Depolarisator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Depolarisator er eit middel til å depolarisere, det vil sei oppheve eller redusere ein polarisasjon. Ordet vert særleg nytta om middel til å redusere polarisasjonen i galvaniske element og i elektrolyseceller. Ved straumgjennomgang vil eit element polariserast ved at det vert danna spaltningsprodukt som legg seg omkring elektrodane. Dermed reduserast den elektromotoriske spenninga til elementet, og den indre resistansen (motstanden) aukar. Med ein depolarisator hindrast danninga av slike belegg.

Ei vanleg form for polarisasjon finn stad når hydrogen vert frigjort ved den positive pol. Som depolarisator nyttar ein då eit sterkt oksidasjonsmiddel som reagerer med hydrogen. I tørrelementet nyttar ein mangandioksid (brunstein), MnO2, som reagerer med hydrogen og det vert då danna vatn. Verknaden av ein depolarisator kan vere forholdsvis langsam, og eit element som etter sterk tapping synes uttømt kan få igjen spenninga si når depolarisatoren har fått verke ei stund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]