9, 24. mai 1980». Library and Archives Canada. 24. mai 1980. Arkivert frå originalen 2014-09-12. Henta 28. mai 2020. 
  9. ジャーニー - クイーンズライクのアルバム売り上げランキング (på Japanese). Oricon. Henta 27. mai 2020. 
  10. «Top Singles - Volume 33, No. 8, 17. mai 1980». Library and Archives Canada. 17. mai 1980. Arkivert frå originalen 12. september 2014. Henta 28. mai 2020. 
  11. «Top Singles - Volume 33, No. 22, 23. august 1980». Library and Archives Canada. 17. mai 1980. Arkivert frå originalen 12. september 2014. Henta 28. mai 2020. 
  12. RIAA Gold and Platinum Search for albums by Journey. Henta on 26. mai 2020.